Fastlegeordninga og det engelske føredømet

Arvid Vatle Om forfatteren
Artikkel

Då fastlegeordninga skulle innførast i landet vårt, vart mellom anna Storbritannia framstelt som eit føredøme på kor god ei slik ordning skulle vere.

Det undra meg heile tida at vyrde representantar for vår stand, president, professorar og slike som ville bli anten det eine eller det andre, var så ihuga for ordninga.

Men mange av oss hadde alt då høyrt om ”femminuttarskonsultasjonen” der borte. Er det ideologiske briller som har forvridd synet til dei såkalla leiarane våre?

Kvar morgon kl 6 – 9 plar eg bruke til studium, med klassisk musikk via Internett, mellom anna frå BBC 3, i bakgrunnen. Der har dei mellom anna kvar time ”a summary of the news”.

I dag, 28. februar 2002, vart det frå britisk regjeringshald sitert ei utsegn om at så få no ville bli general practitioners at sjukepleiarar til ein viss grad kom til å ta over denne rolla.

Kva ville eigentleg dei såkalla leiarane til den norske legestanden, dei som stridde så ihuga for å innføre denne ordninga i landet vårt?

Eg var mellom dei som sa nei ved avrøystinga, men som lojalt har ordna meg inn.

Kanskje er eg den einaste allmennpraktikaren i landet som brukar bortimot ein time per pasient.

Men er det for seint å snu? Det er i vårt land visstnok inga skam å snu på skituren når ein ser at det blæs opp til storm.

Kva med fastlegeordninga vår – er det altfor seint å snu? Eller skal vi fryse i hel i snø og kulde?

Lat dette vere noko å tyggje på for dei som er aktive i slike spørsmål i foreininga vår. Sjølv har eg aldri hatt anlegg for det.

Med lækjarhelsing (eg er enno ikkje blitt nurse practitioner)

Anbefalte artikler