Samarbeid er viktig
Gjennom den nye sjukehusorganiseringa har vi også fått ein ny forhandlingsmotpart, Spekter (tidlegare NAVO). Det har vore, og er, ei svært vanskeleg og viktig oppgave å prøve å etablere konstruktive samarbeidsforhold som både tar vare på dei sosiale rettane og arbeidstilhøva for legar ved sjukehusa, og legg tilhøva til rette for konstruktiv omstilling og godt fagleg arbeid. Det har vist seg naudsynt å ta i bruk mykje skarpare virkemiddel enn vi har vore vane med tidlegare, og det har vore naudsynt med eit sterkt fokus frå sentralstyret på denne prosessen. Her er også eit nært samarbeid med dei andre organisasjonane i Akademikerne naudsynt for å kunne nå desse måla.
Teieplikta er viktig for oss og pasientane våre, og den har vore og er stadig utsett for angrep frå mange hald. I mange saker har vi desse åra prøvd å styrke vernet om teieplikta. Dette har mellom anna omfatta oppretting av nye sentrale helseregistre og innretting av disse, elektroniske reseptar, trygda si bruk av journalutskrifter i blåreseptkontrollane, og forsikringsselskapa sine krav om legeerklæringar og journalutskrifter.
Gjennom rapporten vår om lokalsjukehusa, og forsvaret for breddekompetanse og faglege krav til lokalsjukehusa, har vi satt viktige premiss for sjukehusutviklinga.
Vi har fått etablert eit allmennmedisinsk forskningsfond og vore med å legge premiss for statlege løyvingar til allmennmedisinske forskningseiningar. Eg voner det vil kunne gi grunnlag for vesentleg styrking av allmennmedisinsk forskning i tida framover.