Med gull i fleire disiplinar

Leiv Otto Watne Om forfatteren
Artikkel

– Eg er villig til å ofre mykje for forskinga mi, men samstundes er det mange ting eg ville ha ofra forskinga mi for også. Eg ber han kome med nokre konkrete døme, og det blir stille. Lenge. Når alt kjem til alt, er kanskje ein akademisk karriere likevel det viktigaste i livet?

Foto Gunnar Lothe

Faren til Farrukh Chaudhry hadde ein plan for sonen sin; han skulle bli lege. Denne planen var Chaudhry klar over heilt frå han var fem år gamal, og når ein gjer opp status ca. 30 år seinare, kan ein slå fast at faren sin draum har vorte oppfylt. Og det i rikt mon. I ein alder av 36 år er ikkje sonen berre lege; han har fått Kongens gullmedalje for forskinga si og er blitt leiar for si eiga forskingsgruppe.

– Eg har vore heldig, forklarar han. Men flaks og faderlege ambisjonar er ikkje åleine nok til å gjere karriere. Heilt frå då han som ung las biografiar om Edison og Pasteur har Chaudhry vore fascinert av forsking.

Kva gjer ein forskar?

– Då eg byrja på medisin, følte eg at ein som lege eigentleg ikkje produserer noko nytt, men det kan ein gjere som forskar.

Problemet var berre at han ikkje hadde noka formeining om korleis ein gjekk fram for å gjere forsking til noko meir enn ein romantisk idé. Men lysta var der like fullt, og ein dag i 1990 banka ein usikker medisinstudent varsamt på døra til anatomiprofessor Jon Storm-Mathisen.

– Eg hugsar framleis kva svar eg fekk då eg spurte om professoren hadde tid til å prate litt med meg: «Eg har aldri tid, så berre kom inn.» Det synest eg var eit flott svar!

Storm-Mathisen introduserte Chaudhry for hjerneforsking, og han vart sett til å studere signalstoff i hjernen og leite etter eit protein som pumpar signalstoffet glutamat inn til vesiklar for frigjering (1). Etter kvart nytta Chaudhry molekylærbiologiske metodar til å identifisere ein familie av protein som transporterer glutamin over cellemembranar (2, 3).

– Glutamin er den aminosyra som finst i høgast konsentrasjon i plasma og i cerebrospinalvæska og er eit sentralt molekyl i omsetjinga av nitrogen i kroppen og i sambandet mellom protein- og energistoffskiftet, forklarar han oppglødd.

Chaudhry leita lenge og grundig, og det vart ein doktorgrad ut av jobben. I tre år var han i California, og til slutt fann han proteinet han leita etter. For innsatsen vart han lønna med artiklar i prestisjetunge tidsskrift, kongen sin gullmedalje for beste norske doktoravhandling i 2002 og Young Investigator Award frå The International Society for Neurochemistry (ISN). No er Chaudhry leiar for si eiga gruppe med fire postdok- og fire doktorgradstipendiatar samt tre forskarlinjestudentar. Dei held til i Bioteknologisenteret i Forskningsparken ved Universitetet i Oslo, og delvis ved Senter for molekylærbiologi og nevrovitenskap, der Chaudhry er assosiert forskar.

– Målet no er å karakterisere proteinet. Vi har funne fire liknande protein (4). Ikkje berre i hjernen, men også i lever og nyre, der det har ei viktig rolle i samband med kronisk metabolsk acidose (5). I tillegg har glutamintransportørane ei betydning i utviklinga av tumorceller, fortel han og legg drømmande til at det kanskje kan vere mogleg å lage spesifikke blokkarar som kan brukast til å hemme kreftutvikling.

Mykje er tilfeldig

Kongen er nok ikkje åleine om å meine at forskinga til Chaudhry fortener ei gullmedalje, men at han skulle starte karrieren ved eit norsk universitet er eigentleg litt tilfeldig. For Chaudhry skulle i utgangspunktet til Noreg berre på ferie.

– Eg kom hit i lag med ei søster og mor mi for å besøke far min i nokre månader. Han hadde reist til Danmark i 1973 som reportar for ei pakistansk avis. På den tida averterte den norske stat etter arbeidsinnvandrarar, så han bestemte seg for å reise til Noreg for å leggje seg opp litt pengar før han reiste attende til Pakistan.

Men heimreisa vart stadig utsett, og etter kvart kom resten av familien etter. Utviklinga følgde det Chaudhry meiner er eit ganske typisk mønster: først vart heimreisa utsett for at ungane skulle få ei bra utdanning. Det fekk dei etter kvart, men på kjøpet vart dei såpass mykje prega av ein oppvekst i Noreg at det vart unaturleg for dei å flytte attende til Pakistan.

– Og sidan barna er det næraste foreldra har, vil dei på eit eller anna tidspunkt innsjå at dei for alltid vil få problem med å flytte attende til Pakistan, forklarar han.

Pakistanarar og skule

Heimlengten blir vonleg døyvd av at ungane får tilgang til gratis universitetsutdanning. Men om det er så vanleg i pakistanske familiar å ha store akademiske ambisjonar for ungane sine; kvifor har det inntil nyleg vore få norsk-pakistanarar på universitet?

– Ein må hugse på at dei fleste unge norsk-pakistanarar kjem frå arbeidarheimar, og det er fort gjort å hamne i foreldra sitt spor. Sjølv følte eg meg forkomen den første tida på medisinstudiet. Det verka som om alle andre hadde ein onkel eller ein far som var lege, medan eg ikkje kjende til ein einaste akademikar. Eg visste faktisk ikkje kvar universitetet låg før eg byrja der sjølv, fortel han og legg til at han berre visste om 6 – 7 andre norsk-pakistanarar på heile Blindern i den tida.

Men statistikken er i ferd med å endre seg. I Dagens Medisin kan ein lese at nesten ein av ti nye medisinstudentar ved Universitetet i Oslo er norsk-pakistanar. Det er ikkje å sjå vekk ifrå at Chaudhry har litt av æra i denne brøken. Han er kjent i det norsk-pakistanske miljøet, og mange er stolte over karrieren hans og ikkje minst at han har fått Kongen si gullmedalje. Rykta fortel at han gjerne blir brukt som eit døme når ambisiøse foreldre skal forklare borna sine poenget med å gjere ein innsats på skulen.

– Utdanning er veldig viktig, og eg brukar alle sjansar eg får til å fortelje dette til ungdom. Eg er veldig opptatt av at dei unge skal forstå kva moglegheiter det ligg i det å ta ei skikkeleg utdanning og at dei ikkje må gje opp ved første eksamen. Det er faktisk så viktig for meg å formidle dette at eg ville ha droppa eit viktig møte for å kunne stille opp. Faktisk ville eg latt det gå foran alt anna.

– Alt anna?

Nobelpris eller sjukebesøk?

I ingressen forlét eg Chaudhry der han funderte over om det finnast noko viktigare enn karriere. Og det gjer det sjølvsagt.

– Karrieremessig er eg allereie der eg kunne drømme om å kome. Drivkrafta mi er ikkje prisar, men min eigen trong til å forske. Det er viktig for meg å ivareta personlege eigenskapar; som muslim er livsmålet mitt å vere eit godt menneske. Det høyrest svulstig ut, men ein skal ikkje trenge å vere drittsekk for å gjere karriere, seier han som fekk rosande omtale i Science som ein ung og lovande forskar.

Eg snakka med venene hans, studentar og kollegaer i forkant av intervjuet, og nemninga dritsekk var ikkje i nærleiken av det som blei sagt. Istaden florerte det av karakteristikkar som omtenksom, rolig, avbalansert, audmjuk og flink. Like fullt blir han oppriktig overraska når eg fortel han at fleire av studentane hans likar han skikkeleg godt.

– Sa dei verkeleg det? Det var veldig interessant. Eg prøver nemleg å vere ein tøff rettleiar og set strenge krav til mine studentar. Vi har møte ein gong i veka, og eg fortel dei ofte at det går seint framover. For meg er det ikkje noko mål å vere populær og kul no. Eg prøver heller å lære dei gode vanar heilt frå starten av, forklarar han, og legg til som eit døme at ein fint kan klare seg med mykje mindre enn åtte timar søvn kvar natt om ein berre venner seg til det.

Eg byrjar å forstå kvifor Chaudhry har klart å gjere karriere så raskt. Sjølv meiner han at det først og fremst er dyktige rettleiarar som har æra. Jon Storm-Mathisen blir nemnt ofte.

– Han er eit fantastisk positivt menneske. I ein periode av doktorgradsarbeidet er kanskje rettleiaren din den personen du tilbringar mest tid i lag med. Om de trivst i hop, kan det bli veldig bra. Og det vart det for meg.

Men Storm-Mathisen er på langt nær den einaste som Chaudhry vil nytte høve til å takke. Det er viktig for han at professor Robert H. Edwards blir nemnt, leiaren for laboratoriet han arbeidde ved i USA, samt andre medarbeidarar der og heime. Men det stoppar ikkje der, for han nemner professorar som har lært han kliniske triks, folk som har gjeve han deltidsjobbar og mange andre som har vore hjelpsame ved ulike høve. I det heile får ein inntrykk av at Chaudhry er ein mann som meiner han har mykje å takke for.

Kvardagsfilosofi og laksesmørbrød

– Livet er tilfeldig, og det er vanskeleg å planleggje framtida. Sjølv hadde eg aldri sett for meg ein karriere som forskar; til det har eg tenkt at eg har likt klinisk praksis altfor godt. Difor var eg i tvil om eg skulle takke ja til tilbodet om å bli gruppeleiar på Biotek, men no er eg veldig glad for at eg tok jobben. På den andre sida trur eg at eg ville ha blitt nøgd uansett kva retning eg hadde slått meg inn på. Men same kor nøgd ein er med valga sine, så er det ofte slik at det er noko som må veljast vekk. Og det er ikkje lett for ein som klagar over at det er altfor mykje som er spanande i livet. Helst skulle han hatt tid til alt, og det er ikkje langt ifrå at han klarar det. Ein dag i veka jobbar han på helsestasjonen på Blindern. Han har engasjert seg i samband med jordskjelvet i Pakistan. Han jobbar for å organisere norsk-pakistanske legar og for å få fleire av dei til å vere aktive i Legeforeningen. For inntil to år sidan var han politisk aktiv. Og som ein god pakistansk son, er det han som serverer heime når faren har gjestar.

– Ein suksessrik person er ein som klarar å ivareta både karriere, vener og familie. Om ein må ofre det eine, så har ein mislukkast. Til dømes håpar eg at om ti år kan stipendiatane seie at eg gjorde ein innsats for dei og var viktig for dei medan eg rettleidde dei. Samstundes vil det vere forferdeleg om barna mine klagar om ti år på at eg aldri var heime. Det er ein balansegang, og eg ville følt meg mislukka om eg ikkje skulle klare den.

Samtalen har dreidd inn på tidsprioritering og konflikten mellom å få tid til karriere, vener og familie. Underteikna tar diskusjonstemaet innover seg og tenkjer at det kanskje er greitt å la intervjuobjektet dra heim til kone og barn. Samtalen blir avslutta ganske brått, og Chaudhry følgjer meg ut. Vi tar kvarandre i neven og ønskjer god kveld då Chaudhry brått kjem på noko viktig; han har gløymt å tilby meg te. Har eg høve til å følgje med han inn på kontoret ein liten tur så han får retta opp i dette?

Intervjuaren har ingen familie eller karriere å ta omsyn til (vener har han rettnok), så han er ikkje vanskeleg å be. Koppen med te kjem raskt på bordet og etter kvart viser det seg at Chaudhry også har nokre laksesmørbrød på lur. Medan intervjuaren forsyner seg for tredje gong utbryt verten:

Dette intervjuet vart annleis enn eg hadde sett for meg. Eg hadde venta meg at du var eldre, og eg hadde ikkje trudd at eg skulle snakke om så mykje.

Farrukh Chaudhry

Født 22. juni 1969 i Lahore, Pakistan

  • Cand.med. Universitetet i Oslo 1996

  • Dr.med. Universitetet i Oslo 2002

  • Gruppeleiar på Bioteknologisenteret og assosiert forskar ved Center for Molecular Biology and Neuroscience (CMBM), Universitetet i Oslo 2005

Anbefalte artikler