Appendektomi – Berlin 1912

Endre Refsdal Om forfatteren
Artikkel

Operasjonsbeskriving på vers ser vi ikkje ofte. I den tyske litteraturen har vi likevel eit eksempel, signert den tyske lyrikaren Gottfried Benn.

Gottfried Benn (1886 – 1956) var lyrikar og essayist (1, 2). Han gjorde teneste som militærlege i to verdskrigar. I det sivile livet var han praktiserande spesialist i hud- og kjønnssjukdomar i Berlin. Diktet er henta frå debutsamlinga Morgue, som kom ut i 1912 og vekte skandale på grunn av temaet (3). Usminka skildringar frå obduksjonssalar og sjukesalar var nytt og sjokkerande på den tida. I diktet har kirurgen tittelen «Geheimrat».Det var ein ærestittel som vart gitt framståande universitetsfolk og embetsmenn. Vi ser òg at det var prøyssarånda som regjerte på operasjonsstua. Assistenten er ein yngre kollega som kirurgen passar på å setje på plass. Personen som gir anestesi er truleg ein endå yngre kollega eller kanskje ein sjukepleiar som gir eter på maske.

Diktet er omsett til norsk av Endre Refsdal og er attgjeve med løyve frå forlaget Klett-Cotta.

BLINDDARM

Alles steht weiß und schnittbereit.

Die Messer dampfen. Der Bauch ist gepinselt.

Unter weißen Tüchern etwas, das winselt.

«Herr Geheimrat, es wäre soweit.»

Der erste Schnitt. Als schnitte man Brot.

«Klemmen her!» Es spritzt was rot.

Tiefer. Die Muskeln: feucht, funkelnd, frisch.

Steht ein Strauß Rosen auf dem Tisch?

Ist das Eiter, was da spritzt?

Ist der Darm etwa angeritzt?

«Doktor, wenn Sie im Lichte stehn,

kann kein Deibel das Bauchfell sehn.

Narkose, ich kann nicht operieren

der Mann geht mit seinem Bauch spazieren.»

Stille, dumpf feucht. Durch die Leere

klirrt eine zu Boden geworfene Schere.

Und die Schwester mit Engelssinn

hält sterile Tupfer hin.

«Ich kann nichts finden in dem Dreck!»

«Blut wird schwarz. Maske weg!»

«Aber – Herr des Himmels – Bester,

halten Sie bloß die Hacken fester!»

Alles verwachsen. Endlich: erwischt!

«Glüheisen, Schwester!» Es zischt.

Du hattest noch einmal Glück, mein Sohn.

Das Ding stand kurz vor der Perforation.

«Sehn Sie den kleinen grünen Fleck? –

Drei Stunden, dann war der Bauch voll Dreck.»

Bauch zu. Haut zu. «Heftpflaster her!

Guten Morgen die Herrn.»

Der Saal wird leer.

Wütend klappert und knirscht mit den Backen

der Tod und schleicht in die Krebsbaracken.

Gottfried Benn

BLINDTARM

Alle står kvitkledde klar til aksjon.

Buken er vaska til operasjon.

Klynk under duken er avløyst av ro.

«Geheimeråden kan visst begynna no.»

Hudsnittet, lett som robåt på flo.

«Hit med peang!» Fontener av blod.

Djupare. Musklane glinsar blodige

som raude roser, friske, frodige?

Sjå! Er det puss som sprutar fram her?

Er det eit hol i tarmen der?

«Høyr, doktor, her er det eg som skal sjå!

Vekk frå lampen! Der kan De stå.

Høyr her, narkose! Skal eg operera?

Mannen skal kanskje ut og spasera?»

Brått eit klirr, og på golvet i salen

hamnar ei saks som har slege seg galen.

Og sjukesyster med englesinn

fraktar sterile tupferar inn.

«Eg finn ikkje noko i all denne driten!»

«Vekk med munnbind og heile skiten!»

«Men – herregud – kan De gje meg den glede

å halda hakane støtt der nede?»

Alt vakse saman. Endeleg funnen!

«Svijern, syster!» Stumpen brunnen.

Du hadde flaks som fekk operasjon.

Tarmveggen nærma seg perforasjon.

«Sjå på det grøne gørret i skøyten.

Om to-tre timar hadde tarmen gått fløyten.»

Bukvegg og hud blir sydd i ein fart.

Takk mine herrar!»

Salen tømest snart.

I vonbrot skjer Døden to tenner om gongen

og snik seg inn døra til kreftpaviljongen.

Gottfried Benn

Anbefalte artikler