Magnhild Meltveit Kleppa:
Dagen i dag er ein stor dag for dei som vil privatisera eit av dei aller viktigaste velferdsgoda i samfunnet vårt – sjukehusbehandlinga. I dag får Arbeidarpartiet, eller nærare bestemt Arbeidarpartiet si leiing, det som dei trur dei vil. Dei kallar det ei helsereform, dei kallar det ei sjukehusreform – honnørord. Ord kan brukast til så mangt, og i dette tilfellet kan det visa seg at ordbruken inneber meir ei tildekking eller ei belysning av den prosessen som ligg i dagens lovforslag.
Mange trur at vi i dag får statlege sjukehus. Det er ei sanning med visse modifikasjonar. I same augneblinken som staten tek over som eigar, gir staten eigarskapen frå seg til sjølvstendige føretak, utan regional- eller lokalpolitisk forankring. Då blir resultatet sjukehus styrte som helsebutikkar. Det er stor fare for at lønsemda, og ikkje pasienten, blir sett i høgsetet. Det er ikkje sikkert at helsepolitikk lenger blir eit mål – det kan bli eit middel for å tena pengar, for å halda budsjetta. Pasientane kan då bli ei potensiell inntektskjelde, det syter marknadsmekanismane i innsatsstyrt finansiering og DRG-systemet for. Andre pasientar, med komplekse og samansette diagnosar som burde oppleva forbetringar i forhold til dagens situasjon, kan koma til å møta lukka dører. Dei fell utanfor prioriteringa på grunn av krav om lønsemd og budsjettbalanse. Dette er sjølvsagt ei ”worst case”-beskriving, men som ei berømt dame har sagt før meg: Vi kjenner lusa på gangen. Det skal vera profesjonelle styre, dei lokale råda skal berre ha ein rådgivande funksjon. Brukargruppene har mista sine viktige kanalar for påverknad, lokale folkevalde er fråtekne innsyn i og ansvar for befolkninga si helse og innbyggjarane sitt behandlingsbehov. Helseoppgåvene skal i stor grad fordelast etter anbods- og konkurranseprinsipp – eg siterer frå Ot.prp. nr. 66, kap. 4.19.3: ”De regionale helseforetakene vil som oppdragsgivere kunne velge om anskaffelsen skal skje gjennom anbudskonkurranse eller gjennom konkurranse gjennom forhandlinger.”
Det er all grunn til uro. Det er all grunn til å forventa at ein om kort tid, kanskje berre eit par år, høyrer innlegg i denne salen der ein krev ytterlegare profesjonalisering av styra – eit nytt honnørord for dei som vil privatisera velferdstenestene våre. Då har ikkje økonomistyringa blitt slik som fleirtalet føreset i dag. Då vil dei same partia etterspørja krefter i sjukehusstyra som ”verkeleg kan dette” med økonomistyring. Då treng vi å få private krefter inn; dei har ein heilt annan kompetanse, vil kanskje politikarar frå Framstegspartiet, Høgre og Arbeidarpartiet hevda. Då treng vi berre ei ”lita” endring i den lova som i dag blir vedteken – men berre ei bittelita endring i fyrste omgang. Sjukehusa blir delprivatiserte, ja sjølvsagt under den magiske grensa på 50 pst. 50 pst. deleigarskap vil kanskje heller ikkje vera nok for dei mest privatiseringshungrige.
Med eitt vedtak kan så det statlege ansvaret for sjukehusdrifta og spesialisthelsetenesta privatiserast. Nok er ikkje nok – jamfør ei rekkje debattar om statleg eigarskap, der staten blir nemnd som ein gjenstridig eigar som dei profesjonelle styremedlemene helst må unngå. Fristillinga frå forvaltninga er eit av dei viktigaste prinsippa for denne helsereforma, har helseminister Tore Tønne gjenteke fleire gongar. Eit lokaldemokrati som kan synast brysamt, blir borte. Fakkeltoga i Egersund og i Narvik blir ikkje lenger så synlege eller så plagsame. Ordføraren kan gå til sengs utan bekymring; ho kan ikkje gjera så mykje frå eller til dersom det blir snakk om nedlegging av lokalsjukehus.
Fristilte føretak har litt ulike resultat å visa til når det gjeld tenester for folk, særleg i distrikta. Det er ein tankevekkjar at akkurat i dag, på denne tida, avgir kommunalkomiteen ei stortingsinnstilling om distrikts- og regionalpolitikk, samtidig som lov om helseføretak, med dei følgjene det kan få for distrikta, blir vedteken i Odelstinget. Eg viser til det som har skjedd i NSB og Posten etter at dei vart juridisk sjølvstendige særlovsselskap i 1996. Langsiktig fagleg tenking og samfunnsnyttige omsyn har måtta vika for kortsiktige grep for betre ”inntening”. I fyrste omgang fekk mange betre posttenester. I desse dagar blir det meldt at følgjene av Post i Butikk er innsnevring av tenestetilbodet, men det inneber ikkje særleg høglydt sjølvkritikk frå dei som var ivrigast etter å få denne modellen.
Senterpartiet er ikkje nøgd med dagens tilbod i Helse-Noreg. Sjukehusa treng ei betre organisering internt. Det er óg behov for meir samhandling mellom sjukehusa. Ein gjennomgang av dei arbeidsoppgåvene som skal utførast i avdelingane i sjukehusa slik at rett person kjem på rett plass, er heilt nødvendig. Den samla kompetansen må nyttast betre enn i dag. Det må bli tilført tilstrekkeleg støttepersonell slik at både legar, sjukepleiarar, hjelpepleiarar og omsorgspersonell i større grad blir gitt høve til å ta direkte del i pasientbehandlinga, og ikkje blir belasta med tilleggsfunksjonar som har andre målsetjingar enn omsorg for pasienten. Og så trengst det nok meir midlar, det kan det ikkje vera tvil om.
For meg ser det ut som om sjølve pasientbehandlinga har blitt sett til sides i denne saka. Den ser ikkje ut til å vera nærmare drøfta, heller ikkje andre land sine dyrekjøpte erfaringar. Det ein best kan samanlikna med, er den modellen for sjukehusdrift som New Zealand innførte i 1993. Den reforma, blir det sagt, har gitt dyrare og dårlegare helsetenester, og i siste nummer av British Medical Journal står det at New Zealand no prøver å stilla klokka tilbake til tida før 1993.
I Senterpartiet undrar vi oss over at Regjeringa går så fort fram i denne saka, vi undrar oss over at Regjeringa ikkje vil ta seg tid til ein grundig offentleg debatt. Kvifor ikkje diskutera erfaringane frå andre land som England, New Zealand, Sverige eller Spania når lov om helseføretak betyr så store endringar for helsestellet vårt, som med eitt vedtak i dag blir lyfta ut av lokal- og regionalpolitisk forankring?
Ved nærmare ettertanke ser vi at det ikkje er rart at Regjeringa vel hurtigtempo i denne saka. Ei gjennomdrøfting, meir tid til refleksjon og ein breiare demokratisk prosess ville heilt sikkert stikka nokre kjeppar i hjula for Regjeringa. Solide organisasjonar som er politisk nært Regjeringa, har prøvd nær sagt med alle midlar å bremsa tempoet og varsla om faresignal for framtida. Men dei har møtt døve øyre. At Framstegspartiet og Høgre frydar seg i dag, er det ingen som undrar seg over. Dei har vunne ein ideologisk siger over Arbeidarpartiet i dag. Vi blir stadig minte om at ideologiane er døde, men marknadsideologien ser ut til å leva og ånda óg i dag.
Helsetenester er ikkje som andre varer. Det er ikkje gitt at styringsprinsipp som fungerer på andre område, vil fungera i helsesektoren. Det er vel ganske sikkert at bedriftsøkonomiske prinsipp ikkje vil gi meir helse for pengane.
Dei nye honnørorda no er bestillarrolle og utførarrolle. Felles kjenneteikn for modellane er lukka føretaksmønster, slik som helseføretaka som blir vedtekne i dag, auka del av stykkprisfinansiering, aukande byråkratisering, aukande ventelister og privatisering – fyrst av støttefunksjonar og mindre sentrale tenester, så av pleie og omsorg og etter kvart av kompliserte medisinske tenester – aukande barrierar for dei med kompliserte lidingar eller store omsorgsbehov, raskare utskriving og større byrder på 1.-linetenesta, auka press på personale, færre pleiarstillingar, aukande brukarbetaling.
Eg vil seinare koma tilbake til resten av innlegget mitt, men berre seia til slutt at det ikkje er eit mål for meg å få rett i mine spådommar – eg skal vera glad dersom eg tar feil. Men eg er uroleg i forhold til det vedtaket som blir gjort i dag.