Strålebehandling ved blærekreft

Ludvig Paul Muren Om forfatteren
Artikkel

Om lag 1 100 nye tilfelle av blærekreft vert diagnostiserte årleg i Noreg. I omkring ein firedel av desse tilfella invaderer svulsten muskulaturen i blæreveggen, og desse pasientane vert i Noreg i dag behandla anten med radikal operasjon (cystektomi) eller strålebehandling. Cystektomi er ei effektiv behandling, men er eit omfattande kirurgisk inngrep som kan føre med seg store komplikasjonar og såleis redusert livskvalitet for pasienten.

Arbeidet i avhandlinga har sett fokus på strålebehandling av muskelinvaderande blærekreft, og har hatt som målsetnad å forbetre dagens strålebehandling slik at denne kan verte eit fullgodt behandlingsalternativ for desse pasientane.

Den første delen av prosjektet sette søkjelyset på utvikling, verifisering og evaluering av ein ny strålebehandlingsteknikk for blærekreft. Metoden er basert på datastyrt rørsle av mekaniske delar av strålemaskinen undervegs medan strålinga vert gjeve. Først vart difor grundige kontrollmålingar av metoden gjennomførte.

Det vart vidare påvist at med denne teknikken ville det vere mogleg å forme fordelinga av stråledosen betre omkring målområdet ein vil bestråle hos pasientar med blærekreft, og dermed spare det omkringliggande friske vevet.

Matematiske modellar for prediksjon av utfallet av strålebehandling ved blærekreft (kontroll av svulsten/skade i friskt vev) vart nytta som evalueringsverktøy.

I eit pågåande klinisk forsøk ved Haukeland Universitetssjukehus undersøkjer ein no om dette behandlingsprinsippet verkeleg tillet ein auke stråledosen som ein gjev til blæresvulstar utan at dette fører til auka insidens av normalvevsskade hos pasientane.

Ved fraksjonert strålebehandling er det naudsynt å legge til tryggleiksmarginar omkring målorganet for å ta omsyn til at dette kan forflytte seg internt frå dag til dag, samt at innstillinga av pasienten på behandlingsbordet også varierer noko mellom dei ulike behandlingane.

Tryggleiksmarginane må vere så store at ein sikkert treff svulsten ved kvar behandling, men heller ikkje større enn dette sidan ein i størst mon vil unngå stråling av omkringliggande friskt vev.

Dette er ei problemstilling som er særskilt viktig dersom ein ønskjer å auke stråledosen til svulsten.

Den andre hovuddelen av prosjektet var difor ein klinisk studie der det kvar veke vart innhenta CT-bilete og såkalla feltkontrollbilete av pasientar med blærekreft.

Ut ifrå dette datamaterialet vart det berekna kor store tryggleiksmarginar ein må legge omkring blæra. Dei oppdaterte marginane er allereie tekne i bruk for dette behandlingsopplegget ved Haukeland Universitetssjukehus. Datamaterialet har også gjeve grunnlag for fleire andre pågåande studiar av organ- og pasientinnstillings-variasjon ved strålebehandling av svulstar i bekkenet.

Tittel

A contribution to improved radiotherapy for muscle-invading urinary bladder cancer

Utgår frå

Seksjon for onkologi

Institutt for indremedisin

Disputas (dr.philos.) 28.11. 2002

Universitetet i Bergen

Anbefalte artikler