Terminologiutvikling – kulturpolitikk og sosialpolitikk

Johan Myking Om forfatteren

Ei formulering som «samarbeid mot felles mål» kan lett verka som ein floskel. Når både Tidsskriftet og Språkrådet har sett terminologiutvikling på saklista, så bør likevel samarbeidspotensialet utforskast nærare.

Illustrasjonsfoto © Images.com, Corbis/SCANPIX

Med ord frå Rudolf Nilsens penn mobiliserer Tidsskrift for Den norske legeforening i nr. 1/2008 til utvikling av norsk medisinsk terminologi (1). Sett frå språkfagleg synsstad er dette initiativet svært gledeleg. Det finst gode døme på at samarbeidet mellom terminologar og medisinske spesialistar har spela ein viktig rolle, til dømes i arbeidet med ICD-10 og andre kodeverk på 1990-talet (2). Språkrådet gav i 2005 ut eit strategidokument, Norsk i hundre! (3). Der er terminologiarbeid sterkt vektlagt, og i skrivande stund ventar vi på ei stortingsmelding om språkpolitikk som òg truleg kjem til å leggja stor vekt på slikt arbeid.

Språkrådet er statens fagorgan for språk. Det har vore gjennom ein omstillingsprosess, og har fått det tydelege mandatet å motverka det som ofte er kalla «domenetap». I målformuleringa heiter det såleis at målet er «å sikra norsk som det samfunnsberande språket i Noreg». Kampen mot domenetap er ingen kamp mot engelsk, men ein kamp for maksimalt «parallellspråkleg» kommunikasjon. Det grunnleggjande vilkåret som då må oppfyllast, er at det finst norsk terminologi for handa på alle faglege spesialiseringsnivå.

Språkrådet har organisert fire fagråd som skal vera kontaktflate mot samfunnet, og fagrådet for fagspråk og terminologi er eitt av desse fire fagråda. I mandatet heiter det at målet er å «halda oppe og utvikla eit godt fagspråk på sentrale fagområde». Det skal godt gjerast å hevda at det medisinske fagområdet ikkje står sentralt i samfunnet, og derfor kan ein slå fast at Tidsskriftet og Språkrådet har felles mål. Frå språkfagleg synsvinkel er medisinsk terminologiutvikling eit område der kulturpolitikk, sosialpolitikk og spesialisert kommunikasjon glir over i kvarandre.

Kva er så «godt» fagspråk og «god» terminologi og kven avgjer dette? Det er til sjuande og sist det medisinske fagmiljøet som forvaltar og utviklar den medisinske kunnskapen. Språkfolk (i vid meining) har derimot ein analytisk kompetanse som kan trekkjast inn på andre måtar, til dømes med systematisering og organisering av den faglege kunnskapen i oppslagsverk og andre språkverktøy. På eitt område bør Språkrådet ha stor autoritet, og det gjeld skrivemåte og normering av termar. Ingen er tente med at gapet mellom fagspråk og allmennspråk vert større enn nødvendig.

Den gamle og velprøvde oppskrifta på terminologiarbeid er derfor best: samarbeid og komplementaritet. Kanskje er det ikkje revolusjon som trengst, berre ein vedvarande dugnad.

1

Flo Å, Nylund MF, Ødegaard R. «De beste blant dere er kalt». Bli med på termutvikling. Tidsskr Nor Legeforen 2008; 128: 77.

2

Buan B. Status for terminologiarbeidet i helsesektoren. I: Hoel J, red. Hvem tar ansvaret for fagterminologien? Oslo: Språkrådet, 2005: 48 – 51.

3

Kristoffersen G, red. Norsk i hundre! Norsk som nasjonalspråk i globaliseringens tidsalder. Oslo: Språkrådet, 2005.

Kommentarer

(0)
Denne artikkelen ble publisert for mer enn 12 måneder siden, og vi har derfor stengt for nye kommentarer.

Anbefalte artikler