«Kom med fakta, eller ti stille»
Eg takkar for rådet,og ber raskt om ei teneste til. Kan ho forklare kva ein konserntillitsvalt er?
– Vi skal representere Akademikerne i helseføretaka, og jobbar ut frå avtaleverket. Vi passar på at prosessar går riktig føre seg, til dømes i saker som involverer tilsette i samband med omstilling og nedskjæring.
– Har du døme?
– No sit eg i eit utval som jobbar med lokalsjukehusstrategien i Helse Nord. Kva funksjonar er minimum for å kalle noko eit lokalsjukehus, og når bør ein vere ærleg og heller kalle det eit distriktsmedisinsk senter?
At det skal vere mange lokalsjukehus i Helse Nord, har Steinholt aldri vore i tvil om, heller ikkje at ein skal ha fødeavdeling på dei små sjukehusa. Då Pål Øian, tidlegare leiar for Nasjonalt råd for fødselsomsorg, i fjor konkluderte med at små fødeavdelingar kunne vere ei fare for mor og barn, vart Steinholt provosert. «Kom med fakta, eller ti stille» var overskrifta i Helgelands Blad då ho kommenterte utspelet hans.
Som konserntillitsvalt får ho sett helsevesenet frå ein ny vinkel. Har det gjort noko med synspunkta hennar?
– Nei, kjem det kontant. – Eg har berre vorte styrka i trua på eit desentralisert helsevesen. Dei fleste pasientane finn vi i primærhelsetenesta eller i lokalsjukehusa, og folk skal sleppe å reise fleire timar for å få hjelp. Framover blir det fleire eldre og fleire kronikarar. Då er det ein fordel med spreidd struktur slik at vi er nære flest mogleg, forklarer ho og legg til at i Helse Nord er det heller ikkje noko økonomisk å vinne på å legge ned lokalsjukehus, då transportutgiftene aukar veldig med aukande sentralisering.
Steinholt er oppteken av at lokalsjukehusa skal ha kvalitet. Ein skal ikkje lure folk med å sette opp eit skilt med «sjukehus» og ikkje vere i stand til å gje dei anna enn paracet og plaster.
– Men er ikkje nettopp det å halde fast på kvaliteten eit argument mot å ha mange små sjukehus? Ein blir vel raskt avhengig av vikarstafettar?
– At det skal vere så vanskeleg å rekruttere folk til små sjukehus, er ein slags sjølvoppfyllande profeti. Blir det gjenteke mange nok gonger, trur folk det er sant. Mange lokalsjukehus har god rekruttering og får nesten alltid god evaluering av turnuslegar og studentar. Det er sjølvsagt ei nedre grense for kor lite eit miljø kan vere, men det er mange måter å løyse dette på. Til dømes er det ikkje alle sjukehus som treng å ha røntgenlege på vakt, for bileta kan sendast elektronisk. Det må vere eit grovmaska nett for kva lokalsjukehusa skal innehalde, men så må ein gjere lokale tilpassingar. Behova til pasientane må vere i sentrum, så får vi andre leggje brikkene rundt. Då trur eg den rette løysinga ofte vil stå naturleg fram, seier ho med overtyding.