Menneskelege band

Bjarte Stubhaug Om forfatteren
Artikkel

Elisabeth Bjørnsen Werp. «Lytter til det stille rommet». Foto Rolf M. Aagaard/SCANPIX

Forsidebiletet på dette nummeret av Tidsskriftet er «Lytter til det stille rommet» av Elisabeth Bjørnsen Werp. Kunstnaren prøver å skape stemning, kjensle og refleksjon gjennom den stillferdige og samansette temperakunsten, gjennom figur og farge, lys og skugge, rørsle og ro, ansikt og gjenstand. – Det er som livet. Enkelt, samansett og mystisk. Til slutt er det den samla opplevinga av samband, meining og lukke som er avgjerande.

Å lytte til det stille rommet kan vere godt for mange, og nyttig for dei fleste. Men for enkelte er det skummelt. Stilla kan kjennast tom, tung og vond. Problemet for mange med tungsinn er ikkje at dei manglar stille rom, men at dei manglar andre menneske å møte, å høyre på, å bli høyrt av. Gjennom kontakt med andre kan ein få hjelp til å snu tunge tankar, lette det tunge sinnet sitt.

Kurs i mestring av depresjon (1) handlar om korleis personar opplever mindre depresjon gjennom gruppebehandling og tilslutning til andre menneske. Biletet «Lytter til det stille rommet» kan vere eit godt bilete på korleis mangelen på menneskelege band og bekrefting skaper depresjon, og korleis nettopp møtet med og forståing av andre – og dermed seg sjølv – kan lette tungsinn.

Gode kunstverk kan spegle av vår eigen røyndom og våre eigne tankar. Møte med andre, som i gruppebehandling, kan vere ein endå sterkare måte å bli kjent med seg sjølv på. Nokre av tankane kan ein snu, om ein får hjelp. Ofte vil kjenslene fylgje med, og depresjonen kverve. Då kan det bli godt å lytte til det stille rommet.

Anbefalte artikler