PLA – ein metode for myndiggjering, deltaking og demokratisering

Artikkel

Måten denne boka er blitt til på, har fellestrekk med utviklinga av metoden ho handlar om.

I ein liten kommune i Nordland sat ein prosjektmedarbeidar som skulle koordinere offentleg og frivillig arbeid. Problemet var korleis ho skulle få til engasjement og utvikling i lokalsamfunnet.

Slik var óg problemstillinga for mange utviklingsarbeidarar i den tredje verda som ikkje nådde fram til dei trengande folkegruppene med ekspertstyrte utviklingsprosjekt. Dei utvikla difor teknikkar som inspirerte til deltaking og mobillisering av innbyggjarane sine eigne ressursar. Inspirert av Paolo Freire si bok Pedagogy of the oppressed og grunnleggjande tankar frå antropologi og aksjonsforsking utvikla dei ein metode basert på open og respektfull tilnærming til innbyggjarane. Dei sette krav om medverknad og deling av kunnskap og tolkingar begge vegar og kom fram til ei rekke teknikkar for visualisering av denne kunnskapen. Metoden blei til slutt kalla PLA, ”Participatory Learning and Action”. Omsider kom den óg til prosjektmedarbeidaren i Melbu i form av eit kurs. Teoriane fenga, og varsam utprøving saman med ein av medforfattarane blei sett i verk.

PLA-metoden passar godt for arbeid i tverrfaglege team, kvalitetssikringsarbeid, individuelle vegleiing og utarbeiding av individuelle rehabiliteringsplanar. Dette skal vere ei bruksbok, og ho er difor laga som ringperm.

Boka er pedagogisk delt inn i tre delar.

Første del tar føre seg teoretiske og praktiske sider ved PLA-metoden.

Del to gir oversikt over arbeidsteknikkane, medan del tre omhandlar røynsler med metoden. Ho er lettlest og illustrert med humoristiske teikningar.

Forfattarane har ei pretensiøs målsetijng om at det skal vere mogleg å starte bruk av metoden på eigen arbeidsstad med boka i hand, utan anna opplæring. Dette gjenstår likevel å sjå.

Eivind Vestbø

Finnøy legekontor

Anbefalte artikler