Friske pengar – friskare liv?

Gjesteskribent
    ()

    sporsmal_grey_rgb
    Artikkel

    Forvaltarane av offentleg pengebruk finn stadig nye metodar for å auke budsjetta. Men skal byråkratane nå fram andsynes politikarane, eller omvendt, må ein offisielt seia at det skal sparast, eller helst satsast på ein ny måte. Då kjem susen. Og då kjem pengane. Friske pengar. Særleg dersom det kan argumenterast med at opplegget gjev samfunnsøkonomisk vinst.

    Korleis kan utgiftene i budsjetta reduserast på lengre sikt? Ved å bruke meir pengar på kort sikt. Ein metode er å bruke pengar på offentleg regissert trim, noko ein kan få seg tildelt med ein såkalla grøn resept. Då vil folk bli så fort friske at dei sparar det offentlege både sjukeløn, sjukehusopphald og mangt anna som fælt og dyrt er. Derfor frisklivsprosjekt. Oppskrifta er enkel: Tilbake til jobben gjennom kommunale spaserturar.

    Det nye tiltaket har vitalisert sysselsetjinga på mange plan, i departement, direktorat, fylkeskommune, lokale arbeidsgrupper med deltakarar frå trygdeetat, legar, helse- og sosialetat, kulturetat, idrettslag med meir. Kommunestyra får friskliv som eiga sak, som ledd i det kommunale sjølvstyret. Resultatet vert at kommunen må fram med pengar, vedta fleirårig satsing på prosjektet, sjølvsagt med etablering av endå ei lokal koordinatorstilling. Framgangsmåten er klassisk: Kommunen skal «få» nye pengar frå staten, men føresetnaden er at det må løyvast tilsvarande av eigne midlar. Dei har me ikkje, så me skrapar heller noko meir av skulebudsjettet og endå litt frå kulturbudsjettet. Dessutan kan me ikkje seia nei når «andre» seier ja.

    Entusiasmen for frisklivet stig i opinionen etter kvart som ein skranten kar står fram i lokalavisa og fortel kor mykje betre livet er blitt etter at han tok til å gå tur med kommunen. I dei mest ambisiøse kommunane blir det utvikla storfelte strategiar for å nå alle målgruppene. Først skal det fremjast generell fysisk aktivitet i heile folket. Så kartleggjing av grupper som har stor risiko for sjukmelding på grunn av påkjenningar, dårleg kost, lite mosjon og slappe haldningar. Dernest konkret oppsporing av individ som definitivt bør trimme, og få dei i veg med spaserturar, kollektiv stavgang og kanskje bærturar. Dette helseopplegget gjer seg ikkje sjølv. Her må til eit kobbel av offentleg betalt fagpersonell. Det må til planleggjing, etatsmøte, tverrsektorielle møte, interkommunale møte, oppfølgjing, rapportar, lokal- og regionkurs, terapeutisk tilrettelagt skreddarsaum både for grupper og enkeltmenneske. Ikkje småtteri. Og taksameteret går ikkje, det renn!

    Som folkevald i meir enn 30 år på alle tre forvaltningsnivå – kommune, fylke og stat – er likevel ikkje frisklivsprosjektet det dummaste eg har sett. Ordninga har faktisk fleire positive sider. Men som alltid er det to grunnleggjande spørsmål som bør stillast:

    – Kva slags oppgåver skal prioriterast i og for det offentlege – i ei tid med allment høgt opplysningsnivå om helse, mosjon og kosthald? Avisspalter, vekepresse og fjernsyn fløymer over med informasjon om desse spørsmåla, med gode råd og vink om kva individet kan gjera. Alt ligg til rette for mindre pillebruk og auka individuelt ansvar.

    – Står innsatsfaktorar som pengebruk og tidsressursar i forhold til objektivt målbare resultat? Mange kjennarar vil hevde at det er meir enn nok midlar til god tenesteyting i helsevesenet, men som kjent er det alltid ein kamp om å få meir ressursar til «mine» område, nye prosjekt, meir utstyr, romslegare refusjonsordningar og så vidare.

    For Stortinget er målet optimal rasjonalitet, men det er ikkje lett å få til i eit system som lokkar ivrige tilbydarar, ikkje minst private firma som legg ned stort kreativt lobbyarbeid i å finne offentlege nisjer for sine salsprodukt. I systemet veit også dokterane og administratorane å kunne mate seg.

    Om frisklivssatsing alt er blitt stas i nokre kommunar, kan det bli reine folkefesten på fylkesplan. Fylkeskommunen vert som kjent gradvis tømt for oppgåver og politisk substans. Difor vaknar fantasien hos dei folkevalde som likar seg på fylkestinget. Gjennom den statlege overtakinga av sjukehusa gjekk årsbudsjettet ned til halvdelen. Like etter gjekk talet på heiltidspolitikarar (i Buskerud) opp frå fire til åtte. Men kva skal dei drive med?

    Eit par av dei glupaste fylkespolitikarane kom på at folkehelsa bør kunne bli eit nytt satsingsområde. Det er genialt. Her opnar det seg løfterike grasgangar på eit nedslitt forvaltningsnivå. Her blir det skapt noko nytt, ikkje mindre enn eit nytt perpetuum mobile i politikken! Og midt i smørauga for den ønskte klientifiseringsprosessen! Med endelause mål kan det verkeleg bli mange møte, hyggelege diett- og reiserekningar, med utsikt til årlege evalueringar på høgfjellskonferansar og internasjonale studieturar! Det er nok å ta fatt i: Gjennomsnittsvekta hos Ola og Kari skal ned åtte-ti kilo, maten skal bli meir helsesam for alle, levemåten sunnare og sjukdomar skal førebyggjast. Politikk og administrasjon skal gjera det vitskap, medisin og kulturliv ikkje har greidd, nemleg å drive trivselen og livskvaliteten til vers så det monnar!

    Men først må me finne meir friske pengar, og dernest få overbevist endå fleire menneske om at dei bør bli offentlege klientar. Eg får seie som Ludvig: Å gå tur utan resept – det er fali, det.

    PDF
    Skriv ut

    Anbefalte artikler

    Laget av Ramsalt med Ramsalt Media