Hjelp til uheldige mødre – og andre med skadar i bekkenbotnen

Arne Bakka Om forfatteren
Artikkel

Sultan, AH

Thakar, R

Fenner, DE

Perineal and anal sphincter trauma

195 s, tab, ill. London: Springer, 2007. Pris EUR 139

ISBN 978-1-85233- 926-5

Fleire enn vi likar å tru kjenner seg sosialt hemma og skamfull over å ha bleie i trusa og vere redd for å lukte vondt – med smerter, seksuelle plager og med ein trong så akutt for å nå toalettet at teaterbesøket og bussreisa blir uoppnåeleg eller ei angstfylt oppleving. Bakgrunnen for dette ligg oftast i perineale skadar med anal sfinkterruptur under vanskelege fødslar. Seksuell mishandling og andre traumeårsaker gir naturlegvis opphav til liknande og tilsvarande skadar hos eit mindretal andre kvinner og menn, barn og vaksne.

Endeleg kjem ei bok med eit systematisk samanfatta oversyn med hovudvekt på kunnskap om primær behandling av skadar i perineum og det anale sfinkterapparatet. Det er 14 kapittel med ein god oppslagsindeks til slutt. Meir enn i andre bøker eg kjenner er dei 11 første kapitla i stand til å gi ei systematisk innføring i anatomi, patofysiologi, diagnostisering og klassifisering/gradering av skadar spesielt i høve til vaginal fødsel. Alle dei tre redaktørane har utspring frå gynekologi/obstetrikk. Det borgar for adekvat omtale av korleis perineale skadar kan forhindrast, om reparasjon av episiotomiar, handsaming av rektovaginale fistlar, sensitive og vanskelege tilhøve rundt mutilering frå kvinneleg omskjering og om behovet for «perineal clinics», som i tverrfaglege miljø kan samordne diagnostikk, behandling og omsorg for postpartale problem.

Dette er ei solid bru over til kolorektal kirurgi, som også er godt representert mellom forfattarane. Eigne avsnitt tar for seg konservativ behandling så vel som primær kirurgi ved dei akutte skadane og ymse sekundære rekonstruktive inngrep ved anal inkontinens. Det sistnemnde er nok likevel både betre og meir fullstendig gjennomgått i andre læreverk frå dei siste 10 – 15 åra.

Kapittelet om mediolegale tilhøve er mest relevant i amerikansk og britisk perspektiv, men har noko generell overføringsverde også for oss.

Boka er godt redigert. Ho er produsert i delikat form med gode skisser, figurar, bilete, tabellar og enkeltståande flytdiagram. Dessverre er det litt skjemmande at det i fleire bilete manglar piler og bokstavmarkørar som teksten viser til. Ein diskusjon om suturbruk der catgut framleis heng med, verkar litt «historisk».

Det er hyggeleg å sjå at det i ei så viktig bok også er referert til fleire norske arbeid frå gruppene rundt Gjessing, Nazir, Nordervald og Nygaard!

Boka er relativt stuttfatta (< 200 sider), men likevel innhaldsrik og stimulerande for vidare kunnskapstileigning. Ho vil nok snart finnast i dei fleste fødeavdelingar og gastrokirugiske avdelingar – og bør lesast.

Det viktigaste er den samla og i stor grad kunnskapsbaserte framstellinga av obstetriske skadar og korleis samhandlinga mellom obstetrikar, kolorektalkirurg og andre både i primærbehandling og seinare kan forhindre, eventuelt avhjelpe, alvorlege plager hos ei pasientgruppe som jamnt fortener betre – mødrene våre.

Anbefalte artikler