Etikk for allmennlegar

Artikkel

Dette er ei praksisnær innføringsbok i medisinsk etikk for allmennpraktiserande legar. Forfattarane er to erfarne britiske allmennpraktikarar som lenge har vore engasjert i vidare- og etterutdanning. Dei ønsker å presentere eit breitt utval av etiske utfordringar som dei vil belyse med kliniske eksempel utan at dei tar sikte på ei omfattande analyse av problemstillingane: ”explanatory rather than exploratory”.

Boka er bygd opp med 11 hovudkapittel, fire appendiks, ei kortfatta ordliste som definerer sentrale omgrep, ei litteraturliste for vidare lesing, samt ei stikkordliste. Dei fire appendiksa inneheld den hippokratiske legeeiden både i opprinneleg form og med ein moderne britisk versjon. Dessutan presenterast legens plikter slik dei er utforma av General Medical Council i England, og til slutt er Menneskerettane gjengitt.

Layouten er litt rotete. Teksten er hakka i småbitar med overskrifter og til dels underoverskrifter, og det er mange tabellar og tilleggstekstar ramma inn i firkantar, til dels med endra bakgrunnsfarge. Eg tykkjer også boka blir litt overflatisk og masete. Som allmennpraktikarar flest famnar dei breitt, men gir seg ikkje tid til å fordjupe seg i dei mest sentrale og interessante problemstillingane. Det blir for stor grad av oppramsing av eksempel; eksempel som ikkje alltid er like påtrengande og interessante. På teorisida saknar eg ein presentasjon av diskursetikken, ein variant av pliktetikken som etter mitt syn langt på vei reflekterer vanleg klinisk praksis i dag, og som etter kvart får større og større plass i moderne etiske lærebøker.

Når dette er sagt, vil eg likevel konkludere med at dette er ei bok det er verdt å lese. Den hamrar inn viktige hovudprinsipp og den viser klart at etisk refleksjon kjem ein ikkje unna om ein skal overleve som allmennlege. Spesielt i kapitlet Matters of the mind , om ulykkelege, misbrukande, nervesjuke, irrasjonelle og sjølvøydeleggjande pasientar er alle dei viktige, men ofte underkommuniserte, etiske utfordringane godt framstilt.

Vil ein utvikle seg fagleg, er det ikkje det dummaste ein gjer å lese denne boka.

John Nessa

Hjelmeland

Anbefalte artikler