Distriktslege frå Amerika

Leiv Otto Watne Om forfatteren
Artikkel

I 1978 vart ein amerikansk student på utveksling i Lund tipsa om at ein bonde i Østerdalen trengte arbeidskraft. 14 år etterpå fekk innbyggjarane i Froland ein allmennlege med stort engasjement og merkeleg aksent.

Foto Leiv Otto Watne

– Hawr du vondt i huggu?

Om Sylfest Lomheim hadde stått på lista til Mark Fagan, ville han kanskje ha skildra dialekta til fastlegen sin som ein amerikansk variant av brattvågsdialekt med krydder frå Østerdalen. Korleis heng dette saman?

– I samband med eit bachelorstudium i geografi var eg på utveksling i Lund. Då opphaldet der var over, ville eg gjerne vere lenger i Europa, men eg måtte ha ein jobb. Ein medstudent tipsa meg om ein bonde frå ein stad mellom Alvdal og Folldal som hadde bruk for folk. Eg reiste dit og var der i fem månader. Det var eksotisk. Og veldig kaldt! Eg jobba i skogen, passa sauer og likte meg veldig godt, faktisk så godt at eg kom attende om somrane i 4 – 5 år.

Rumper og EKG

Mark Fagan lærte seg norsk i Østerdalen, og då han kom attende til Noreg i 1987, var det for å slå seg ned for godt. Han var då gift med Jorid, ei norsk jente han traff medan ho var au pair i New Hampshire. Han hadde utdanna seg til lege og gjort unna den amerikanske turnustenesta etter eit år på eit sjukehus i Seattle og eit halvt i allmennpraksis i ein eskimolandsby i Alaska. Full av virkelyst såg han fram til å jobbe som lege i Noreg. Entusiasmen vart raskt snudd til frustrasjon.

– Eg hamna i ein «catch 22»-situasjon – for å få jobb trengte eg arbeidsløyve, og for å få arbeidsløyve trengte eg ein jobb. Det nytta ikkje å forklåre potensielle arbeidsgjevarar at berre dei kunne gje meg ein garanti på at eg fekk jobb hjå dei, så kunne eg få arbeidsløyve på dagen. Til slutt endte eg opp med å jobbe som pleiehjelpar ved hjartemedisinsk avdeling ved Aker universitetssykehus. Der vaska eg rumper medan eg hjalp assistentlegane med å tolke EKG.

Assistentlegane var nok nøgd med ekstraservicen frå den amerikanske pleiehjelparen, men for Fagan var det naturleg nok frustrerande ikkje å kome i gong med legegjerninga. Eit vikariat ved kardiologisk avdeling ved Ullevål vart til slutt redninga.

Kvifor Noreg?

For Jorid var det ikkje aktuelt å jobbe i USA. Mark Fagan hadde mange kontaktar i Noreg frå tida i Østerdalen, og det var ikkje vanskeleg å få overtalt han til å busetje seg på austsida av Atlanteren.

– Eg var ung og eventyrlysten, så det var eigentleg ikkje ei vanskeleg avgjersle å ta.

Etter å ha gjennomført distriktsturnus i Brattvågen fekk han tilbod om eit seks månaders vikariat ved kirurgisk avdeling ved sjukehuset i Arendal. Sørlandet var ein del av Noreg han ikkje hadde vitja, og for dei eventyrlystne er slikt eit tungtvegande argument for å takke ja.

– Eg jobba på kirurgen i Arendal i to og eit halvt år. Der likte eg meg veldig godt, seier han.

Diverre for kollegaene tykte Fagan den tøffe vaktbelastninga vart vanskeleg etter at han blei far for første gong. I 1992 vart difor sjukehuskarrieren avslutta, og han starta som allmennlege i Froland.

Noreg endrar seg

Det var ikkje berre lett å vere amerikanar i Noreg i slutten av 1980-åra. Mange hadde sterke meiningar om USA og amerikanarane si rolle i internasjonale konfliktar. Framleis irriterer det Fagan at ikkje alle er klar over at USA er eit veldig stort land med eit enormt mangfald.

– Mange nordmenn har et bilete av den typiske amerikanar som ein som stemmer på Bush og er fra Midtvesten. Det er eit bilete som eg kjenner meg veldig lite igjen i – eg har ikkje særleg mykje sams med den typiske teksanar, seier han og lar det skinne igjennom at det ikkje akkurat var hans favoritt som vann presidentvalet i november 2004.

Han meiner at ulikskapane mellom Noreg og USA er i ferd med å bli viska ut.

– Då eg jobba på gard i Østerdalen, var det verkeleg som å reise attende i tid. Også det å flytte til Oslo etter å ha budd i Seattle var ein stor overgang. På den tida fantest det ikkje ein einaste kaffibar i Oslo, og utvalet av eksotiske varer i butikkane var magert. Eg oppdaga Grünerløkka veldig tidleg, for å seie det slik. Men Noreg har vorte mykje meir urbant dei siste åra. Den mest slåande endringa er likevel auken i levestandard. Den har vore nesten skremmande stor.

Avspasering – kva er det?

Om dei kulturelle ulikskapane blir mindre, er det uansett langt frå frå Aust-Agder til Amerika. Mark Fagan skulle gjerne ha hatt familien nærare.

– Eg kjem frå ein stor familie og skulle ønskje at barna mine kunne fått sett meir til slektningane i Amerika. Men eg har livet mitt i Noreg, og det viktigaste er jo uansett å vere nøgd med kvardagen sin. Det å lengte attende til USA blir på ein måte som å lengte attende til då ein var ung, det er fåfengt. Å vere tokulturell er både ein rikdom og eit sakn.

Eitt synest i alle fall udiskutabelt – profesjonelt er Mark Fagan svært nøgd med at han drog til Noreg.

– I USA er arbeidsmengda som lege usunt tøff – dei første seks månadane av turnustenesta mi i Seattle jobba eg alle dagane. Då eg kom til Noreg og ringte heim til mine amerikanske studiekameratar, hadde eg store problem med å forklare uttrykket «avspasering». For det første finst det ikkje noko godt engelsk ord å omsette det med. For det andre var sjølve tanken på å få fri fordi ein hadde jobba overtid heilt uforståeleg for mine amerikanske kollegaer, seier Fagan og trekk fram mai månad som eit ekstremt døme på skilnaden mellom USA og Noreg.

Geografi for risikabelt

Med ei slik arbeidsmengd er det nærliggjande å spørre kvifor nokon i det heile tatt vil bli lege «over there».

– Eg likte godt geografi, og vurderte sterkt å gå vidare innan det faget. Men det er risikabelt å satse på ei akademisk karriere i USA. Konkurransen om stipend og stillingar er hard. Ein kamerat av meg drøymde om at vi i lag skulle etablere vår eigen klinikk i Alaska, og han utfordra meg til å søkje på medisin.

Medan Fagan grubla over framtida, jobba han mellom anna eit halvt år på ein sauefarm i Australia. Om det var dette som inspirerte han til ei karriere innan helsevesenet skal vere usagt, i alle fall byrja han i 1982 på medisinstudiet i Dartmouth.

I USA er det dyrt å vere student. Universiteta tar seg godt betalt for å lære frå seg akademiske løyndomar. Då Mark Fagan kom til Noreg, hadde han eit studielån på 80 000 dollar.

– Dollaren var på den tida verd 9 kroner, og eg var utan fast jobb og eigedom. Det var difor litt rart å høyre nordmenn klage over gjelda si til Lånekassa. Og då eg høyrde kva studielånet ofte gjekk til, vart det nesten provoserande. Mine 80 000 dollar var utelukkande pengar eg hadde betalt for å få sitje på skulebenken. Daglege utgifter måtte eg dekkje utanom, så eg jobba heile studietida, blant anna som bartender, oppvaskhjelp og keramikkinstruktør.

– Keramikkinstruktør?

– Ja, faktisk dreiv eg mykje med keramikk ein periode. Eg hadde utstilling og selde ein del. Eg skulle gjerne ha halde fram med dette, men det krev ein del utstyr. Kanskje ein gong i framtida?

Roing og gjærbakst

Keramikkinstruktør, sauegjetar, skogsarbeidar og amerikanar med språkøyre – dr. Fagan har nok meir enn gjennomsnittleg av både tiltak og talent. Imponerte vener kan fortelje at han er ein dyktig kokk, at han leverer sjølvproduserte julepresangar og at han er svært glad i noko så gamaldags som å skrive brev. Som for å prove at mine informantar snakkar sant, bakar han i løpet av tida intervjuet varer gjærbakst av ei mengd eit middels bakeri verdig.

Av sine mange talent var det idretten Fagan satsa hardast på i ungdommen. I si tid var han veldig nær ved å kome med på det amerikanske landslaget i roing.

– Medan eg var student, rodde eg i firar utan styrmann. Vi gjorde det bra og vann alle stemna vi stilte opp i, inkludert den amerikanske universitetsmeisterskapen. Då eg var ferdig bachelor i geografi, tok eg fri eit år frå studiane for å prøve å kome på rolandslaget. Uttaket vart avgjort på klassisk amerikansk måte – eitt løp avgjorde, det hadde ingenting å seie kva ein hadde prestert resten av året. Diverre vart eg sjuk akkurat den dagen uttaket var. Og det var det.

Trass i mange merittar er det ikkje så lett å få han til å prate om idrettsprestasjonane sine. Rykta seier at han er ein svært habil løpar, og at han satte ein solid støkk i løpseliten i Arendal då han stilte opp i eit lokalt løp rett etter at han hadde flytta dit. Den same ryktespreiaren meiner å vite at han har sprunge Boston Marathon på godt under tre timar, men han er ikkje særleg lysten på å fortelje om rekordane sine.

– Eg er 47 år, og tida med aktiv idrett er over. Det er eigentleg litt synd når eg tenkjer på det. På den andre sida er det lite som er så patetisk som 45-åringar som masar om rekordar, seier han.

Sjølv om tida som aktiv idrettsutøver er over, prøver Mark Fagan å halde seg i form. Ei tid nytta han ein kombinasjon av to transportmiddel for å kome seg frå Tromøya til jobb i Froland – kano og sykkel. Kreativitet med tanke på trening er nok ikkje dumt, for han har eit stramt tidsskjema.

– No for tida har eg ein hobby som er ganske så altoppslukande, seier han og nikkar fornøgd mot stova, der to av borna hans leikar.

Fag og familie

Mark Fagan har fire ungar, og yngstemann har ikkje fylt eitt år enno.

– Eitt aspekt med å få ungar relativt seint er at ein berre skjønar korleis ein må prioritere. Det kjem av og til spanande faglege tilbod der den umiddelbare tanken er å takke ja. Men for meg er det vanskeleg å vere vekk frå familien meir enn ein dag i månaden. Det høyrest veldig lite, men vi har fire born og har ikkje veg heilt fram til huset, seier han. Sjølv er han eldst av åtte søsken.

Og om tidsskjemaet er aldri så stramt, er Mark Fagan oppteken av at forsking i allmennpraksis er viktig for å gjere det faglege nivået høgare. Eit allmennpraktikarstipend gjorde at han fekk høve til å granske haldninga blant legar til å gje antibiotika til bronkittpasientar (1). No er han i gang med eit nytt prosjekt.

– Vi skal sjå på ulike aspekt knytta til handsaminga av pasientar med infeksjonsutløyst hoste. Ei målsetting er å finne ut kva pasientane ventar seg når dei oppsøkjer lege, forklarer Fagan, som er rettleiar for medisinstudentar frå Oslo på utplassering i allmennpraksis.

Funne sin plass

Vi bryt opp frå kanelbollar og sjølvkverna kaffi og gjer oss klåre for å gå ut i det flotte vintervêret. Familien Fagan bur på Skillsøy i eit sjarmerande gamalt trehus med eiga brygge og utsikt til Arendal. Mark Fagan held fram med å prate medan han kler på minstejenta og plasserer den yngste sonen trygt i bæremeisen.

– Fagleg engasjement kan lett kome i konflikt med familien, det blir problem å få tid til begge deler. Men slike prioriteringsspørsmål var vanskelegare då eg var yngre. Og uansett – kva skal eg eigentleg med ei doktorgrad? Eg har funne min plass i distriktet.

Mark Fagan

Fødd 11. juni 1958 i Providence, Rhode Island, USA

  • Bachelor i geografi ved University of Dartmouth College, New Hampshire, 1980

  • MD University of Dartmouth College, New Hampshire 1986

  • Spesialist i allmennmedisin 1997

Anbefalte artikler