Thyreoideafunksjons-forstyrring og homocystein

Bjørn Gunnar Nedrebø Om forfatteren
Artikkel

Thyreoideasjukdomar er vanlege. Graves’ sjukdom er den vanlegaste årsaka til hypertyreoidisme. Kvinner får det hyppigare enn menn (5 – 6/1). Behandling av pasientar med Graves’ sjukdom er radiojod, kirurgi eller langvarig (6 – 24 månaders) medikamentell behandling. I Europa er medikamentell behandling vanlegvis førsteval. Etter medikamentell behandling får mange (40 – 60 %) tilbakefall. Derfor har ein vurdert ulike medikamentelle behandlingsregime for om mogleg å senke residivfrekvensen. I tillegg er det òg ynskjeleg å finne faktorar som er av prognostisk verdi for residiv.

Thyreoideafunksjonsforstyrring påverkar fleire metabolske prosessar i kroppen, m.a. er det velkjent at serum-kolesterolnivået aukar ved hypotyreose og går ned ved hypertyreose, og det pågår diskusjon om aterosklerosen vert påverka. Homocystein som er eit intermediærprodukt i metioninmetabolismen, er ein risikomarkør for hjarte- og karsjukdomar, spina bifida m.m. I dei siste to tiåra har det vorte forska mykje kring homocystein.

Formålet med avhandlinga var å samanlikne den medikamentelle effekten av ulike tyreostatiske regime, finne prognostiske faktorar for tilbakefall og undersøkje korleis plasma-homocysteinnivået endra seg ved hypo- og hypertyreose. 218 pasientar med Graves’ sjukdom (86 % kvinner) vart randomiserte i to grupper og behandla med tyreostatika i eitt år. Eine gruppa vart behandla med blokkerande behandling (tyreostatika + tyroksin). Den andre gruppa fekk titrerande tyreostatisk behandling. Etter å ha avslutta behandlinga med tyreostatika, fekk 50 % av pasientane frå kvar gruppe tyroksin i eitt år. Median oppfølgingstid på 24 månader etter at tyreostatika vart seponert, viste at 48 % hadde fått tilbakefall. Det var ingen skilnad mellom behandlingsgruppene.

Av prognostiske faktorar fann vi at påvising av TSH-reseptorantistoff ved seponeringstidspunkt, røyking og stor struma var særs dårlege prognostiske faktorar. Mellom dei pasientane som både røykte og fekk påvist TSH-reseptorantistoff, fekk 80 % tilbakefall.

I fire studiar såg vi på korleis plasma-homocysteinkonsentrasjonen var ved hyper- eller hypotyreose og under behandling av desse tilstandane. Plasma-homocysteinnivået steig ved hypotyreose og var signifikant høgare enn i ei kontrollgruppe. Ved hypertyreose var homocysteinnivået lågt. Som hos normalbefolkninga interfererer røyking med plasma-totalhomocysteinkonsentrasjonen. B-vitamin (serum-folat, serum-kobalamin, plasma-riboflavin) er med på å forklare delar av skilnaden som ein ser hos pasientane våre. Kreatininnivået som er høgt ved hypotyreose, kan òg vere med på å forklare delar av skilnadene.

Avhandlinga viser at ulike medikamentelle behandlingsregime har lite å seie for langtidsprognosen ved Graves’ sjukdom. Men det er viktig å ta omsyn til faktorar som røyking, struma og TSH- reseptorantistoff når ein vurderer residivfare. Ved høge homocysteinverdiar må ein vurdere hypotyreose som årsak.

Avhandlinga sin tittel

Graves’ disease and hypothyroidism with emphasis on treatment, homocystein and B-vitamins

Går ut frå

Institutt for indremedisin, seksjon for endokrinologi

og

LOCUS for homocystein og relaterte vitaminer

Disputas 12.5. 2004

Universitetet i Bergen

Anbefalte artikler