Pasienthåndbok om rygglidingar – ikkje eit førstevalg

Dag M. Soldal Om forfatteren
Artikkel

Jayson, MIV.

Forstå vond rygg

132 s, ill. Oslo: Exlibris, 2008. Pris NOK 99

ISBN 987-82-8173-050-2

I tillegg til informasjon frå legen eller anna helsepersonell, kan mange ryggpasientar ha god nytte av å lese populærvitskapleg stoff enten på nettet eller på papir. Denne vesle boka kunne ha vore ei god slik informasjonskjelde, og har også som målsetting å vere eit supplement til andre råd som pasientar får om rygglidingar. Diverre trur eg ikkje at ho innfrir særleg godt.

Boka har eit lite format, har plastomslag og er delvis meint til å brukast som oppslagsbok. Ordlista i registeret er omfattande slik at ein lett skal finne tilbake i teksten. Forstå vond rygg gjev informasjon om anatomi, omtalar dei vanlegaste årsakene til ryggplager og ulike former for utgreiing og terapi. Det er eit eige kapittel om smerte. Råd om eigenomsorg og trening har fått god plass. Det er også god plass i slutten av boka til «Dine sider» der pasienten kan skrive eigne notatar, spørsmål og avtaler. Diverre er sidetilvisningane i sjølve teksten ofte feil. Språket er ujevnt og prega av mange innskot, kommafeil og lange setningar. Teksten kunne ha vore betre gjennomarbeidd. Eg er ikkje overtydd om at omsetjinga er god, men har ikkje lese den engelske originalteksten. Det er ein del faktafeil som skjemmer teksten, både når det gjeld anatomi og terapi. Mellom anna står det at det er vanleg å fjerne heile mellomvirvelskiva ved prolapsoperasjonar. Sidan dette er den vanlegaste ryggoperasjonen, er det synd at slik feilinformasjon vert gjeven. Illustrasjonane er gode, men dei er så dårleg avgrensa frå teksten at dei kunne vere vanskelege å finne igjen når eg bladde om til neste side. Tydelegare rammer omkring illustrasjonane hadde etter mi meining gjeve boka betre layout. Kapittelet om nakkeplager er uhøveleg stort, og språket her er vanskeleg tilgjengeleg med mange framandord (intrusjon, avoidance). Teksten gjev meir grunnlag til uro enn tryggleik for dei som har fått nakkeslengdiagnose.

Sjølv om det neppe er intensjonen, kan boka gje eit inntrykk av at ryggen er svak og at ein må leve forsiktig for unngå «belastningar», «slitasje» og «skader». Innhaldet er nok prega av at første utgave av originalboka kom i 1997. Bøker om dette teamet må vurderast som ferskvare.

Eg trur ikkje at eg vil tilrå mine ryggpasientar denne boka. Etter mi meining gjev «Formidlingsenheten for muskel- og skjelettlidelser» (www.formi.no) mykje betre og meir oppdatert informasjon om rygg. Når ryggen krangler av Åge Indahl var også meir utfordrande og lesverdig for mange av oss som har rygglidingar (1).

Anbefalte artikler