0,00
Eller kanskje ikkje. For han har nok av prosjekt på gang. Rognlien pratar mykje, fort og høgt og lèt til å ha meir energi enn ein uopna boks med ginseng. Eg noterar i eit rasande tempo stikkord som dysbiose, «leaky gut»-syndrom, ad modum Miller og funksjonell omregulering. Eg får høyre om forsking frå Institute of Functional Medicine i USA, om dei immunstimulerande eigenskapane til misteltein, om samanhengen mellom candida og det økologiske miljøet i tarmen og at migrene kan kurerast både med akupunktur og med homøopati. Det er ikkje lett å henge med, og eg føler at mitt eige metningspunkt er like om hjørnet. Før eg kastar inn handkleet er det likevel eitt spørsmål eg vil ha eit skikkeleg svar på.
– Korleis går det an å vere både lege og homøopat? Urter er greit, det er jo bestefaren til moderne medisin, men korleis går det an å ha gått på eit universitet og samstundes tru at det er mogleg å gjere folk friske med ei løysing som er uttynna 1: 1030?
– Det er riktig at ein tynnar ut ei løysing så mange gonger at det ikkje går an å påvise utgangsstoffet med nokon kjemisk metode. Når dette likevel virkar, er det på grunn av ei slags overføring av informasjon frå utgangsstoffet til løysemiddelet, og den informasjonen blir brakt vidare til pasienten som får legemiddelet. Det som er mest sannsynleg, er at det skjer ei informasjonsoverføring ved hjelp av vannmolekylær struktur, forklarar han før han legg til at dette ikkje er godt dokumentert. – Men det er ikkje berre å pisse i Atlanteren og drikke det i New York for at dette skal virke. Det er avhengig av risteprosessen og kaosdanning. I fysikken er det tale om negativ tid og negativt rom, og den fortynningsprosessen kan sjåast på som negativ kjemi der ein har ein substans, og så går ein ut i den andre ustrukturerte delen og om informasjonen skal overførast, er det i andre energiformer.
Eg er framleis skeptisk. – Ein har drive med homøopati i 200 år. På denne tida har medisinen utvikla seg enormt, medan ein framleis diskuterer om homøopati i det heile tatt virkar. Er ikkje dette bevis nok i seg sjølv?
– Det er sunt at ein diskuterer om det har effekt, men det er usunt å velje det bort berre fordi ein ikkje kan forstå det. Eg kan ikkje forstå i detalj kvifor homøopati virkar, men eg har sett så mange eksempel på at det gjer nettopp det. I tillegg finnast det mange kliniske studiar som viser at det har effekt, fortel han.
Eg har med meg ei bunke med artiklar som syner det motsette. Noko seier meg at dette er ein diskusjon vi aldri vil bli ferdig med, så eg droppar å slå artiklane i bordet. Uansett er det å føretrekke ein avskjed i ein gemyttleg tone. Mellom alle omgrep eg ikkje forstår og alt eg er ueinig i, er det ikkje vanskeleg å medgje at Rognlien har nokre gode poeng. Ein treng ikkje vere det minste alternativ for å kunne slutte seg til det avsluttande sitatet hans:
– Det er viktig for meg å understrekje at det Balderklinkken driv med, ikkje skal vere noko alternativ til moderne medisin, men eit tillegg. Moderne medisin har gjort fantastiske framsteg, men eg er veldig skeptisk til den ukritiske bruken av farmakoterapi vi ser i dag. Hippokrates sa: «Først ordet, så planten og til slutt kniven.» Det prinsippet er eg redd for at vi er i ferd med å gløyme.
Tabell
Bernt Rognlien Født 15.9. 1955 i Oslo -
Cand.med. Universitetet i Oslo 1986 -
Starta Balderklinikken i 1990 -
Starta norsk akupunkturskole i 1984 (rektor 1984 – 2002) -
Leiar i norsk forening for klassisk akupunktur 1987 – 2002 -
Starta helsenettstaden Mozon.no 1999 |