Chicago håplaus

Are Kalvø Om forfatteren
Artikkel

Det er ille nok å bli sjuk.

Det blir ikkje akkurat betre av at sjukdommen skal behandlast av nokon som sjølv er sjuk nok til å utdanne seg i seks-sju år for å få lov til å bruke resten av livet til å høyre på andre folks klager, og fingre med andre folks sveitte føter og opne sår.

Det må vere tøft den dagen legane forstår kva det eigentlig går ut på, dette prestisjeyrket dei har utdanna seg til. Det er altså dette eg skal drive med resten av livet, tenker dei nok, når dei sitt der halvt i svime av ånden til ein av legekontorets fasthypokondrar. I slike stunder, når legane blir innhenta av kvardagen, er det ikkje rart om dei blir litt likegyldige, prøver å tenke på noko anna, begynner med golf, takkar jublande ja til å bli smurt på begge sider av legemiddelfirma, og kjem ferdigsmurte tilbake til jobben på måndag med lite søvn og mykje alkohol i kroppen, og gløymer att vattdottar og sakser og koppar og kar inne i pasientane.

Det er ille nok å bli sjuk.

Det blir ikkje akkurat betre av at sjukdommen skal behandlast av ein sjuk, likegyldig, trøytt, bakfull, nysmurt person som tenker på golf.

Det er slikt ein blir sjuk av, faktisk.

Og kven skal ein gå til då?

Mykje av dette har heldigvis løyst seg av seg sjølv med fastlegeordninga, sidan legen likevel aldri er inne når du treng han.

Det er ille nok å bli sjuk.

Det blir ikkje betre av at han eller ho som behandlar deg, i tillegg til alt det andre, ikkje akkurat slit med sjølvtilliten.

Det finst yrke som har ufortent høg status. Legar og tannlegar er dei mest innlysande eksempla. Og først og fremst legar. Tannlegar har tross alt eit image-problem. Det har til no ikkje blitt laga såpeseriar om heltedådane utført på hektiske amerikanske tannlegekontor. Tannlegeyrket er framleis vanlegare i filmar eller seriar med sterke innslag av tortur, nazisme og generell uhygge. Slett ikkje utan grunn, sjølvsagt. Men legar er heltar på tv. Akkurat som politifolk, og til og med advokatar.

Politiyrket er i det minste underbetalt. Politifolk fortener litt heltestatus. Dei har ikkje så mykje anna. Men legar? Skal dei ha alt? Dette er folk som har komme seg inn på eit studium der du må ha 14,3 i gjennomsnittskarakter frå vidaregåande, og som alltid blir møtt med beundring i selskapslivet. Alle som har sett ein del amerikansk film i si tid, veit at folk med medisinutdanning aldri får problem på kjønnsmarknaden, og alltid vil bli tatt godt imot både i vennekretsen og svigerfamilien. Når dei er ferdige med eliteutdanninga si som gjer familien og heimbygda stolte av dei, så får dei ein godt betalt jobb der dei kan nytte dagane til å baksnakke pasientane på latin, drøyme om neste smøretur og gå rundt med konstant godt samvit fordi dei fyller arbeidstida si med redning av liv, før dei går heim til modell-ektefellane sine og ser tv-seriar som framstiller legar som helgenar med menneskelege trekk som berre gjer dei endå meir helgenaktige.

Alt dette, for ei yrkesgruppe som frivillig brukar seks-sju år av sine liv for å få lov til å bruke resten av livet til å høyre på andre folks klager, og fingre med andre folks sveitte føter og opne sår.

Det er ille nok å bli sjuk.

Det blir ikkje betre av at sjukdommen skal behandlast av nokon som treng behandling.

Spørsmålet er berre: Av kven?

Anbefalte artikler