Ankelen til Eirik Bakke
Eg er ikkje i tvil om at Jøsendal kunne ha fylt heile intervjuet med interessante samfunnsmedisinske innspel. Same kor riktig og spanande det hadde vore, er det eitt punkt ved CV-en hans som eg ikkje vil hoppe over utan vidare.
– Stemmer det at du lege for Brann?
– Det starta hausten 2005. Då heldt eg foredrag for trenargruppa til Brann om treningsprinsipp og skader innan friidrett. Grunnen til at eg kan ein del om dette er at eg har vore friidrettstrenar i 20 år, fortel Brann-legen, som kanskje også har fått nokre tips frå kona si, som har åtte individuelle NM-gull frå mellomdistanseløping.
Etter foredraget klarte han å stille eit par riktige diagnosar; det var eit kne og ein legg som det dåverande medisinske apparatet ikkje hadde funne ut av. Kombinasjonen av foredraget, diagnostikken og ikkje minst timinga gjorde at Jøsendal «sklei inn på goodwill» til jobben som medisinsk ansvarleg i Brann.
– Kva overraska deg mest då du starta i jobben?
– At folk var så hyggelege. Frå utsida får ein uttrykk av at elitefotball handlar om store pengar og store ego. Slik var det ikkje.
– Eg tenkte meir i eit idrettsmedisinsk perspektiv.
– Åja. Eg var overraska over kor lite struktur det var. Dei trente rikeleg mengde og til faste klokkeslett, men det var for lite system på treningsinnhaldet. Dei trente likt kvar dag, utan variasjonar i intensitet, noko som trengst for å få utvikling.
– Kva gjorde du?
– Det er ikkje snakk om nokon revolusjon, for 80 % av det dei driv med er fotballspeling, men det handlar litt om korleis ein set saman treninga. Rytme i treninga har ein kome langt med innan andre idrettar, det er ingen grunn til at ein ikkje kan oppnå noko med dette også innan fotball. Til dømes legg vi økter med full intensitet, kamplikande trening, til faste klokkeslett faste dagar i veka. Når sesongen kjem, er ein vant til å prestere høgt på desse tidspunkta. Så kan ein velge lågare intensitet andre dagar. Vi har målt og sett at dette har gjeve resultat, fortel han og lar meg forstå at for Brann er det gull som gjeld komande sesong.
– Var du patriot før du fekk jobben?
– Sjølvsagt var eg det!