Minneord

Noralv Breivik, Torvald Haavik, Torgeir Haugen Om forfatterne
Artikkel

Hans Inge Howlid vart født på Folkestad i Volda 27.3.1941 og døydde i heimen Gomyra i Hareid 26.5. 2007.

Han tok sin Statseksamen i Basel 1969. Etter turnustid på Lillehammer begynte han si pediatriske karriere ved Haukeland sjukehus 1973. Allereie i 1974 var han attende på Sunnmøre, og fikk si lengste arbeidstid, ca. 20 år, ved barneavdelinga i Ålesund. I åra 1984 til 1990 var han avdelingsoverlege. Det vart bygd opp eigen neonatalseksjon med høg standard, og kom til eigen seksjon for barnehabilitering. Avdelinga fekk ein solid posisjon mellom barneavdelingane i landet, og var ei god avdeling for utdaning av nye barnelegar.

Han hadde også utferdstrong, son av ein sjømann. Det vart to år i Dei arabiske emirata, og ei kort tid i Kambodsja, for Røde Kors. Frå 1996 dreiv han barnelegepraksis i Bergen, som Barnelegen i Sentrum, einaste barnelegespesialist utanom sjukehus på Vestlandet. Han kombinerte fagleg dugleik og røynsler med stor evne til å få kontakt med folk. Det er svært mange born og foreldre som hugsar hans engasjement og entusiasme, omtanke og støtte med stor takksemd. I denne tida var han ein viktig talsmann for å betre barnehelsetenesta utanom sjukehus. Dette målbar han i skrift og tale til helsestyresmakter, barneombod, barnelegeforening og legeforening. I Praktiserende Spesialisters Landsforening var han varamann til styret.

Hausten 2003 måtte han brått slutte av på grunn av alvorleg sjukdom. Hans var òg ein svært aktiv deltakar i samfunnsdebatten. Interessa famna frå helsepolitikk og samferdselspolitikk til lokal kommunepolitikk. Det vart mange innlegg i lokalavisa. Med si tydelege formulering, direkte språk og ordval kunne han både provosere og irritere. Men det han sa og skreiv var gjennomtenkt, tufta på kunnskap og fakta. Han hadde stor interesse for det han såg skje omkring seg og vilje til å ha et ord med i laget. Dei siste åra var han aktiv talsmann for at Stadt-tunnelen skal bli realisert.

Dei siste åra vart tunge og vanskelege, prega av sjukdom, til tider med svært store plager. Det svinga mellom von og vonbrot. Men han tok vare på dei gode dagane han også hadde. Han var engasjert heilt til det siste, og kom praten i gong, kunne han raskt gløyme seg sjølv for ei stund. I desse vanskelege åra var kona Brit hans beste stød. Sonen var heime, og døtre og deira familiar kom på vitjing eller fekk besøk av morfar. Tida saman er viktig når ein skjønar kva som må kome. Nå er saknet att, men først og fremst minna.

Kollegaer og vener deler saknet og vil ta vare på minnet om ein god venn, kollega og samtalepartnar.

Anbefalte artikler