H.O. Tungesvik svarer:

Hans Olav Tungesvik Om forfatteren
Artikkel

Det er fint at Øystein Aagenæs har lese innlegget mitt i Aftenposten og kommenterer dette. Hans kommentar gjeld imidlertid ein konklusjon som ikkje står i mitt innlegg.

Etter å ha gjentatt dei hovudpunkta i pasientens sjukehistorie som eg har tatt med frå den anonymiserte journalen, skriv Aagenæs: ”Tungesvik konkluderte med at behandlingen utvilsomt må betraktes som aktiv dødshjelp.”

Kor i artikkelen min står dette? Nei, kjære Aagenæs, det står ikkje i artikkelen i det heile. Konklusjonen overlet eg til lesaren. Det eg gjer, er å klårleggja premissene så tydeleg at konklusjonen Aagenæs seier eg har trekt, er svært nærliggjande. Kanskje til og med Aagenæs har trekt han sjølv?

Til slutt i innlegget sitt skriv Aagenæs at mitt innlegg før saka er avgjort juridisk, er ”meget betenkelig”.

Til dette er å seia: Eg samanliknar i mitt innlegg Bærum-saka med Sandsdalen-saka, der Sandsdalen som kjent vart dømd for aktiv dødshjelp. Eg stiller spørsmålet: Kva er skilnaden? Finst han i det heile? Det er det store spørsmålet.

Eg ser ikkje noko ”betenkelig” i å stilla desse spørsmåla før riksadvokaten har sagt sitt. Og dessutan: Også riksadvokaten er eit vanleg menneske, og han er ikkje lege.

Anbefalte artikler