Ein lesande lege

Leiv Otto Watne Om forfatteren

Frå å hente ut ein fastsitjande placenta med pasienten liggjande på kjøkkenbordet til å hjelpe ein kvinneleg pasient med å skrive kjærleiksbrev – Per Joachim Lund fortel om varierte arbeidsoppgåver etter nesten 40 år som distriktslege. Som pensjonist har han tatt russisk mellomfag og har oversatt Bulgakov til norsk.

Foto Leiv Otto Watne

Gro Harlem Brundtland skal ein gong ha sagt at «alt henger sammen med alt». Per Joachim Lund si interesse for Russland er meir oversiktleg, den heng saman med at han på slutten av 1940-talet hadde sommarjobb som landmålar i Finnmark. Han var med på å måle opp grensa mot Russland.

– Som kjent treng ein to punkt for å måle opp ei grense, og vi hadde løyve til å krysse Pasvikelva. Då eg stod på russisk side, tenkte eg på at landet eg står på no strekkjer seg heilt til Stillehavet. Det var ei mektig kjensle.

Lund hadde med seg ei russisk ordbok på turen. Men verkeleg fart på russiskstudiane vart det ikkje tid til med det første – ikkje før han hadde jobba nesten 40 år som distriktslege.

Eit enkelt val

– Eg hadde vel eigentleg bestemt meg for å jobbe i allmennpraksis allereie før eg var ferdig på studiet. I mi korte sjukehuskarriere mislikte eg sterkt det eg oppfatta som «ansvarspulverisering». Det var ikkje alltid lett å vite kven som hadde ansvaret for pasienten, og det var mogeleg på mange vis å snike seg vekk. Eg likte godt å ta ansvar og kunne stole på eigne kunnskapar og evner.

Det skulle vise seg å vere viktige eigenskapar i Lund sin første jobb. Som distriktslege i Steigen i Nordland var det ikkje mange å konferere med, og vegen til sjukehus kunne vere lang.

– På den tida gjorde nok distriktslegane ting som ville vere utenkjeleg i dag. Eg har til dømes henta ut ein fastsitjande placenta med pasienten liggjande på kjøkkenbordet. Og som einaste lege i distriktet hadde eg i praksis aldri fri. Det høyrest rart ut no, men på den tida var det å setje seg i båten og reise til ei anna øy den einaste måten å ta seg heilt fri på.

Han har heilt rett i at det høyrest rart ut at ein måtte ta i bruk slike strategiar for å få fri. Men når ein høyrer på Lund sine skildringar frå livet som distriktslege, er det ikkje vanskeleg å skjøne at han likte seg. Og når eg spør kvifor han flytta til Steigen, er det konsise, men kryptiske svaret: – Flytte skal man jo.

Etter Steigen jobba han seks år i Lund kommune og 25 år i Gran. Lund snakkar varmt om det nære tilhøvet ein kan få til pasientane i allmennpraksis. Ein viktig verdi er tidsaspektet.

– Som distriktslege på ein liten plass over lengre tid blir ein godt kjent med pasientane sine. På godt og vondt sjølvsagt, men det er utruleg spanande å kunne følgje ein pasient og ein familie over lang tid, ja, over fleire generasjonar, fortel Lund sjølv om han innrømmer at han av og til kunne sett for seg ein karriere innan ein meir intellektuelt utfordrande grein av medisinen.

– Men det er så mange episodar som gjev glans til allmennmedisinen. Til dømes bad ein av dei yngre kvinnelege pasientane mine meg om hjelp til å skrive eit kjærleiksbrev til kjærasten hennar. Eg la meg i selen og kom med nokre innspel som tydelegvis gjorde susen. Og som takk var eg den første som fekk sjå brudekjolen som mor hennar hadde sydd.

Med slike historier i ermet er det ikkje vanskeleg å tru på Lund når han seier at han aldri seriøst har tenkt på å skifte beite.

Interesse for samfunnsmedisin

Men tilboda har vore der. Det opna seg høve for ei geriatrisk karriere etter at han i 1968 fekk publisert ein artikkel i norske gerontologiske skrifter med tittelen Helsekår for de eldre i en norsk landkommune (1). Artikkelen var basert på intervju med innbyggjarar over 70 år i Lund kommune i Rogaland.

– 98 % av dei aktuelle innbyggjarane stilte opp. I artikkelen drøfta han mellom anna om det ville vere teneleg å opprette helsestasjonar for eldre på lik line med dei ein har for born. Konklusjonen var at det var det ikkje.

Det vart likevel inga geriatrisk karriere på Lund; han likte seg allereie for godt som distriktslege. Men interesse for samfunnsmedisin har han hatt med seg i heile yrkeslivet. I Gran hadde han legekontor i rådhuset og såg tidleg fordelen med å ete matpakka i lag med rådmann og ordførar. I motsetnad til mange kollegar har Lund alltid likt dei offentlege oppgåvene og sett på dei som litt salt til den daglege grauten. At Gran hadde ein kommunelege som tok sine offentlege oppgåver på alvor, skulle vise seg å vere heldig då kommunen vart råka av noregshistoria si nest største dysenteriepidemi (2).

– Tala bleiknar litt samanlikna med den største epidemien i Noreg frå 1899 då 30 000 vart råka etter at ei gardkjerring vaska underbukser i Maridalsvatnet. Men i 1979 var det 500 dysenteritilfeller i Gran, og vi fekk etterkvart plotta inn epidemien geografisk. Det var ein plass som tok vatn direkte frå Randsfjorden og som i alle år hatt hadde pålegg om å nytte klor. Men bestyrareren var lunken til pålegget og satte til klor berre ein gong i veka. Effekten varte dessverre berre i fem dagar, og vi fekk etter kvart ei fin kurve som viste at nye sjuke hopa seg opp i dei siste to dagane i veka. Eg trur faktisk oppgåva ei stund vart nytta i undervisninga av medisinstudentar i Trondheim.

Den evige student

Tilliks med helsevesenet har universiteta hatt kvalitetsreformar der effektivitet og produksjon er dei høgste måla. For økonomar som utarbeider desse reformane, må Lund framstå som sjølvaste skrekkstudenten. Etter at han vart pensjonist, har han nemleg ivrig samla vekttal på Blindern, utan annan motivasjon enn eiga læring.

– Eg hadde lenge tenkt at eg skulle studere då eg var ferdig med yrkeskarrieren, og tenkte at eg fekk starte med russisk, seier han som trakk gjennomsnittsalderen vesentleg opp på russisk grunnfag i 1993.

Han fortel at det var ein ny og forfriskande kjensle å vere student igjen. Det var ikkje så mange som studerte russisk, og sjølv om han var den desidert eldste, vart han fullt akseptert i gruppa. I samband med grunnfaget var studentane tre veker i St. Petersburg.

– Vi budde privat og kom nær inn på dei vi budde hos, og eg har vore attende ti gonger seinare. Det har vore spanande og skremmande å sjå kor raskt eit samfunn kan endre seg. Med kommunismen sitt fall var det mange velferdsordningar som vart borte over natta, og ein stor del av befolkninga har nok fått det verre. Mellom anna var helsevesenet heilt gratis før, men no må pasientane betale litt sjølve. Eg trur at i eit velfungerande diktatur, så finn ein stor del av befolkninga seg godt til rette, og det er ikkje så sterk opposisjon som ein kanskje skulle tru. Men når det er sagt, er nok folk flest i det store og heile nøgde med endringane som har skjedd i Russland, seier Lund som påstår at han hadde lært dobbelt så mykje på halvparten av tida hadde han starta med russiskstudiane i yngre alder.

Men ein god del må han ha fått med seg, i alle fall nok til å kunne avslutte mellomfaget i 1994. I 1997 kunne han forlengje den akademiske CV-en med nok eit punkt då han gjennomførte idéhistorie grunnfag.

– Kanskje eg etter kvart har nok vekttal til å få ei cand.mag.-grad, seier han med eit smil, lukkeleg uvitande om at etter den siste kvalitetsreforma ved universitetet finst det ikkje lengre rom for noko så lite effektivt som det å kunne ta ein slik grad i eige tempo.

Lege i litteraturen

Lenge før studiane i russisk, ja, faktisk allereie før tida som medisinstudent, studerte Lund filologi. På gymnaset var han mest interessert i språk, litteratur, historie og politikk, og starta på universitetet som filologistudent. Noko defensivt påstår han at han mangla dei kreative evnene som trengtest for å få ein interessant karriere på dette feltet, og skifta til medisin då han såg at han var på god veg til å bli lektor. Men interessa for språk har han haldt ved like.

– Eg har alltid likt å file på setningane for å finne den perfekte formuleringa. Dessverre er eg ikkje så god til å finne på ting sjølv, seier han og stadfestar at det å vere lite frampå må vere ei grunnhaldning hjå han.

Men formuleringsevna er det uansett ingen tvil om, og for den litteraturinteresserte lesar av Tidsskriftet er nok Per J. Lund ikkje eit framand navn. Han har anmeldt fleire bøker, spesielt av russiske forfattarar og ikkje minst har han skrive spanande artiklar om forfattarar som også var legar (3 – 8).

– Den mest kjende er kanskje Tsjekhov, han praktiserte som lege nesten heile livet. Han hadde også tuberkulose, men han vegra seg i årevis for å la seg undersøkje av ein kollega. I brev han har skrive, kan vi lese korleis han bagatalliserer symptoma sine, sjølv om diagnosen var openberr. Kanskje ei lita påminning om at ein ikkje skal vere sin eigen lege?

Han har òg skrive om den amerikanske legen Williams, dansken Emil Aarestrup, og deira russiske kollegaer Veresajev og Bulgakov. Spesielt den sistnevnte sine litterære produksjonar har han via mykje tid.

– Mikhail Bulgakov slutta å praktisere som lege ganske tidleg. Han er mest kjent for romanen Mesteren ogMargarita, men har òg skrive nokre noveller frå tida då han jobba som ung lege i distriktet i Russland. For moro skuld og for å halde russisken ved like starta eg å oversetje nokre av desse novellene, og etter kvart vart det nok til ei lita bok. Eit legemiddelfirma såg sjansen til å skåre nokre kulturelle poeng og tok på seg å gje ut boka, forklarar han og overrekker ikkje utan stolthet eit signert eksemplar av Stålstrupen og andre fortellinger.

No held han på med ein artikkel om den franske legen og forfattaren Céline. – I tillegg til å vere lege og forfattar var han ein skikkeleg drittsekk, seier Lund med iver i stemma. Artikkelen kjem snart på trykk i Tidsskriftet og det er berre å glede seg.

Draumen er ein urolog

Så på sine eldre dagar har han sjølv blitt meir forfattar enn lege. Han nyttar likevel mykje tid på å dyrke si interesse for friluftsliv, men gjennom ein doktorklubb held han framleis kontakten med si medisinske fortid. Doktorklubben har åtte medlemmer som har kjent kvarandre frå studietida og innehar ekspertise innan mange fagfelt.

– Ein stor fordel, då ein med tida får mange skavanker. Men vi saknar ein spesialist i urologi, ein spesialitet som ville vore nyttig for mange av oss, seier han og ler hjarteleg.

At doktorklubben manglar ein urolog, for så vere. Ein litterturinteressert og skrivefør forkjempar for den offentlege allmennlegen har dei i alle fall.

Per Joachim Lund

Født 1. april 1928

  • Filologistudier ved Universitetet i Oslo 1946 – 48

  • Cand.med. samme sted 1954

  • Godkjent spesialist i samfunnsmedisin 1984

  • Godkjent spesialist i allmennmedisin 1985

  • Russisk mellomfag Universitetet i Oslo 1994

  • Idéhistorie grunnfag Universitetet i Oslo 1997

1

Lund PJ. Helsetilstand og levekår hos de eldre i en norsk landkommune. Oslo: Norske gerontologiske skrifter, 1968.

2

Lund PJ. En dysenteriepidemi. Tidsskr Nor Lægeforen 1980; 100: 1668 – 72.

3

Lund PJ. Anton Tsjekhov – lege og forfatter. Tidsskr Nor Lægeforen 1997; 117: 4424 – 31.

4

Lund PJ. Anton Tsjekhov – en selvbedrager? Tidsskr Nor Lægeforen 2000; 120: 1165 – 9.

5

Lund PJ. Manuskripter brenner ikke Tidsskr Nor Lægeforen 2001; 121: 2028 – 31.

6

Lund PJ. «Enhver Læges første Pligt er at være menneskekjærlig…» – medisinsk etikk for 100 år siden. Tidsskr Nor Lægeforen 2001; 121: 3584 – 7.

7

Lund PJ. Var det synd? Emil Aarestrup, lege og lyriker Tidsskr Nor Lægeforen 2002; 122: 1656 – 9.

8

Lund PJ. Doktor William Carlos Williams – hverdagens poet. Tidsskr Nor Lægeforen 2003; 123: 3565 – 6.

Kommentarer

(0)
Denne artikkelen ble publisert for mer enn 12 måneder siden, og vi har derfor stengt for nye kommentarer.

Anbefalte artikler