Kjærkomen barnebok om kreft

Liv Reidun Henriksen Hansen Om forfatteren
Artikkel

Handeland, AM.

Da pappaen til Johanne hadde kreft

51 s, ill. Sandnes: Kulturhuset Forlag, 2009. Pris NOK 149

ISBN 978-82-92579-14-5

Då far til Johanne fekk kreft, opplevde dei at det var lite litteratur retta mot barn. Denne boka er meint å kunne brukast som eit utgangspunkt når ein skal snakke med barn om kreft. Første delen vender seg direkte til barna, siste del oppsummerer gode råd til foreldra.

Boka ligg godt i handa, passe stor til å kunne lesast på senga. Teksten er illustrert med enkle, levande bilete av den vesle familien på tre, der vi følgjer dei gjennom kvardagen både på sjukehuset og heime. Språket er enkelt, lettlest. Også dei aller yngste barna vil kunne ha nytte av og forstå innhaldet. Innimellom kunne nok teksten ha vore stramma litt opp. Tjukt, godt papir gjer at boka kan lesast igjen og igjen og igjen.

Anne Marie Handeland har klart å få fram mange av dei viktigaste tema som har noko å seie for barn som pårørande ved kreft. Denne pappaen har håp om å bli frisk. Nokre av dei barna som les denne boka, vil ikkje ha same rom for håp. Kanskje trengs det ei bok til desse ungane også.

I siste delen har kreftsjukepleiar Ragnhild Stangeland summert opp råd til foreldra. Alderstilpassa informasjon er vesentleg for at barnet skal meistre eige liv i perioden der far eller mor er sjuk. Råda synes å vere relevante og godt oppdaterte. Kanskje kan dei også vere eit utgangspunkt for samtale mellom kontaktsjukepleiar og pasient/pårørande.

Dei viktigaste reaksjonane hos barn når sjukdom rammer, er lista opp og dels forklarte. Eg saknar nokre ord om parentifisering – barn som tek på seg meir ansvar enn dei burde i ei sårbar tid.

Dette er ei lita, men solid bruksbok. Ho gjev eit godt utgangspunkt for dei vaksne til å meistre den vanskelege samtalen med barna.

Dei siste sidene gjev plass til å teikne eller setje inn eigne bilete. Det opnar opp for at boka kan følgje barnet og familien gjennom sjukdomen, og bli eit viktig minne å hente fram når dagane er blitt betre igjen.

Anbefalte artikler