Immunologiske refleksjonar

Karl-Henning Kalland Om forfatteren
Artikkel

Ulvestad, E.

Defending life

The nature of host-parasite relations. 241 s. London: Springer, 2007. Pris EUR 145

ISBN 978-1-4020-5675-8

Det finst ei rekke tilnærmingar til dei vitskaplege fagfelta. Tekstbøker gir på sitt beste ein oppdatert status for symptom, funn, mekanismar, funksjonar – men representerer likevel eit situasjonsbilete. Ei historisk eller biografisk vinkling kan bringe liv og forståing inn i den vitskaplege prosessen og progresjonen. I Defending life demonstrerer Elling Ulvestad, medisinsk immunolog og mikrobiolog, kor nyttig det evolusjonære perspektivet alltid er når ein prøver å forstå komplekse biologiske system. Eit hovudmoment er at eigenskapane både til immunsystemet og til mikrobiologiske parasittar er blitt slik dei er på grunn av eit intimt samspel og ein krig som har vart i fleire hundre millionar år. Dette er rikt og konkret og mangfaldig eksemplifisert. I eit kort appendiks blir det innate og det adaptive immunsystemet konsist framstilt. Fylogenetiske analysar viser at det adaptive immunsystemet oppstod samtidig som det utvikla seg virveldyr med kjevefunksjon. Denne koinsidensen opnar for interessant innsikt. Det innate immunsystemet oppstod langt tidlegare i evolusjonen enn det adaptive. Ulvestad utviklar ein linsemetafor for å illustrere relasjonane mellom det innate og det adaptive immunsystemet. Denne illustrerer godt fokusering og spreiing av immunreponsen og innlemmar også feilregulering, som kan arte seg som allergi eller autoimmunitet.

Vitskapsfilosofiske problem er den største utfordringa. Filosofen Martin Heidegger, som det ofte er referert til, peika i 1920-åra på at vitskapen tenderer mot faktasamling framfor avklaring av omgrep og djupare relasjonar. Ulvestad refererer også til Charles Orosz, som ved årtusenskiftet framførte same kritikken – samtidig som den vitenskaplege prosessen brakte fram den første omfattande nukleotidsekvensen av menneskeleg arvestoff.

Immunologiens filosofi er i liten grad utdjupa tidlegare, og dette er eit viktig bidrag til å vise status og til å plassere immunologien i perspektiv. Det blir relatert til klassiske filosofar som Immanuel Kant og Georg W.F. Hegel, vitskapsfilosofar som Charles S. Peirce, Karl Popper og Thomas Kuhn og evolusjonsbiologar som John Maynard Smith, Ernst W. Mayr, Richard Dawkins og Stephen Jay Gould.

På same tid som dette er ei stimulerande vitskapsfilosofisk innføring gir ho også innblikk i ein viss kontrovers mellom dei vitskapsfolk som gjer oppdagingane og dei som vil tolke og forklare den «eigentlege» samanhengen. Ulvestad demonstrerer korleis metodologiske og konseptuelle avklaringar kan vise samanhengane mellom molekyl, celler, organismar og økosystem, samanhengar som no også er mål for det nye vitskapsfeltet systembiologi.

Defending life er eit gjennomarbeidd verk. Det reflekterer seg også i den systematisk oppbygde strukturen. Dei fem kapitla er alle tredelte, likeeins er alle underkapittel tredelte. Det engelske språket til Ulvestad er rikt, presist og nyansert. Ei bok er framleis beste medium for refleksjon. Denne formidlar svært innsiktsfull refleksjon frå forfattaren – på same tid er stoffet gjort tilgjengeleg på ein måte som lar lesaren vere med på desse refleksjonane.

Anbefalte artikler