Martinus Løvik Om forfatteren
Artikkel

Sot fra biltrafikk, målestokk: 10 mm = 8 µm. Foto Odd Anda, NILU

Kvart døgn passerer mellom 10 000 og 20 000 liter luft inn og ut av lungene våre. 20 kubikkmeter luft møter dagleg 100 kvadratmeter tynn slimhinne. Berre eit tynt cellelag skil lufta i lungene frå blodet. Oksygen går inn og karbondioksid ut. Liv krev rein luft, store mengder rein luft.

Biletet på forsida viser sotpartiklar. I vår tid er røyken frå forbrenningsmotorane, eksos, den viktigaste luftforureininga. Særleg inneheld dieseleksos veldige mengder små sotpartiklar. Slitasje av dekk mot asfalt og stein i vegbanen gir òg partiklar, vedfyring sameleis. I tillegg kjem gassane nitrogendioksid og ozon som òg kan gi helseskadar.

Partiklane er mangfaldige. Partiklane vi måler som forureining, varierer tusen gonger i diameter. Det blir som å samanlikne ei ert og ein varmluftballong. Samansetninga er ulik – det er steinstøv frå vegen og sotpartiklar frå dieselmotoren, og på den rufsete overflata ber partiklane gassar, kjemikal og metall frå forbrenninga. Ikkje noko under at partiklane fascinerer forskarane, men at det er vanskeleg å bli samde om helseeffektane av ulike partiklar!

Vi veit likevel litt om kva partiklar som er mest skadelege. Mykje tyder på at forbrenningspartiklar er verre enn mineralpartiklar. årsaka kan vere kjemien, overflatestrukturen eller storleiken. Små partiklar synest å vere verre enn grovare partiklar.

Både mekanismeforsking, eksperimentell årsaksforsking og epidemiologisk observasjon må til om vi skal finne ut kva helseeffektar dei mangfaldige partiklane har, og vi treng forskarar som kan forstå og integrere resultata frå dei ulike felta. I dette nummeret av Tidsskriftet kan vi lese ein artikkel av Per Nafstad om norsk og internasjonal epidemiologisk forsking om helseeffektane av luftforureining, både om metodar og funn.

Anbefalte artikler