Praktisk handbok om sædanalysar

Siren Skrede Om forfatteren
Artikkel

Björndahl, Lars

Mortimer, David

Barratt, Christopher L.R.

A practical guide to basic laboratory andrology

336 s, tab, ill. New York, NY: Cambridge University Press, 2010. Pris USD 59

ISBN 978-0-521-73590-2

Dette er ei laboratoriehandbok for andrologiske laboratorium, fertilitetsklinikkar, klinikarar og andre fagfolk med interesse for mannleg fertilitet.

 Forfattarane har til hensikt å betre standardiseringa og kvaliteten på sædvurderingar og andre andrologiske laboratorieprosedyrer, samt å betre forståinga og dermed det kliniske bruksområdet av sædanalyseresultata og andre spermvurderingar.

Førekomsten av mannleg subfertilitet er aukande over heile verda. Ved utgreiing av den mannlege partnaren i eit subfertilt par vil sædanalysar gje viktig informasjon om mannen sin reproduktive funksjon. Rett bruk av sædanalyseresultata og hensiktsmessig fortolking, andre laboratorieundersøkingar og fysisk undersøking av mannen er av grunnleggjande betyding for å stille riktig diagnose og tilby eventuell vidare behandling.

Ved fertilitetsklinikkar vil resultata av sædprøvene nyttast til å velje den behandlingsforma som ein trur vil gje paret best sjanse til å lukkast. Sidan det ikkje eksisterer nokon absolutte grenseverdiar for val av behandling. og det faktum at kvaliteten på sædprepareringa også har innverknad på sluttresultatet, kan dette bidra til forvirring om sædsvaret si betyding for behandlingsutfallet. Til dømes er oligospermi og asthenospermi kvantitative termar som ikkje eignar seg som kvalitative termar av di dei i liten grad beskriv mannen sitt reproduksjonspotensiale. Forfattarane har difor utelate desse termane og oppmodar lesarane om å gjere det same. Dei ynskjer med dette å bidra til å fjerne misoppfatningar og mistydingar omkring normalområde og referanseverdiar som vert nytta ved sædanalysar.

Boka er oversiktleg og delt inn i 12 kapitlar. Etter ei grei innføring i grunnleggjande mannleg fysiologi og spermatogenese, tar forfattarane føre seg praktisk utføring av grunnleggjande og utvida sædanalysar (manuelle og dataassisterte), samt ulike funksjonstestar for spermiar. Dernest finn ein utførlege skildringar av korleis ein preparerer spermiar, frå ejakulat eller kirurgiske uttak, til bruk ved assistert befruktning, samt kryopreservering av spermiar og drift av spermbiobankar. Det er eigne kapittel om kvalitetssikring , akkreditering og risikostyring av andrologiske laboratorium, samt ei kort innføring i reproduksjonstoksikologi. Illustrasjonane er mange og gode. Fargebileta er av god kvalitet, men kunne med fordel vore plassert i tilslutnad til den aktuelle teksten.

Forfattarane gjev ein grundig gjennomgang av den vitskaplege bakgrunnen for dei ulike analysane og metodane som vert skildra, etterfølgd av grunngjevne fortolkingar av analyseresultat og metodeval. Dette kan vere nyttig i klinikarane sin dialog med laboratoria, men aller viktigast: i kommunikasjonen med pasientane og kva informasjon og råd dei bør få.

Eg kan trygt anbefale boka til andrologiske laboratorium og fertilitetsklinikkar. Den har pasienten i fokus og vektlegg kvalitet i alle ledd ved utføring av analyse- og behandlingsarbeid, samt gjev råd om korleis resultat kan presenterast i ein klinisk kontekst.

Anbefalte artikler