God handbok frå Danmark

Artikkel

Boka er utgitt av Dansk Sygeplejeråd, med format og plastbind som vår Felleskatalog, men med tjukkare papir. Ho har liknande opplegg som den amerikanske Taber’s cyclopedic medical dictionary (1), dvs. ei blanding av korte oppslagsartiklar og lengre lærebokliknande stykke. Både Taber’s og denne boka er berekna på sjukepleiarar, men vil vera til nytte også for andre grupper.

Dei fleste oppslaga gir korte, gode forklaringar på medisinske uttrykk, ofte forsynte med etymologiske opplysningar. Uttrykk som dilatation, eksakt, ekstrem, persistere mv. kunne vore sløyfa, dei høyrer heime i vanlege rettskrivingsordbøker. Stort sett er utvalet av oppslagsord fornuftig, men mindre enn i ei vanleg medisinsk ordbok.

Tett i tett kjem det artiklar om dei viktigaste medisinske emne. Dei byggjer på stoff frå over 30 danske lærebøker. Artiklane er grundige og gode. For sjukdommar er behandlinga tatt med. Det vil krevja omfattande oppdateringar. Stilen kan vera litt omstendeleg. Somme lesarar vil ynskja ein kjappare tekst. Men sjukepleie- og medisinstudentar er best tente med forfattarens rolege framstillingsmåte.

Av musklar, nerver og årer er berre dei viktigaste lista opp. Det anatomiske namneverket er ikkje skifta til Terminologia Anatomica (T.A.) som gjeld frå 1998. Berre få medikament er tatt med.

Mange vanlege eponym, dvs. oppkallingsnamn som Münchausens syndrom, Prinzmetals angina, Stevens-Johnsens syndrom mv., er sløyfa. Forfattaren skal ha honnør for dette, for på Internett blir det ofte kollisjon mellom oppkallingsnamn og forfattarnamn for uvedkomande artiklar. Men eg forstår ikkje alltid kor tilstandane er å finna utan opkallingsnamn.

I boka ser du ord som kulilte (karbonmonoksid), brint (hydrogen), køn (kjønn), kæbeled (kjeveledd), osv. Ein bør vera litt god i dansk for å ha glede av henne. Stavemåten for medisinske uttrykk er ”fordansket” tilsvarande den fornorskinga som blir gjennomført her i landet, men danskane bruker c oftare enn oss – skriv for eksempel karcinom for karsinom.

Det er ei solid bok til bruk for fleire grupper i helsestellet.

Audun Øyri

Stavanger

Anbefalte artikler