Nyttig handbok om intervensjonsradiologi

Jon Egge Om forfatteren
Artikkel

Morgan, Robert A.

Walser, Eric

Handbook of angioplasty and stenting procedures

Techniques in interventional radiology. 349 s, tab, ill. Heidelberg: Springer, 2010. Pris USD 60

ISBN 978-1-84800-398-9

Målgruppa er assistentlegar og ferske intervensjonsradiologar, men boka er òg nyttig for meir erfarne intervensjonsradiologar på radiologiske avdelingar. Den er informativ og oversiktleg og eit godt oppslagsverk for alt personale som er med på intervensjonsradiologiske prosedyrar. Den bør vere tilgjengeleg som ei handbok på alle intervensjonslaboratoria i Noreg.

Det er ein europeisk og ein amerikansk redaktør. Dei har fått bidrag frå velrenommerte og anerkjende kirurgar og intervensjonsradiologar i Europa og USA. Mange av forfattarane er kjende bidragsytarar på dei store årlege intervensjonsradiologiske kongressane arrangert av Cardiovascular and Interventional Radiological Society of Europe (CIRSE).

Boka er delt opp i 25 kapittel. Den er skrive på engelsk og er kortfatta og informativ. Det er ikkje for mange illustrasjonar eller bilete. Forfattarane understrekar at du må ha ein plan A, ein reserveplan B og ein strategi for å kome ut av knipa dersom desse ikkje fungerer!

Første kapitel omhandlar basisutstyr du treng for å gjere angioplastikk og stentprosedyrar. Deretter er det eit kapitel om aktuelle medikament, tilgang til arteriar og vener. Neste er eit generelt kapitel om angioplastikk og stenting. Kapitlet som omhandlar korleis du lukkar arterien etter at du er ferdig med prosedyren, omtalar det nyaste utstyret du har å velje mellom. Dette kapitlet er detaljert og har fine illustrasjonar.

Så kjem eigne kapittel om spesielle prosedyrar frå hjerne til perifert i arteriane og venene. Prosedyrane er detaljert beskrive og oppdelt logisk og oversiktleg, med klinikk, diagnostikk, indikasjonar og kontraindikasjonar. Kva utstyr du kan bruka til dei ulike prosedyrane, er også omtala, samt fordelar og ulemper med dei. Nødvendige illustrasjonar er med her.

Korleis pasienten bør handsamast før og etter dei ulike prosedyrane, og følgjast opp etterpå, er heilt nødvendig å kunne for ein intervensjonsradiolog. Dette er vel omtalt i boka, som òg er lett å slå opp i. Det er også referansar til artiklar om dei same tema på slutten av kvart kapitel.

Viktige poeng er samla i eigne rubrikkar og med eigen farge for å vere lett å finne. Dette er gjort på same måte i heile boka.

Det som elles er bra, er at boka er veldig konkret og kortfatta. Forfattarane omtalar ikkje berre prosedyrane, men også pasientbehandlinga før og etterpå.

Anbefalte artikler