God påske!

Andreas Skartveit Om forfatteren
Artikkel

Vi er framleis regjerte av kyrkjeåret. Det er underleg, sekulariserte som vi er, og har vore lenge. For dei fleste av oss krinsar året kring tre sentra: jula, påsken og sommarferien.

Ja vel, ferie og fritid, det tek vi gjerne imot. Og når vi frå historia har arva to så lange helger som jula og påsken, så held vi gjerne fast på dei framleis. Nokså mange av oss, kanskje dei fleste, har jo kvitta oss med substansen i jule- og påskefeiringa, vi går ikkje til kyrkje eingong.

Det er ribbe og surkål, forretningsstanden og julenissen som held liv i jula, som det er fryseboksen, vinkassen og høgfjellet som held påsken ved like.

Ja, mon det? Er det så enkelt? Kan vi vere sikre på at vi forstår våre eigne handlingar, det vi driv med, også jul og påske? Dreg vi med oss ein substans vi ikkje ser? Når vi avskaffa den treeinige Gud, som mange av oss har gjort, oversåg vi då at det var lag under, lag på lag? Hadde desse to høgtidene kontakt med djupe strukturar i våre liv, sa dei noko om livets vilkår, som gjeld framleis, også etter at Faderen og Sonen er borte?

Er det Livet og Døden, krybba og grava, byrjinga og slutten, Alfa og Omega, det handlar om, det mysteriet at vi utan vår vilje blir fødde inn i verda i blod og smerte, før vi straks etterpå blir kalla tilbake til ingenting av Døden? Denne vår augneblink innom historia er våre livs mysterium.

Jula og påsken, det er fødsel og død, urforteljinga. Er det denne forteljinga som har slikt tak på oss at vi endrar livsførsel i dagevis, at vi går rundt eit bartre og syng underlege songar med eit fjernt innhald, i alle fall for oss som ikkje trur?

Og vi som ikkje trur har store problem med å forklare korleis desse to helgene kunne dominere tru og tanke som dei gjorde. Er Gud eliminert, må dette likevel forklarast. I alle fall då må det forklarast.

Desse to forteljingane, denne ugifte kvinna som fødde sin førstefødde i ein stall, så mykje elendigare kunne det ikkje bli, og denne stakkaren som vart krossfest blant røvarar, så mykje elendigare kunne ikkje det heller bli, dei har dominert, ikkje berre tru og tanke, men også kunsten i Europa i innpå to tusenår. Å fjerne desse forteljingane frå Europas historie er tankespinn. Og det er ikkje mykje til forteljingar når sant skal seiast.

No skal vi inn i påsken. Så får jula vere til ein annan gong.

For meg, ein ikkje-truande, er det to kunstverk som forklarer kva påsken handlar om, og som forklarer kvifor høgtida har overlevd sekulariseringa. Og det er dei to største kunstverk eg kjenner.

Det er for meg eit tankekors at dei to største kunstverka eg kjenner, begge handlar om Langfredag. Av Golgata, det forferdelege, har det vakraste stige fram.

Det er for det første Johann Sebastian Bachs Mattheuspasjonen. Det er etter mi meining det største musikkverk som er laga. Høgdepunktet for meg er Peters forræderi, det er så menneskeleg. Katastrofen er komplett, og han går ut og gret. Så kjem solisten: Erbarme dich! Før koralen løfter det heile og fører handlinga vidare. Det, Peters svik, er i alle fall ei elendig historie. Men det vart det vakraste stykke musikk som er laga.

Bachs pasjonar handlar om lidinga, menneskets grunnvilkår frå den første dag. Det første foreldreparet vi kjenner i vår historie, Adam og Eva, fekk oppleve det verste foreldre kan tenkje seg, at den eine sonen slo den andre i hel. Det var starten. Så mykje verre kunne det ikkje bli. Og sidan har det gått slag i slag, lidinga har vore ein trufast følgjesvein for mennesket. Historia handlar om det. Dagsrevyen også.

Og mitt andre kjæraste kunstverk: Michelangelos Pietà i Peterskyrkja i Roma. Her har Michelangelo hogge ut i marmor Maria som sit med den døde sonen sin på fanget. Han har gjort henne sterk og rank. Og ung. Det var ho no ikkje, ho må ha vore kring 50 år med eit hardt og slitsamt liv bak seg. Men ho er ung og sterk, vakker og trassig.

For meg vart ho og den døde sonen mange bibliotek med verdshistorie. Der og då vart det det verdshistoria handla om: Ei mor med ein død son på fanget. Slik har mødre alltid sitte. Og slik sit dei også i dag. Vi kan snakka om krig, naturkatastrofar, narkotika, kriminalitet, aids, det sit alltid ei mor med ein død son på fanget. Der og då vart ho hovudpersonen i historia. Det var det Michelangelo hogg inn i marmoret. Og ho var rak i ryggen og sterk i blikket.

Mi tru er at uansett kva vi kvar for oss går rundt og trur, så har vi aldri slept taket i det jula og påsken handlar om, og som har gitt dei den livskrafta dei har vist, ei forteljing om livets inngang og utgang, om lidinga derimellom.

Å handtere mysteriet med eigne tankar, er det få som maktar. Så tyr vi til historia, om vi veit det eller ei, om vi vedgår det eller ei. Johann Sebastian Bach og Michelangelo Bounarroti og nokre tusen andre bind oss fast til det farne som vi meiner vi har lagt bak oss.

Vi har nok ikkje det. Når livet ikkje blir til å bere, finst det ikkje betre hender enn deira å halde i.

God påske!

Anbefalte artikler