Tuberkulosen i nord

Kolbjørn Øygard Om forfatteren
Artikkel

Ryymin, TS.

Smitte, språk og kultur

Tuberkulosearbeidet i Finnmark. 368 s, tab. Oslo: Scandinavian Academic Press, 2009. Pris NOK 298

ISBN 978-82-304-0044-9

Boka er basert på søk og leiting i arkiv og trykte kjelder. Lista over noter har 1 224 nummer, det er altså eit stort arbeid som er gjort. Tidsperspektivet er 1900 – 60, sjølv om det er liner og noter til det som hende både før og etter denne perioden. Her er innhaldsliste til eit appendiks med mellom anna tabellar og figurar, men appendikset er ikkje med i den utgåva eg fekk.

Tittelen Smitte, språk og kultur gir tankar om at det er ulik forståing av tuberkulosen i dei tre folkegruppene i Finnmark det er tale om. Det er skiftinga i administrativ og fagleg forståing dette går på, sjølv om det blir stilt spørsmål om samanheng mellom tuberkulosekampen og fornorskingslina i kulturpolitikken.

Tuberkulosen i Finnmark er hovudsaken – fordi tuberkulosen der var meir utbreidd og i periodar trua med å føre til drastisk reduksjon i folketalet. Det vart sett inn større nasjonalt engasjement i arbeidet med å få tuberkulosen under kontroll i Finnmark enn i nokon annan del av landet.

Utanom innleiing og konklusjon er det tre sakskapittel, og det er ei oppsummering i slutten av kvart av dei. Isolasjon og sivilisering, 1900 – 1920 handlar om perioden for sjukeheimane. Ein visste at tuberkulosen var smittsam og at ein basill var komen inn i kroppen. Var tuberkulosen ein sivilisasjonssjukdom? Sjukeheimar for isolasjon hindra spreiing, men kva med behandlinga?

Fra barnehelse til smittekamp 1920 – 1945: Ordskiftet om hindring av smittespreiing og oppbygging av motstandskraft med god allmenn helse heldt fram. Tuberkulinprøving kom og blei systematisert. Skjermbildefotografering kom. Her får Sophus Brochmann (1892 – 1956) ganske mykje av æra for det. Det har vore vanleg oppfatning at han berre gjennomførde det Otto Galtung (1904 – 81) hadde lagt klart.

Smittekamp og sosial helbredelse, 1945 – 1960: Dette kapitlet er om innleiinga og delvis om sluttkampen mot tuberkulosen i vårt land. Finnmark hang etter, men det vart teke spesielle krafttak her.

Smitte, språk og kultur kan vere god å slå opp i for å finne spesielle hendingar i kampen mot tuberkulosen fordi noteapparatet er så godt. I verdssamanheng er tuberkulosen framleis ein trussel, vi må ikkje gløyme det.

Anbefalte artikler