Ikkje sant om antioksidantar

Korrespondanser
    ()

    sporsmal_grey_rgb
    Artikkel

    I artikkelen til Atle Fretheim og medarbeidarar i Tidsskriftet nr. 23/2002 om førebyggjande tiltak mot høgt blodtrykk kan ein lese påstandar om at det ikkje er godt underbygd at antioksidantar har nokon nytte i førebygging av høgt blodtrykk (1).

    For å etterrøkje om påstandane var rette, søkte eg på databasen www.third-line.com og fann 170 artiklar om antioksidantar, mineral, vitamin og diettbehandling ved høgt blodtrykk. Av desse artiklane vart følgjande råd anmerka som «allment aksepterte gjennom kontrollerte forsøk på mennesker»: vegetarmat, høgfiberdiett, det å unngå sukker, alkohol, metta fett og koffein. Vidare synte tilskot av kalk, kalium og magnesium truverdige resultat om ein hadde manglar av desse stoffa. Andre aksepterte åtgjerder var Q10, taurin, tryptofan (det naturlege førstadiet til serotonin) vitamin C og omegafettsyrer.

    Ut over dette fann ein følgjande råd bygd på ukontrollerte forsøk på menneske, dvs. epidemiologiske studiar: selen, vitamin D, vitamin A. Ein må heller ikkje gløyme at nivåa av homocystein og metamalonsyre har meir å seie enn kolesterolverdiane, men at tiltaka mot desse ikkje vert støtta opp om av industrien, med unntak av ein norsk fabrikk, nemlig Nycomed som lagar Tre-be og Omega-Folat.

    Diverre inneheld Omega stundesvis ureinheiter frå PVC og liknande, så ein må velje leverandør med stor omhug.

    PDF
    Skriv ut
    Relaterte artikler

    Anbefalte artikler

    Laget av Ramsalt med Ramsalt Media