Dei papirlause
I etterkant av arbeidet med rapporten har Kongshavn vore spesielt oppteken av helsetilbodet for papirlause innvandrarar. I lag med Svein Aarseth frå Oslo legeforening har han intervjua legar i Buskerud og Oslo om deira erfaringar med denne gruppa.
– I Noreg er det minst 10 000 såkalla papirlause innvandrarar. Det er menneske som lever i Noreg trass i at dei har fått avslag på søknad om opphaldsløyve, eller dei har ikkje meldt seg for styresmaktene i det heile. Det er eit stort problem at det ikkje finnast noko skikkeleg regelverk for kva helsetenester desse menneska har krav på, fortel han og blar fram til kapittelet der dette er omtalt i statusrapporten.
Der kan ein lese utdrag frå pasientrettighetslova som slår fast at alle som oppheld seg i Noreg, har rett på øyeblikkeleg hjelp. Dette gjeld også papirlause innvandrarar. Utover det er reglane uklare.
– Det verkar som om politikarane ikkje vil høyre om denne gruppa; «vi kan jo ikkje lage noko regelverk for menneske som ikkje skal vere her». Det er jo sjølvsagt ein håplaus strategi, for desse menneska er her om politikarane vil eller ikkje. I dag blir dei kasteballar i systemet, for ingen veit kva ein skal gjere med dei. Frå sjukehuset får dei høyre at dei må gå til fastlegen. Men dei har ikkje rett på fastlege, så når dei kjem dit, får dei beskjed om å gå på legevakta eller til sjukehusa. Ei tid attende kom det ei gravid kvinne til legekontoret vårt. Ho hadde vore innlagt på eit sjukehus der det vart oppdaga at ho hadde hypotyreose. Ho fekk beskjed om å oppsøke fastlege for vidare oppfølging og kom til oss. Men kven skal betale for blodprøver og for medisinar? Og kven skal betale for oppfølging? Dette er jo nesten alltid fattige menneske, som bur kummerleg og har ein dårleg betalt, svart jobb.
– Kva gjer du sjølv?
– Om det er ein svært fattig person, er det opplagt at eg ikkje kan ta betaling. Det går greit sidan eg ikkje ser så mange av desse menneska, men hadde eg hatt 5 – 6 pasientar om dagen, hadde det vore eit problem. Blant fastlegane Aarseth og eg intervjua, svarte 30 % at dei ikkje tok betaling frå slike pasientar.
– Korleis meiner du regelverket skulle ha vore?
– Først og fremst ønskjer eg å få eit regelverk å forholde meg til. Mi personlege meining er at desse menneska skal ha dei same rettane til helsehjelp som alle andre, og at trygda skal betale, fortel han engasjert.
Det er spanande å høyre Kongshavn fortelje om det å vere lege for innvandrarar, både dei med og utan papir. Det er interessant å høyre meiningane til ein som har konkrete erfaringar med problemstillingar der det er lett å ha politisk korrekte og altfor generelle haldningar. Han har ingen vanskar med å innrømme at det til tider kan vere trått å ha så mange innvandrarar på fastlegelista si. Det er ikkje alltid like lett tålmodig å leite fram kva som skjuler seg bak anamnestiske opplysningar som «det er vondt i hele kroppen og alt er like ille». Også Kongshavn blir provosert over pasientar som tydeleg gjev uttrykk for at dei helst ville gått til lege i heimlandet, men må «nøye seg» med ein norsk. Tankar som «er det nødvendig å skape slikt drama?» og «kvifor kan du ikkje berre lære deg norsk?» er tankar som har svirra også i hovudet hans. At han innrømmer dette, gjer berre engasjementet hans meir truverdig.
– At eg skulle bli så engasjert i innvandrarmedisin, er heilt tilfeldig for det var tilfeldig at eg hamna på Fjell. Eg tenkte ikkje «kor kan eg jobbe med innvandrarar, det er det einaste eg vil». Mitt engasjement for innvandrarhelse er ikkje eit forsøk på å vere grei og snill; motivasjonen er at uansett kva ein driv med, så aukar trivselen om ein forsøker å gjere det bra, fortel han før han legg til at det ikkje ein gong var opplagt at han skulle bli allmennlege. – Eg er ikkje ein av dei som brenn for allmennmedisin. Eg synast det er spanande og utfordrande, for det er så mange aspekt ved jobben ein kan ta fatt i. Men det var ikkje slik at eg i tenåra bestemte meg for å bli allmennlege.