Frå framtidsmusikk til samtidsmusikk
Medisinsk genetikk var ikkje noko stort fag då Boman var student – faktisk ikkje større enn at han framleis kan sitere heile pensumet for meg: «Arvestoffet er ukjent. Dersom man kunne kjenne dette, ville man kunne gi en bedre arveprognose, men dette er ennu fremtidsmusikk.» Det seier det meste om utviklinga at det no allereie er nokre år sidan heile det menneskelege DNA var sekvensert. Boman fortel om kor spanande det har vore å vere med omtrent frå fødselen av eit fag. Samstundes har han heile tida vore oppteken av at ein skal ha eit kritisk blikk på alle nyvinningane.
– Det aller meste av det vi gjer er uproblematisk og vanleg doktorverksemd, og det er synd om hovudinntrykket skal bli at heile faget er så vanskeleg at det er noko ein helst bør styre unna. Når det er sagt – det er ein vanskeleg balansekunst å kunne nytte alle moglegheitene til fornuftig medisin samstundes som ein skal unngå dei potensielle skadeverknadane, oppsummerarar den erfarne genetikaren, som sjølv fatta interesse for faget etter å ha studert arvelege faktorar ved hjarteinfarkt.
– Kan du gje nokre døme på det som er problematisk?
– Prenataldiagnostikk har avgjort problematiske sider. Fram til i dag har denne diagnostikken i Noreg vore konsentrert kring ulike typar «risikosvangerskap». Dei fleste pasientane har vore «eldre kvinner» som er redde for å få barn med kromosomfeil. Dei har fått genetisk rettleiing slik at dei kan velje. Målet er ikkje at det skal fødast færre barn med arvelig sjukdom, men at familiane skal informerast slik at dei kan ta eigne val. Teknologien har gjort at ein no kan tilby screening til alle kvinner og bestemme risikoen hos den enkelte for at fosteret har kromosomfeil, utan omsyn til moras alder, fortel han, og legg til at dei i andre land, til dømes Danmark, har starta med dette.
– Er det så gale?
– I Noreg har vi ei bioteknologilov som set grenser for verksemda i faget. Eg har ingen problem med å slutte meg til formålsparagrafen, som seier at målet er å «sikre at medisinsk bruk av bioteknologi utnyttes til beste for menneske i et samfunn der det er plass til alle». Eg er veldig glad for at det i Noreg ikkje finst ei liste over tilstandar det ikkje er verd å leve med. For kven kan bestemme kva for tilstandar det skulle vere? Om ein byrjar med screeing av alle gravide, med målet at det skal fødast færre barn med arveleg sjukdom, vil det vere eit paradigmeskifte som tek denne delen av fosterdiagnostikken ut av faget medisinsk genetikk, fortel professoren, før han igjen understrekar kor stor pris han set på den norske bioteknologilova.
– Eg kan forstå at det ikkje er heilt uproblematisk å undersøke alle gravide for større eller mindre kromosomfeil. Men når teknologien no har kome så langt – kva med å screene alle nyfødte for risikogen for ulike sjukdomar? Hadde det ikkje vore ein god idé å få vite kva sjukdomar ein er genetisk disponert for å få?
Professoren himlar med auga. Han ser ikkje ut til å vere særleg entusiastisk. – For det første vil helsevesenet gå konkurs om stadig fleire friske menneske skal gå i kontrollopplegg for mogleg framtidig sjukdom. Og eg er meir enn skeptisk til kva slike «helseråd» vil gjere med oss som menneske. Vi er alle genetisk disponert for ei mengd sjukdomar, men å kjenne til dette i detalj vil gjere livet til eit prosjekt for å unngå dei. «Blodtypediett» ville berre vere førebokstaven, fortel Boman, som likevel er redd ein vil oppleve eit slikt scenario i nær framtid.