Ein annleis banksjef

Leiv Otto Watne Om forfatteren
Artikkel

Som sjef for Andrologisk laboratorium har Trine Haugen til ei kvar tid vore sikra interesse frå journalistar på jakt etter artige overskrifter. Aldri har interessa vore større enn i fjor haust.

Foto Marit Tveito

I september 2004 vart det oppretta to sædbankar i Noreg, ein i Haugesund og ein ved Rikshospitalet. Årsaken til Trine Haugen si auka medieeksponering er at ho er sjef for den sistnemnde.

Donorsædhistorikk

Bakgrunnen for at det vert oppretta sædbankar i Norge, er eit stortingsvedtak som førte til at sæddonorar frå 1.1. 2005 mista retten til anonymitet (1). Argumentet for denne lovendringa er at FN sin barnekonvensjon frå 1989 slår fast at barnet har rett til å få vite det biologiske opphavet sitt. Trine Haugen har vore med i ei faggruppe som i samarbeid med Sosial- og helsedirektoratet har utarbeidd retningslinjer for organisering av sædbank med gjevarar som kan identifiserast (2).

– I byrjinga var det frustrerande å høyre politikarar som uttalte seg skråsikkert i denne saka utan å vite kva ho gjekk ut på. Mange forstod ikkje at det å endre lovverket kunne påverke eit tilbod i negativ retning. Sjølv tenkte eg til å byrje med at sidan vi ikkje klarte å opprette ein sædbank tidlegare, kvifor skulle vi klare det no? Men dette var ei defensiv haldning, og eg fekk snart større tru på prosjektet, forklarar ho ærleg.

I Noreg har det vore nytta donorsæd heilt attende til 1930-talet. På den tida var dette rettnok ikkje særleg regulert. Ein nytta fersk sæd og oftast var det medisinstudentar som etter forelesing vart oppmoda til gjevarglede. I løpet av første del av 1990-talet vart det stilt strengare krav til infeksjonstesting av sæden. Ein måtte byrje å fryse han ned og i 1995 starta ein arbeidet med å opprette ein sædbank for å dekkje behovet for donorsæd til barnlause par. Det viste seg at det ikkje skulle vere så lett.

– Ein prøvde å rekruttere studentar frå høgskular og universitet. Kampanjar viste seg å ha forbigåande effekt, og i 1995 gav vi opp forsøket med å rekruttere norske donorar og byrja å importere sæden frå eit kommersielt selskap i Danmark (Cryos). Fram til i dag har difor all donorsæd kome frå Danmark, seier Haugen.

Men frå 1.1. 2005 er det altså eit krav at donor skal kunne oppsporast. I praksis vil det seie at donorane må vere norske statsborgarar eller ha busetjingsløyve i Noreg. Det vert difor ikkje lenger aktuelt å importere sæd frå Danmark, og frå september i fjor har ho arbeidd for å finne donorar til sædbanken.

0,03 % og favorittdonoren

Kvart år er det 500 – 600 par som ønskjer donorsæd. Til dette trengst det ei årlig rekruttering på 40 – 50 donorar.

– Eg gjorde eit søk hos Statistisk sentralbyrå og fann ut at det var 150 000 i Oslo-området som hadde riktig kjønn og alder. 40 – 50 stykker høyrest difor ikkje mykje ut, men Andrologisk laboratorium blir ikkje nedringt av personar som ønskjer å donere sæd, seier ho.

– Trur du at de klarar å rekruttere nok donorar?

– Det blir det spanande å sjå. Vi håper på at nokre melder seg etter å ha sett plakatar for sædbanken på eit apoteket eller hjå legen sin. Elles merkar vi auka pågang etter oppslag om sædbanken i media, så det stiller eg gjerne opp på.

Trine Haugen trur at den viktigaste årsaka til at så få vil vere donor, er tanken på at dei vil kunne ha eit barn som dei ikkje veit om. Med den nye lova kjem i tillegg aspektet at ein kan bli oppsøkt av dette barnet. Dette er nok ein vanskeleg tanke for mange. Det er interessant at det er store kulturelle skilnader. I Frankrike og Danmark er det ikkje nokon mangel på donorar, medan Sverige og spesielt Sveits har større problem. Sverige har sidan 1985 hatt eit tilsvarande lovverk som det vi innførte 1. januar. Ei undersøkjing viste at kun 11 % av foreldra hadde informert barna, medan heile 58 % hadde fortalt det til andre enn barna. Dette synest Haugen er urovekkande.

– Dette viser kor viktig det er å gjere foreldra medvitne om kva den nye lova inneber. Tenk for eit sjokk det ville bli om nokre av barna skulle få vite av andre enn foreldra at deira biologiske far var ein annan enn dei heile livet har trudd, seier ho alvorleg.

– Kva med dei etiske problemstillingane knytt til spørsmålet om anonymitet eller ikkje?

– Utanfor fagmiljøet er det mange som har sterke meiningar om reproduksjon. Eg har heile tida medan eg har jobba, følt meg audmjuk i tilhøve til alle dei som er i ein fase med fertilitetsutgreiing. Det er vanskeleg å seie kva som er rett og gale så eg vil ikkje ha noko meining, men held meg til lovverket.

Sædbanken har bestemt at donor må vere mellom 25 og 45 år. Grunnen til dette er at ein ønskjer modne og reflekterte menn, ikkje fattige studentar på 18 – 20 år som er motiverte av ei «løn» på 250 kroner.

– Vår favorittdonor er ein mann med eigne barn som etter å ha drøfta saka med partnaren sin tar kontakt med oss med eit altruistisk ønskje om å hjelpe par med fertilitetsproblem, seier sjefen for sædbanken og ser forventningsfullt mot telefonen.

Det Skavlan ville vite

Ein fredag i september i fjor var Trine Haugen gjest i TV-programmet «Først & sist» på NRK1. Atle Antonsen var også invitert og på jakt etter billege poeng. Det måtte han kjempe hardt for å klare.

– Eg la meg bevisst på ei «snerpete linje»; eg var der som fagperson og ville informere om sædbanken og den nye lova. Det var uansett ikkje til å unngå at det vart stor applaus i salen då Trine kunne fortelle at ho hadde dei mannlege kjønnsorgana som sitt faglege hovudinteresseområde. Men kvifor har ho eigentleg det?

– Eg tok doktorgraden min på nukleotidmetabolisme og såg mellom anna på celler i testikkelen. Det var altså meir eller mindre tilfeldig at eg starta å forske på testikkelen, men det var ikkje tilfeldig at eg heldt fram. Testikkelen er interessant som forskingsobjekt, og det var lite som var gjort. For ein ung forskar var det ein takknemlig plass å starte, seier realisten som starta si universitetskarriere med studium i matematikk, kjemi, fysikk og statistikk.

No er det testikulært dysgenesisyndrom Trine Haugen er mest interessert i. Dette syndromet omfattar testikkelkreft, nedsett sædkvalitet, hypospadi og kryptorkisme. Nokre studiar har indikert at sædkvaliteten hjå menn i heile verda kan være dalande, og på grunn av kreftregister er det pålitelege data som stadfestar at testikkelkreft aukar i alle vestlege land.

– Vi veit også at dei som har testikkelkreft, har dårlegare sædkvalitet enn andre før dei blir sjuke. I tillegg kan talet på tilfelle med hypospadi og kryptorkisme også vere stigande. Ein trur at det er ein felles etiologi bak alle desse tilstandane, og at grunnlaget vert lagt i fosterlivet. Det er spanande å få vere med på å finne ut av dette, fortel ho entusiastisk.

Kva er ein spermie?

Andrologien er eit relativt nytt fag. Spermiane vart oppdaga på 1670-talet då ein fekk mikroskop. Det tok ei tid før ein forstod kva rolle dei hadde; Carl von Linné meinte det dreide seg om parasittar frå drikkevatnet. Trine Haugen fortel at medan det gav aksept å velgje gynekologi, vegra legar seg for å syne interesse for sjukdomar i mannen sine kjønnsorgan då dei kunne risikere å bli mistenkt for homofili. Det er sjølvsagt ikkje slik lenger, men i Noreg har ikkje andrologi vore eit prioritert område. I 1993 freista ein å samle dei andrologiske miljøa i Oslo ved mellom anna å etablere eit felles laboratorium for sædanalysar. Haugen var med frå starten.

– Etter ei tid som postdokstipendiat på Institutt for medisinsk biokjemi og nokre månader i Nycomed starta eg hausten 1993 i ei nyoppretta stilling ved Rikshospitalet som sjef for Andrologisk laboratorium. Det var ei stilling som inkluderte ein god porsjon nybrottsarbeid, oppbyggjinga starta nesten frå null. Alt som var tilgjengeleg var eit par mikroskop.

Ved Andrologisk laboratorium er det i dag tre bioingeniører og ein sekretær i tillegg til laboratoriesjefen. Det er det norske referanselaboratoriet for sædanalyser og har av og til personale frå andre institusjonar til opplæring. Nyleg fekk Trine Haugen ein førespurnad fra Verdens helseorganisasjon om å delta i ei arbeidsgruppe for å revidere den internasjonale manualen for sædanalysar, som skal være retningsgjevande for klinikkar og laboratorium over heile verda.

– Det er hyggjeleg at Noreg har kome på verdskartet i ein slik samanheng, så dette har eg takka ja til, seier ho litt stolt.

I dei ti åra ved Andrologisk laboratorium har Haugen vore rettleiar for 11 studentar og to stipendiatar. Dessverre har det vorte vanskelegare å rekruttere folk til forsking.

– Det er ein kamp om å få tak i både pengar og studentar. Spesielt er det for få medisinstudentar som melder si interesse.

Medisinsk forsking dreier seg mykje om basalfag. Haugen er opptatt av at realister difor gjer ein viktig jobb innanfor feltet og at satsinga på å rekruttere fleire medisinarar til forsking ikkje må gå utover flinke realister.

– Dei seinare åra er det heldigvis blitt meir samarbeid mellom klinikarane og basalforskarane. Dette er ei utvikling som berre vil auke i åra framover, då mykje av det som skjer i basalfaga raskt får relevans for klinisk arbeid, seier ho og nemner genteknologi og stamcelleforsking som døme.

Google

Eit søk på Trine Haugen på Internett gjev godt med treff. Mange gjeld avisartiklar med overskrifter som «må vi lige be’om en dråpe sæd», «dårligere sæd med ølmage» og «far til seks uten sex». I tillegg får ein også opp ein link til ei liste over norske toppscorarar i fotball. Likevel er det altså ikkje sjefen for Andrologisk laboratorium som vart norsk kvinneleg toppscorar i 1983.

– Men eg har brunt belte i karate. Eg dreiv med karate då eg gjekk på Blindern, men det vart vanskeleg å kombinere kampsport og graviditetar. Elles har eg alltid vore interessert i kultur, men dessverre har eg ikkje hatt nok tid til å dyrke denne interessa.

Spesielt skulle ho gjerne ha hatt betre tid til å lese skjønnlitteratur. Ho har vorte flink til å nytte tida på T-banen til å lese. Dårleg tid til bøker har likevel ikkje vore eit hinder for at ho har skrive ei bok sjølv.

– I lag med Brynjar Landmark laga eg eit manus til ei barnebok om reproduksjon. Forlaga syntest at den kanskje var litt for moden i forhold til målgruppa, så den har ikkje vorte gjeve ut – enno.

1.9. 2004 starta Trine Haugen i eit nyoppretta professorat i biomedisin ved Høgskolen i Oslo og har (på papiret) trappa ned til 20 % stilling ved Andrologisk laboratorium. Høgskulen skal starte eit masterstudium i biomedisinske fag, og ho har fått i oppgåve å utforme dette. Igjen har ho takka ja til nybrottsarbeid.

– Eg er ein person som likar å byggje opp ting. Det er kjekt å kunne vere med frå starten. På høgskulen skal eg byggje opp eit laboratorium og etablere eit forskingsmiljø. Samstundes håpar eg å kunne få halde på samarbeidet med Andrologisk laboratorium, seier ho og reiser seg for å vise fram bankkvelven sin.

Trine B. Haugen

Fødd 1. januar 1955

  • Hovudfag biokjemi Universitetet i Oslo 1980

  • Dr.philos. Universitetet i Oslo 1988

  • Sjef Andrologisk laboratorium, Rikshospitalet 1993

  • Professor Høgskolen i Oslo 2004

Anbefalte artikler