Ministeren

Leiv Otto Watne Om forfatteren
Artikkel

– Kan eg spørje helseministeren om alt eg vil?

– Statsråden er der for folket, og du skal spørje om alt du lurer på. Utfordringa er å få skikkelege svar, fortel min journalistkamerat meg før eg set meg på flyet til Oslo.

Foto Informasjonsenheten, Helse- og omsorgsdepartementet

Sylvia Brustad har vore stortingsrepresentant frå ho var 23 år, og dette er hennar tredje periode som statsråd. Kanskje det er difor ho sjeldan gjev spanande intervju? Ho svarar stort sett som venta, generelt og litt kjedeleg. Etter at ho vart helse- og omsorgsminister har ho forklart at ho er oppteken av forebygging, betre samhandling i helsetenesta og ikkje minst kvalitet i alle ledd.

I forkant av intervjuet har eg fått vite at eg har ein halvtime på meg, og eg forstår raskt at stoppeklokka startar idet eg stig innanfor døra på kontoret hennar i Helse- og omsorgsdepartementet. Eg presenterer meg, og Brustad smiler litt når ho får vite at eg er turnuslege ved Sentralsjukehuset i Førde.

– Så du er frå Sogn og Fjordane. Apropos sjukehusdebatt, seier ho og ler sin sjarmerande latter som har vorte kommentert i mange portrettintervju.

Kva er eigentleg problemet?

Ja, apropos sjukehusdebatt; i mitt heimfylke er den på eit historisk aggressivt nivå. Utgangspunktet for disharmoni er det aller beste med fire sjukehus på 107 000 innbyggjarar. Viljen til lokal forsoning er ikkje akkurat særs synleg. Då eg i vår jobba ved nærsjukehuset i Florø, opplevde eg fleire gonger at det første pasientane formidla, var at dei heller ville døy enn å verte overflytta til Førde. Slikt kan setje tankane i sving hjå nokon kvar, så eg ville nytte dette høvet til å stille nokre spørsmål om styring av helseføretak. Og då ein halvtime går raskt, er det ikkje noko poeng å gå rundt grauten.

– Kvifor er det eigentleg så farleg å leggje ned eit lokalsjukehus?

– Nærleik er viktig, og med busettingsmønsteret i Noreg ønskjer vi å behalde alle sjukehusa. Så må vi sjølvsagt ha arbeidsdeling på dei tinga vi treng å vere ekstra gode på, seier ho og refererer til ei undersøkjing som syner at overlevinga etter eggstokkreft aukar om ein vert operert av dei som har mest trening.

– Akkurat det illustrerer jo at det er rett å samle enkelte funksjonar, noko som kanskje ikkje er så lett å forstå for folk som demonstrerer for lokalsjukehuset sitt. Kanskje det rundt om i Noreg vert arrangert demonstrasjonar for helsetilbod som ikkje er så bra?

– Fakkeltoga uttrykkjer mykje engasjement og kjensler, og folk er redde for kva som vil skje om lokalsjukehuset blir borte. Så er det interessant å merke seg at om folk blir alvorleg sjuke, er dei villig til å reise mange mil for å kome til den staden dei trur har den beste behandlinga. Så det er ikkje alltid konsekvens i dette, men eg tar på største alvor at det er stort engasjement mange stader, også i heimfylke ditt, seier ho og smiler.

– Som du hevdar: Når folk blir alvorleg sjuke, har dei lyst til å reise til ein plass med kvalitetsbehandling. For på ny å bruke Helse Førde som døme: For å oppretthalde lokalsjukehusfunksjonar, må ein kutte ved sentralsjukehuset. Når folk eingong blir alvorleg sjuke, er kvaliteten der redusert. Hadde det ikkje vore betre for folk i Sogn og Fjordane å kutte ut eit lokalsjukehus når ein først blir pålagt å spare pengar?

– Eg trur ikkje det, og regjeringa meiner ikkje det. No er det jo styra i Helse Førde og Helse Vest som skal ta seg av enkeltdelane, så det ville vere feil av meg å gå inn på detaljar, bortsett frå at eg har kalla inn til eit ekstraordinært føretaksmøte om Sogn og Fjordane.

Dette møtet var opprinneleg planlagt til to dagar etter dette intervjuet. Hjå dei lokale bookmakarane var det låge odds for at Brustad ville gjere om Helse Vest sitt vedtak om å trappe ned ortopeditilbodet i Lærdal. Forgjengaren hennar har freda sjukehuset i Florø og fødestova i Lærdal, og det er mange som lurer på kva styra i helseføretaka eigentleg kan bestemme. – Har du forståing for at mange meiner politikarane er feige når dei ikkje tør å leggje ned sjukehus eller sjukehusfunksjonar?

– Det er heile tida mange meiningar om sjukehussektoren, men diskusjonen om ein skal leggje ned lokalsjukehus, kan leggjast død. Det står i Soria Moria-erklæringa at ingen sjukehus skal leggjast ned, så det blir feil å bruke tid på å diskutere dette vidare, konkluderer ho myndig.

Draumejobben

Eit raskt blikk på stoppeklokka gjer meg veldig einig i den konklusjonen. Kvifor ikkje bruke tida til å snakke om noko hyggeleg? I ein e-post frå Brustad sin pressekontakt står det at «statsråden gjerne vil ta opp saker ho er særlig opptatt av». Og det må ho jo få lov til.

– Ei sak vi jobbar mykje med, er sosial ulikskap innan helse. Eg er veldig oppteken av at alle skal kunne få behandling når dei treng det, utan omsyn til inntekt, kjønn og adresse. Framleis er det nokre pasientgrupper som ikkje kjem like raskt til og kanskje ikkje får like god behandling. Eg tenkjer spesielt innan psykiatri og rus, så det feltet må prioriterast høgare, fortel ho.

At det ikkje berre var tomme ord kunne ein slå fast då dei første lekkasjane frå statsbudsjettet kom.

– Er det noko du er spesielt nøgd med å ha fått til til no?

– Eg synest vi har fått til ganske mykje på kort tid, kjem det stolt. – Det å kunne gje meir pengar til sjukehusa, 600 millionar i løpet av nokre månader, var naudsynt og viktig. I statsbudsjettet for 2007 er det føreslått heile 2,2 milliardar til sjukehusa, i tillegg til at det er varsla at det i 2008 – 10 vil bli bevilga 1 milliard til invisteringar og vedlikehald. Eg er òg glad for at vi fekk 27 millionar til ei folkehelsepakke, held ho fram og forklarer at desse pengane skal gå til å betre kosthaldet og auke den fysiske aktiviteten i befolkninga.

– Er det noko du er skuffa over ikkje å ha fått til?

– Vi jobbar jo for meir enn eitt år, i første omgang for denne stortingsperioden. Det som står i Soria Moria-erklæringa har vi tenkt å gjennomføre. Sånn sett er eg ikkje skuffa over ikkje å ha fått til noko, vi jobbar jamt og trutt vidare, fortel ho og signaliserer at motivasjonen er til stades for å halde fram i jobben i lang tid.

Så var ho også veldig nøgd med å bli utnemnd til helse- og omsorgsminister. Faktisk var det sjølvaste draumejobben. I alle fall var det det ho sa i intervjua etter at Jens Stoltenberg presenterte regjeringa si. Er det framleis ein draumejobb?

– Ja, og det er fordi eg trivst med å prøve å gjere livet betre for folk. Men det er ein krevjande post, vedgår ho før ordet fakkeltog nok ein gong blir nemnt.

Når ministeren for helse blir sjuk

Uansett kor kjekt ein har det på jobb er det ingen garanti mot å bli sjukmeld. Dette gjeld også for helse- og omsorgsministrar. Brustad har to gonger vore sjukmeld den siste tida, sist gong etter å ha fått hjerneristing. – Korleis er det å verte sjuk i ein slik jobb?

– No synest eg det er vanskeleg å vere privat, men eg kan seie litt om det. Vi som er kjente opplever at den minste ting vert blåst opp noko voldsomt, og kanskje det er ekstra utfordrande i ein situasjon når du sjølv er helseminister. Sist gong eg vart sjukmeld, kunne eg lese i avisene at eg hadde fått hjernehinnebetennelse, at eg hadde gått i ein bjelke og at eg hadde fått ein spiker gjennom hovudet. Å lese slikt er spesielt. Vi lever i ei tid der det krevst at alle detaljar kjem fram, men eg har ikkje noko ønskje om at alt skal brettast ut. Så dette er ei side ved denne jobben som ikkje er noko morosam, fortel ho ærleg.

– Har rolla di som pasient gjeve deg tankar om kva som fungerer og ikkje fungerer i helsevesenet?

– Det er klart at eg har fått nokre erfaringar gjennom det som eg trur det er interessant og viktig å ha med seg. Som veldig mange andre kvinner har eg i mange år vore plaga med muskel- og skjelettlidingar. Så eg har jo prøvd helsevesenet på lik linje med andre som har vore pasientar. Vi er menneske som alle andre og kan merke sjukdomar og lidingar som alle andre. Det er vel eigentleg alt eg vil seie om dette.

Og det er var langt meir enn eg hadde trudd. Har ho lyst til å fortelle litt om kva strategi ho har for å bevare si eiga helse?

– Eg er ikkje perfekt på det området, men eg prøver å ete sunt; grovt brød, fisk, kylling og grønsaker. Og så går eg turar. Eg har faktisk fått meg skrittellar, det er det mest effektive for meg.

– Kor mange skritt blir det på ein arbeidsdag her i departementet?

– Det varierar, eg har vore oppe i 10 000.

– Inne i bygget her, spør eg forundra og ikkje reint lite imponert.

– Ikkje berre her, nei, men vi er jo ofte på turar. 10 000 skritt er jo nesten 7 km, og det klarar eg ikkje kvar dag. Men alle monner drar, og her vil eg nytte høvet til å seie at det er den første halvtimen som gjev den største helsegevinsten. Det veit vel alle doktorar frå før reknar eg med, doserer ho med eit smil.

Småprat

Med småprat av eit slikt kaliber skulle ein kanskje tru at eg har problem med å få tida til å gå. Det stemmer ikkje. Klokka tikkar vidare, og brått kjem det ei kvinne inn og fortel at det no er sju minutt før Brustad må vidare. Eg ser på lista over spørsmål eg hadde tenkt å stille, og forstår at det er på tide å endre taktikk.

– Er det lov å stille ja/nei-spørsmål?

– Du kan prøve, så får vi sjå. Det er aldri lett å seie ja eller nei, konstaterer ho utan at akkurat den opplysninga gjer meg særleg overraska.

– Har vi legemangel i Noreg?

– Det er vanskeleg å ha ei heilt bastant haldning til om vi har for mange legar i Noreg. Vi vil alltid trenge nye, så eg trur ikkje vi skal setje eit tak.

– Som turnuslege har eg ei kjensle av at det er altfor mange legar.

– Javel, er det mange om beinet, spør ho litt overraska. – Konkurranse om jobbar meiner du? – Nei, meir at vi har for lite å gjere. Det skuldast jo òg at vi har praksis på sjukehus som er så små at det nesten ikkje er pasienttilgang, seier eg som ein subtil kritikk av turnustenesta på nærsjukehuset i Florø.

– Javel. Som eg sa, eg skal ikkje ha bastante oppfatningar om det. Men eg trur at vi vil trenge fleire legar i framtida då spisskompetansen berre vil auke.

Yrkesrettleiing

Eg følgjer opp med fleire spørsmål som ganske direkte går på det eg personleg har bite meg merke i etter eit knapt år som turnuslege. Eg får vite at Brustad meiner at innsatsstyrt finansiering i store trekk driv helsevesenet i rett retning, og at ho er mindre skeptisk til alternativ medisin enn det eg er. Og når ein først har vorte personleg, kvifor ikkje ta den heilt ut?

– Eg er heilt i starten av yrkeskarrieren min. Kva val skal eg gjere for å glede ein helseminister?

– Det var eit interessant spørsmål, seier ho. – Eg håper du kan vere ein doktor som er oppteken av heile mennesket, og som har auge for pasienten heile tida. Om du blir ein slik lege, er eg veldig nøgd.

Med ein slik lege skulle ein tru at også pasientane ville verte nøgde. I alle fall om dei i tillegg får eit helsevesen med god samhandling og kvalitet i alle ledd.

Sylvia Brustad

Født 19.12. 1966 i Elverum

  • Stortingsrepresentant for første gong 1989

  • Statsråd, Barne og familiedepartementet 1996 – 97

  • Statsråd, Kommunal- og regionaldepartementet 2000 – 01

  • Statsråd, Helse- og omsorgsdepartementet 2005 –

Anbefalte artikler