Menneskeskapt, ikkje objektivt

Artikkel

Dette er ei lita lærebok i samhandlingsteori for helse- og sosialfagstudentar. Boka er praksisnær og munnleg i stilen. Forfattarane, som begge er tilknytta Høgskolen i Lillehammer, henvender seg direkte til lesaren og bed han/henne lese kritisk, og dei relaterer sitt stoff til konkrete eksempel frå klientarbeid på sosialkontor.

Boka refererer til sosiologitradisjonen symbolsk interaksjonalisme. Stikkord er Georg Herbert Mead og Ervin Goffmann. Sjølv om forfattarane ikkje seier det like eksplisitt, byggjer den óg i høg grad på Jürgen Habermas sin sosialfilosofi, kommunikasjonsteori og diskursetikk. Eit sentralt poeng er at språklege symbol og omgrep er bindeledd mellom menneske. Den sosiale røynda er ikkje noko gitt ein gong for alle. Tvert om er det sosiale liv, den menneskelege sivilisasjonen generelt og vår velferdsstat spesielt, noko som blir skapt og omskapt heile tida som ein aktiv produksjon og fortolkning av språklege symbol. Menneskeskapt, ikkje objektivt naturgitt. Denne boka forklarer denne prosessen på enkelt vis, ved å reflektere over samtalens natur, ved å beskrive korleis byråkratiet fungerer og ved å innhaldsbestemme sentrale temaer som klientrolle, profesjonsrolle, avvik og makt.

Boka består av ti kapittel. Den har ei alfabetisk litteraturliste, stikkordliste, ei liste med ordforklaringar samt eit nokså umotivert vedlegg i form av innleiinga til Velferdsmeldinga til Stortinget 1994 – 95. Boka presenterer seg som ei lærebok som skal hjelpe studentane til å skjøne litt meir av den røynda dei skal arbeide med, inklusive seg sjølv og eigne haldningar og fordommar. Enkel forståing, ikkje avansert intellektuell akrobatikk er bokas erklærte føremål. Og som enkel innføring fungerer den greitt. Kjenner ein ikkje den kvalitative sosiologien og ikkje er van med å tenkje interaksjonelt, er dette ei bok å begynne med. Er ein sosialpolitisk analfabet, vil boka kunne hjelpe ein ut av uføret.

Men for mange lesarar vil den vere for enkel. Ein del sjølvsagt prat kunne vore utelatt. Enkelte sentrale poeng er det gjort for lite ut av. Habermas sin dialog/diskursetikk kunne forfattarane gitt større plass. Eg saknar stikkordet diskursetikk både i tekst og ordforklaring.

Boka er på nynorsk. Hadde ho vore på bokmål, ville eg ikkje ha kommentert det. Det er ei glede å konstatere at språket fungerer framifrå i boka. Forfattarane har både ein lett penn og ei god formidlingsevne. Ikkje minst merkjer ein ein fagleg glød og eit tiltalande engasjement på vegne av brukarane av velferdstenestene i boka.

John Nessa

Institutt for allmennmedisin

Universitetet i Bergen

Anbefalte artikler