Nyttig urinmikroapp med flotte bilete

Knut Asbjørn Rise Langlo Om forfatteren

Andersen, Heidi

Urinemicro

Diakonhjemmet sykehus, Avdeling for medisinsk biokjemi

Tilgjengeleg for iPhone/iPad og Android. Pris Gratis

Fleire og fleire av oss går rundt med smarttelefonar i lomma, og desse kan etter kvart brukast som hjelpemiddel i den kliniske kvardagen. Bioingeniør ved Diakonhjemmet, Heidi Andersen, har utvikla appen Urinemicro som eit hjelpemiddel for urinmikroskopering. Med seg har ho hatt legane Ludvig N.W. Daae og Tale Norbye Wien. Appen er gratis og på engelsk. Eg har prøvd ut androidversjonen på mobiltelefon.

Innhaldet er basert på European Urinalysis Guidelines. Appen inneheld ein introduksjonsdel med ein kort omtale av det basale og vidarekomne nivået for urinmikroskopi, nytten av undersøkinga og korleis preparatet skal framstillast.

Ein systematisk del er inndelt etter dei ulike funna. Ved å trykke på overskriftene kjem ein vidare til undermenyar med tekst som beskriv typiske trekk ved urinfunna, og Andersen gir eksempel på tilstandar der dei kan oppstå.

Det beste med appen er eksempelbileta, 1 – 5 eksempel per urinfunn. Bileta er av svært god kvalitet og ofte illustrert med piler. Det er totalt 188 bilete, derav er 187 erverva av forfattaren. Den store mengda gode bilete er i seg sjølv god grunn til å laste ned denne appen. I siste versjon går det også an å forstørre bileta for å sjå nærmare på detaljar.

Appen inneheld også ein test, der ein kan undersøkje sine eigne ferdigheiter i urinmikroskopi. Ein får 15 fleirvalsspørsmål med utgangspunkt i bilete av eit urinfunn. Testen kan gjennomførast på eit basalt eller vidarekomne nivå. Denne delen av appen falt også godt i smak hos meg. Konkurranse med seg sjølv eller andre kan auke læringsmotivasjonen. Testen kan fungere som repetisjon av innhaldet i den systematiske delen, og rettleie til ekstra lesing på urinfunn som ein er meir usikker på. Eit forslag til ein tilleggsfunksjon i neste versjon er å ha fasit etter endt test, linka direkte til den systematiske delen, slik at ein lettare kan slå opp usikkerheitene med ein gong.

Under mi utprøving av appen for androidversjonen har programvaren fungert raskt og fint utan avbrudd eller andre tekniske vanskar. Oppsettet og menyane er logiske og lettfattelege.

Heidi Andersen sa i eit intervju med nettsida Bioingeniøren at det eigentleg var tanken å bruke det store biletmaterialet i bokform. Det er eit spennande val å gi ut ein app i staden. Eg trur det kan vere eit godt val med tanke på målgruppa, som i tillegg til bioingeniørar og bioingeniørstudentar bør vere medisinstudentar og legar i spesialisering. Anbefalast!

Kommentarer

(0)
Denne artikkelen ble publisert for mer enn 12 måneder siden, og vi har derfor stengt for nye kommentarer.

Anbefalte artikler