Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Johan Bremer – ein uvanleg forskar i norsk psykiatri

Jon Bremer Om forfatteren

Johan Bremer (1908–1993) var distriktslege i Finnmark i krigsåra 1939–45. I fagleg isolasjon gjorde han der ein sosialpsykiatrisk pionerstudie av innbyggjarane i distriktet sitt. Etter krigen utdana han seg i psykiatri og vart overlege for kvinneavdelinga ved Gaustad sjukehus. I 1950 fekk han ideen til sitt neste store forskingsprosjekt, ei etterundersøking av alle kastrerte i Noreg. Han var også psykiatrisk sakkunnig i rettssaker, og ei av desse sakene fekk store presseoppslag. Etter det var han aktiv i ordskiftet om rettspsykiatriens funksjon.

Som pensjonist skreiv han boka Veier og villspor i psykiatrien med hans syn på psykiatrien som medisinsk fag. Posthumt kom En diktertragedie. En psykiatrisk patografi om Amalie Skram.

https://tidsskriftet.no/sites/default/files/styles/default_scaling_w1500/public/2003--L03-07-Pro-MH-Bremer-001.jpg

Figur 1 Johan Bremer (1908–93)

Forfattaren av denne artikkelen er Johan Bremers nevø. Dette blir difor ei personleg farga framstilling av hans virke som alltid interesserte meg. Som student budde eg på hybel hjå Johan og kona Sofie. Hausten 1952 hyrte han meg som sjåfør i Lier for å oppsøke kastrerte i privat pleie. Lite ante eg den gongen at eg var hjelpesmann i eit prosjekt som seinare skulle bli ein forkasta doktorgrad og føre til konflikt med den akademiske psykiatrien.

Barndom

Johan Bremer (fig 1) voks opp i Bergen som den yngste av ni sysken – seks brør og tre systrer. Faren Kristen Bremer (1853–1937) kom frå Hafslo og mora Dordi Hillegaard (1863–1951) frå Lærdal i Sogn, båe av bondeætt. Faren var lærar i Bergen frå 1892 til 1921. Johan sa at heimemiljøet representerte det Nils Kjær karakteriserte som «Vestlandsfanden»: Faren var kristen, venstremann, målmann og fråhaldsmann, men etter ei radikal studenttid såg Johan attende på barndomen med respekt for ein lesande og tolerant familie som gav alle syskena god start i livet. Fleire vart lærarar som faren. Ein vart sjømann og deretter handelsmann, ein bonde, ein vart professor i hagebruk, ein utvandra til Amerika.

Ungdom og studietid

Som pensjonist kjøpte faren ein gard utafor Holmestrand der Johan tok middelskole-eksamen i 1924 fylgd av lærarskulen, men lærarstilling fekk han ikkje i depresjonsåra. I staden fylgde han eit eittårig artiumskurs i Oslo og tok latinartium som privatist. Faren og ein bror overtala han til å studere medisin i 1929. Med ventetid tok det åtte år den gongen.

Som student fekk han kontakt med Erling Falk (1887–1940) og blei medlem i Mot Dag i 1933. Han gjorde mykje gratisarbeid der og i Sosialistiske legers forening. Det gjekk så langt at han tok opp banklån på 4 000 kr for Mot Dag. Det var mange pengar i 1930-åra. Det fekk ikkje foreldra vite, så kosthaldet vart skralt. Han vart redda av faste invitasjonar til søndag middag i to år hjå Karl Evang (1902 – 81). Han var redaktør av Mot Dags Tidsskrift for seksuell opplysning, som var ein økonomisk suksess. I ettertid kommenterte Johan med sin vanlege ironi: «En kan kanskje si at Norges seksuelle frigjøringsprosess tok sitt utgangspunkt i Mot Dags slunkne pengepung.» Eit anna utslag av revolusjonsiveren var meir humoristisk. Systrene mine fekk eit honorar på 2 øre for å lære Internasjonalen.

Seinare såg Johan at Erling Falk var eit livsfjernt talent som aldri fekk fotfeste i noko parti, men Johan meinte likevel at Mot Dag gjorde sitt til å hindre at Nasjonal Samling fekk fotfeste hjå studentane. Som så mange blei Johan meir konservativ med åra. Trua på seksuell frigjering endra seg til kritikk av sjølvbestemt abort.

Studentforskaren

Ei anna side av aktiviteten i Mot Dag fekk varig verknad. Karl Evang og Otto Galtung Hansen (1904–81) undersøkte kosthaldet hjå fattige og forsorgsstøtta familiar i Oslo. Johan var ivrig med i dette arbeidet i 2–3 år. Denne undersøkinga skapte debatt og fekk praktiske fylgjer i forsorgsarbeidet i byen. Det var her, ikkje i akademiske institusjonar at Johan trødde sine vitskaplege barneskor. Gjennom heile yrkeskarrieren arbeidde han på forskingsprosjekt «på ulønnet hobbybasis ved siden av og i tillegg til min lønnede yrkesaktivitet».

Distriktslegen i Finnmark

Johan starta sin faglege karriere i Nord-Noreg. Etter eit år som assistent hjå dis-triktslegen i Lødingen – der han fann si Sofie (1917–2001) – og eit halvt år i Askim, vart han distriktslege i Gamvik i Finnmark i januar 1939. På grunn av krigen vart han verande der som einaste lege i 6 1/2 år. Da han slutta i august 1945, hadde han hatt to veker ferie. Det var ofte daglege russiske bombetokt mot tyske troppar og krigsskip, og Johan og Sofie måtte ta seg av både drepne og såra sivile (fig 2).

I 1943 var han ein av ti arresterte i ei spionsak. Sju mann vart skotne, men Johan slapp unna og måtte vere med på å infor-mere familiane. Ved tvangsevakueringa av Finnmark i november 1944 stakk Johan og Sofie, apotekaren og den lokale fyrvaktaren med kone til fjells. Dei budde ei stormfull veke i eit firemannstelt, og så to veker i eit geitefjøs, det einaste huset i området som ikkje vart brent. Dei hadde forutsett dette og stukki unna telt, sengetøy, mat og eit parafinapparat. Frå geitefjøset var dei vitne til brenninga av Berlevåg. Seinare kom dei seg over til Båtsfjord.

Forskaren

I dag er det ei anna side av Johans aktivitet i Berlevåg som blir hugsa. I dei fagleg einslege åra i Berlevåg samla han opplysningar om den medisinske og psykiske helsa for kvar einaste innbyggjar. Nedgravi vart dette materialet berga gjennom evakueringa og brenninga av Finnmark. Sofie fortalde korleis ho seinare livredd tviheldt på det ved ei dramatisk sjøferd like før krigen var slutt. Ho visste kva for arbeid det låg bak. Johan var stadig oppteken som lege i tida før den endelege frigjeringa i mai 1945. Den innsatsen er tidlegare skildra av dr. Sivert Svane (1923–2001) (1).

I etterkrigsåra arbeidde Johan med dette materialet i fritida og publiserte det som ein sosialpsykiatrisk studie i Acta Psychiatrica et Neurologica Scandinavica i 1951 (2). Det er ikkje berre tilblivingsmåten som er eineståande ved dette pionerarbeidet. Det må ha grensa til det dumdristige når han gjekk laus på dette prosjektet på eiga hand utan skolering i psykiatri og utan førebilete. Johan fann med sin inngåande kjennskap til innbyggjarane at nær 25 % hadde psykiske avvik, men berre få krigsnevrosar – trass i okkupasjon, bombing og avrettingar. Dette bidrog til hans seinare skepsis til lettvinte sosiale forklåringar på sinnssjukdom. I 1970-åra undersøkte Christian Astrup (1921–89) Berlevåg på nytt (3). Den mentale helsa var om lag den same etter 35 år, trass i fred og velstandsutvikling.

Johans arbeid vart mykje referert internasjonalt. Professor ved Harvard Alexander H. Leighton (1908–) skreiv i brev til Johan at den kanadiske Stirling County Study (4) i Nova Scotia var «very greatly influenced by you». Leighton og medarbeidarane hans vitja Berlevåg i 1975 «in order to see the place where your magnificent study was done», og i 1976 heidra dei Johan med ei gåve, ein modell av ein kanadisk fiskarbåt frå New Foundland «in honour of his classic work in psychiatric epidemiology».

Motivering

Sofie sa at Johan gjekk i gang med dette store arbeidet for å fylle tida etter det daglege rutinearbeidet. Deltakinga hans som student i kosthaldsstudien gav han sikkert mot. Ein viss inspirasjon hadde han kanskje også frå faren. Han skreiv ei sosialt farga skildring om Hafslo ikring år 1860 (5) frå sin barndom i overgangen frå naturalhushald til pengehushald i ei norsk bygd.

https://tidsskriftet.no/sites/default/files/styles/default_scaling_w1500/public/2003--L03-07-Pro-MH-Bremer-002.jpg

Figur 2 Sanitetskompani i Berlevåg under den annen verdenskrig, ca. 1943. Johan Bremer nr. 2 frå høgre. Foto O. Willumsen, Havnemuseet i Berlevåg

Interessa for psykiatri kjem fram i ei brevveksling med Karl Evang i 1947. Han freista å rekruttere Johan til det offentlege helsevesenet: «I tilfelle du var interessert i å fortsette i den offentlige legeetat […] skulle jeg med glede søke å skaffe deg et års-fellowship i USA.» Men Johan var trøytt av vanleg praksis. Han ville bli psy-kiater.

Johan gjorde i åra 1945–54 teneste ved Neevengården i Bergen, Blakstad sjukehus i Asker, Kontoret for psykiatri i Helsedirektoratet, Psykiatrisk klinikk på Vinderen og Politiets observasjonsavdeling ved Ullevål sjukehus. Han vart overlege for kvinneavdelinga ved Gaustad sjukehus i 1955.

Nils Retterstøl (1924–) karakteriserer Johan som ein god klinikar av den gamle autoritære skolen. Per Sundby (1926–) som arbeidde under Johan sist i 1950-åra, for-talde at han og Johan var tidleg ute med å organisere arbeidsterapi for pasientane. Men han hadde problem med Johans leiarstil. Både kollegaene og psykologistudentane reagerte på Johans ironiske latter når nokon sa noko «dumt». Johan vart engasjert som tilsynslege ved Furukollen sjukeheim i Årnes gjennom meir enn eit tiår etter at han nådde aldersgrensa i 1978.

Kastratarbeidet

Helsedirektoratet gav Johan ideen til det andre store sosialpsykiatriske forskings-prosjektet: Å etterundersøke alle kastrerte i Noreg. Helsedirektoratet måtte ta standpunkt til alle søknader om «friviljug» kastrasjon og sakna analyse av resultata av dette ugjenkallelege inngrepet som vart brukt for å roe ned ei heller heterogen gruppe: valdtektsforbrytarar, fåvituge og schizofrene menn samt promiskuøse kvinner (fig 3). Han spora opp innpå 90 % av 244 kastrerte frå perioden 1935–49. Etter seks år vart resultatet avhandlinga Asexual-ization, publisert av Universitetsforlaget og av forlaget Macmillan, New York i 1958 (6). Den einaste stønaden til dette arbeidet eg har funni i Johans yrkeskarriere, er eit 1 1/2 månads arbeidsstipend våren 1952. Elles er alt utført medan han var i kliniske stillingar ved psykiatrisk klinikk og ved Gaustad sjukehus. Det vart ei omfattande framstilling av det heterogene klientellet, men hovudkonklusjonen var klår: Kastrasjon har tilsikta verknad berre hjå menn med seksuelle avvik. Han avdekka ein praksis som ikkje var akkurat smigrande for norsk medisin og jus.

Eg vart tidleg merksam på den internasjonale interessa for Johans skrifter. Når eg gjekk til det internasjonale citation index for å sjå kven som refererte til mine arbeid, fann eg alltid referansar til Johan. Arbeida hans blir refererte enno i dag, meir enn 40 år etter publiseringa.

Doktorgrad?

Eg har med stigande undring studert korleis Johans avhandling vart vurdert akademisk. I 1952 publiserte han ei førebels framstilling på norsk i Nordisk Tidsskrift for Kriminalvidenskab (7). I åra etter gjennomarbeidde han materialet og skreiv avhandlinga på 365 sider (6). Ørnulv Ødegård (1901–86) las det norske manuskriptet og kommenterte i eit notat til Johan: «Enkelte ting burde likefrem censureres litt før det trykkes på fremmed sprog, for ikke å kom-promittere fedrelandet for ille!» Den merknaden er interessant på bakgrunn av det som hende da Johan sende avhandlinga til Det medisinske fakultet i 1958 med søknad om å få forsvare henne for doktorgraden. Fakultetet nemnde opp Gabriel Langfeldt (1895–1983), Jens Dedichen (1906–85) og Ørnulv Ødegård til å døme om avhandlinga.

Ødegård konkluderte: «Jeg er […] ikke i tvil om at avhandlingen er verdig til å forsvares for den medisinske doktorgrad.» Gabriel Langfeldt, den gongen nestor i norsk psykiatri, skreiv m.a.: «Jeg finner innledningsvis å burde nevne at forfatteren i en større artikkel i Nordisk Tidsskrift for Kriminalvidenskab […] har behandlet det samme materialet som i den innsendte avhandling. Hovedkonklusjonene er der medtatt […]» (7). Han fann den førebels artikkelen på norsk tilstrekkeleg, jamvel når han visste at boka var komen ut på amerikansk forlag, etter internasjonal vurdering. Dedichen fylgde Langfeldt. Sofie hevda at Dedichen seinare trega på at han ikkje godkjende avhandlinga.

Forfattaren av denne artikkelen er ikkje psykiater og må i hovudsak bruke indirekte kriterium til å vurdere Johan som forskar, fyrst og fremst internasjonal referering og brev. Interessa for Johans avhandling kom fram i mange brev frå kollegaer i andre land. Eg har alt omtala interessa for Berlevågs-arbeidet frå gruppa bak The Stirling County Study (4). Sjølv hadde eg året før disputert på eit eksperimentelt arbeid, utført som student med rettleiing av eldre fors-karar, da eg vart vitne til dette nederlaget for Johan. Eg våga ikkje drøfte det med han. Men på 80-årsdagen hans 30 år seinare fortalde eg om samanblandinga av oss i citation index. Konklusjonen min var at Johan må ha laga Noregs mest internasjonalt siterte, forkasta doktorgrad. Klinisk forsking er vanskeleg og forsømd i norsk medisin. Det er langt mellom dei kliniske doktorgradane. Langfeldts behandling av Johan gjorde det ikkje lettare.

https://tidsskriftet.no/sites/default/files/styles/default_scaling_w1500/public/2003--L03-07-Pro-MH-Bremer-003.jpg

Figur 3 Tabell 2 (menn) og tabell 18 (kvinner) over legalt kastrerte i Noreg i perioden 1934–49 (6).

Akademisk karriere?

Johan fekk ikkje doktorgraden, men han vart beden om å ta eit dosentur for å vere med i universitetsundervisninga. Det tok han imot – inntil neste konfrontasjon med den akademiske psykiatrien. I 1971 søkte han eit professorat II ved Gaustad sjukehus. Den svensk-danske domsnemnda meinte: «Materialet i avhandlingen består dels av personer som kastrerasts på grunn av deras sexualdrift lett till brott eller svårt störande beteende, dels av lågtståande oligofrena og svårt defekta schizofrena. […] Hans framställing i arbetet tyngs av att han genomgående i diskussionen även tar opp dessa fall där indikasjonerna for kastrering enligt hans egen bedömning var tvivelaktiga eller direkt felaktiga.»

Johan fann kommentaren «besynderlig» og peika på at «det norske kastrasjonsmaterialet står i en særstilling p.g.a. mangfoldigheten […]» og at «det var disse forhold som kunne rettferdiggjøre en bred og detaljrik fremstilling […]». Det vart konflikt mellom Helsedirektoratets behov for ei brei vurdering av eigen praksis på den eine sida og akademiske, ideale krav om eit homogent materiale på den andre. Etter dette sa han frå seg dosenturet. I ein sjølvbiografisk skisse han skreiv i 70-årsalderen for familien, hadde han eit par beiske kommentarar til den behandlinga han fekk av sine akademiske kollegaer: «Innenfor dette åndsliv har det vært vanskelig for meg å finne fot-feste. Den smule videnskap jeg har drevet, har vært en hobby-virksomhet i ledige stunder, og uten nevneverdig støtte fra bevilgninger og fond. Jeg har aldri søkt støtte hos noen professor, men lagt i vei på egenhånd. Det har sannsynligvis vært dumt.»

Kanskje Johan skulle ha freista å disputere på Berlevågs-arbeidet. Det våga han nok ikkje, utan formell skolering i psykiatri som han var. Seinare arbeidde Johan både med det kliniske forløpet av sjalusiparanoia hjå kvinner og med depersonaliseringssyndromet. Han heldt kon-gressinnlegg om desse tilstandane og etterlot seg manuskript som ikkje ser ut til å vere publiserte. Han var også opptatt av den fantastiske rikdomsutviklinga han hadde gjennomlevd utan at det hadde slått ut i betre mental helse hjå folk flest. Dette drøfta han i bøkene sine (8, 9).

Rettspsykiateren

Johan vart spesialist i psykiatri i 1952 og i 1955 godkjend som fast rettspsykiatrisk sakkunnig. Også som rettspsykiater skulle Johan havne i konflikt. I 1964 vart han saman med kollegaen Jon Leikvam (1899–1998) oppnemd i ei sak der ein kvinneleg lege var tiltala for sjikane og forsøk på giftmord på ein kollega. Alf Nordhus (1919–97) var forsvarar. Johan og Leikvam kom til at den tiltala leid av ein «reaktiv psykose av paranoid karakter» og difor var sinnssjuk i lovens forstand.

Retten gjorde eit uvanleg vedtak. Juryen skulle døme om skuldspørsmålet før dei psykiatrisk sakkunnige skulle gje sine vitnemål. Juryen sa uventa nei til skuld i forsøk på giftmord, men ja til det mindre alvorlege «sjikane». Dette resultatet karakteriserte den tiltala som «justismord». Men det gjorde spørsmålet om sinnssjukdom bortimot irrelevant juridisk sett. Nordhus spurde om dei kunne endre konklusjonen om sinnssjukdom, men psykiaterane ville ikkje la forsvar og jury påverke den faglege vurderinga. Resultatet vart at lagretten truleg for fyrste gong i ei norsk rettssak sette til side ei erklæring om sinnssjukdom. Til da hadde alle, også juridisk ekspertise, rekna ein konklusjon om sinnssjukdom som reelt bindande for retten. No kom det fram at alle psykiatriske erklæringar i røynda berre er juridisk rådgjevande.

Det var mange etterspel i denne saka. Arbeiderbladet konkluderte at vanleg folkevett hadde vunni ei rettferdig sak mot psykiaterane. Høgsterett stadfesta domen. Det kom interpellasjon i Stortinget, og Michael Grundt Spang skreiv boka Den ukjente morder (10). Den boka blei inndratt etter ei ny rettssak om personvern.

I skrift (11) og foredrag peika Johan på det urimelege i at psykiatrisk sakkunnige må bruke upsykiatriske termini som mangelfullt utvikla eller varig svekka sjelsevner. I ein rådgjevande funksjon burde psykiatrien gje den tiltala ein medisinsk diagnose og prognose, og retten avgjere om diagnosen fell under dei rettslege omgrepa «sinnssjuk» eller «svekka sjelsevner». Gabriel Langfeldt uttrykte liknande syn på denne rettsterminologien som psykiateren har fått utlevert som ei tvangstrøye.

I foredraget drog Johan fram eit par døme frå litteraturhistoria: August Strindberg (1849–1912) prøvde ein gong å drukne kona si. Det lukkast ikkje, og det vart inga rettssak, for kona melde ikkje saka. Men det ville vere låtteleg om ein psykiatrisk observasjon av den sterkt labile og paranoide Strindberg skulle resultere i konklusjonen «mangelfullt utvikla sjelsevner». Stort betre var ikkje karakteristikken av Hamsun som ein mann med «varig svekka sjelsevner». Etter å ha lesi Hamsuns På gjengrodde stier, seier Johan: «På denne bakgrunn forbauser det meg ikke at folk flest er kommet i tvil om hvem det var som egentlig ble observert ved den berømte observasjonen – Hamsun eller psykiaterne. I allfall ble psykiaterne satt i gapestokken, og har siden blitt sittende der.» Johan ville ikkje oftare ta på seg oppdrag som sakkunnig i retten.

Veier og villspor i psykiatrien

Etter nådd aldersgrense i 1978 skreiv Johan Veier og villspor i psykiatrien (8) som kom i 1982. Der tok han eit oppgjer med det han såg som livsfjerne spekulasjonar og des-perat behandling av dei sinnssjuke langt inn i hans tid som psykiater. I Berlevåg-åra opplevde han at 25 % av folket hadde psykiske problem utan at han eller psykiatrien hadde metodar til å hjelpe dei. Han såg korleis «psykokirurgien» i desperasjon tydde til drastiske metodar som lobotomi og kastrasjon av schizofrene: «Småbarn får ikke skarpe gjenstander å leke med. Psykiatri på et utviklingsnivå antagelig tilsvarende småbarnstadiet burde sannsynligvis heller ikke leke med kniver og sak-ser.» Johan medverka aldri til lobotomi, ein operasjon som fekk prestisje da oppfinnaren, den portugisiske psykiateren Egas Moniz fekk nobelprisen i 1949. I Noreg vart om lag 2 500 lobotomerte. Johan kritiserte også kirurgisk skifte av kjønn (12).

Like kritisk var han til den politisk venstrefarga «antipsykiatrien», som såg schizofreni som eit sunt svar på eit sjukt samfunn, og psykofarmaka som middel til å undertrykkje slike «sunne» reaksjonar. Med si biologiske orientering hevda Johan at det finst biokjemiske forklåringar på dei alvorlege sinnssjukdomane som schizofreni og manisk-depressiv sinnssjukdom. Tvillingforsking og anna genetisk forsking har langt på veg gjevi han rett. Revolusjonen som kom i psykiatrien med psykofarmaka, opplevde han som parallell til verknaden av antibiotika på infeksjonssjukdomane. Han meinte at psykofarmaka har hjulpi mange pasientar attende til eit sosialt liv og slik fjerna overbelegget av pasientar i sinnssjukehusa.

Med si sosiale innstilling var han også kritisk til fordeling av prestisje i psykiater-lauget. «Øverst rangerer Modum bads ner-vesanatorium hvor man behandler nervøse innlagt etter eget ønske. Lavest befinner Reitgjerdet sykehus seg hvor man behand-ler kriminelle og andre brysomme sinnsyke.» For Johan var skandalen at styresmaktene lét seg presse til å leggje ned Reitgjerdet i staden for å ruste opp denne turvande institusjonen.

Litteratur og psykiatri

Som psykiater studerte Johan dei hyppige psykiatriske avvika hjå kunstnarar. Lyrikaren Gunvor Hofmo (1921–95) var pasient hjå Johan i mange år. Ho var ei av dei som psykofarmaka hjelpte til å flytte ut frå Gaustad. Johan brukte dikt av henne til å illustrere framandkjensle hjå sinnssjuke. Kona Sofie har fortalt om ein episode frå opphaldet hennar. Ein dag ville ho ikkje lenger gå til vevstova. Johan svara «Da får De finne på noe annet. Kan De begynne å dikte?» Nei, ho hadde ikkje nokon stad å sitje. «Det skal vi ordne. Jeg skal skaffe Dem et bord.» Det fekk ho i enden av korridoren. Etter det kom det nye diktsamlingar frå Gunvor Hofmo. Ho hadde vori taus i mange år. Episoden er med i Jan Erik Volds bok Mørkets sangerske (13).

Ein tidlegare pasient ved Gaustad var Amalie Skram (1846–1905). Johan studerte journalen hennar, forfattarskap og biografi. Han såg korleis depressive reaksjonar og eksaltert forrykt sjalusi var nøklar til hennar liv og romanfigurar – ikkje minst i romanane om dr. Hieronimus, alias Knud Pontoppidan (1853–1916). Han var psykiateren hennar ved eit asylopphald i København i 1894. Amalie Skrams sjølvmordstankar gjekk att hjå mange av romanfigurane, og Johan skreiv om Suicidmotivet i Amalie Skrams liv og diktning i 1990 (14). Da han døydde i 1993, etterlét han seg manuskriptet til En diktertragedie. En psykiatrisk patografi om Amalie Skram (9). Johan las henne på ein annan måte enn den vanlege, som ser henne som vår fyrste naturalist som skreiv sam-funnsreportasje om «usunt levede ekteskap» og (kvinne)frigjeringskamp mot autoritetar. Den lesemåten forklårar ikkje kvifor skildringane i Amalie Skrams romanar ofte slår over i det groteske. Johan får fram at Amalie Skrams svingande sinn og forrykte sjalusi avspeglar seg i forfattar-skapen og gjer ektemenn til erotiske uhyre og psykiateren Pontoppidan til ein maktsjuk tyrann. Edvard Beyer (1920–) såg det. Han har sagt at «Hieronimus er så uhyrlig at det faller vanskelig å tro på skikkelsen» (15). Pontoppidan som i røynda var ein reformator, var ein av psykiaterane som hamna i gapestokken.

Eg takkar Jan Bremer for utlån av Johan og Sofie Bremers etterlatte papir og Einar Kringlen, Nils Retterstøl og Per Sundby for konstruktiv kritikk.
1

Svane S. Sivile helse- og sosialarbeideres innsats i Sør-Varanger og Vadsø distrikter under den annen verdenskrig. Tidsskr Nor Lægeforen 1998; 118: 4687–90.

2

Bremer J. A social psychiatric investigation of a small community in northern Norway. Acta Psychiatr Neurol Scand 1951; 26 (suppl 62): 1–166.

3

Astrup C. The Berlevåg project from 1939 through 1976. Acta Psychiatr Scand 1989; 79 (suppl 348): 79–84.

4

Leighton AH. The Stirling County Study of psychiatric disorder and sociocultural economy. Bd. 1. New York: Basic Books, 1959.

5

Bremer K. Hafslo ikring år 1860. Leikanger: Historielaget for Sogn, 1952.

6

Bremer J. Asexualization: a follow-up study of 244 cases. Oslo: Universitetsforlaget, 1958.

7

Bremer J. Etterundersøkelser av legalt kastrerte personer i Norge i 15-årsperioden 1934 – 49. Nordisk Tidsskrift for Kriminalvidenskab 1953; 41: 201–30.

8

Bremer J. Veier og villspor i psykiatrien. Oslo: Cappelen, 1982.

9

Bremer J. En diktertragedie: en psykiatrisk patografi om Amalie Skram. Oslo: Solum, 1996.

10

Spang MG. Den ukjente morder: arsenikkmysteriet i Hamar. Oslo: Cappelen, 1965.

11

Bremer J. Sinnssykdom som medisinsk og strafferettslig begrep. Nordisk Tidsskrift for Kriminalvidenskab 1965; 54: 66–76.

12

Bremer J. Mutilerende behandling av transsek-sualisme? Tidsskr Nor Lægeforen 1961; 81: 921–3.

13

Vold JE. Mørkets sangerske: en bok om Gunvor Hofmo. Oslo: Gyldendal, 2000.

14

Bremer J. Suicidmotivet i Amalie Skrams liv og diktning. Tidsskr Nor Lægeforen 1990; 110: 3900–4.

15

Beyer E. Norges Litteraturhistorie. Bd. 3. Oslo: Cappelen, 1975: 503.

Kommentarer

(0)
Denne artikkelen ble publisert for mer enn 12 måneder siden, og vi har derfor stengt for nye kommentarer.

Anbefalte artikler

Annonse
Annonse