Dr. Torgersen

Artikkel

Skal tru kor mange av primærlegane i norske bygdekommunar i dag som vil få sin eigen, rikt illustrerte biografi 30 år etter sin død?

Dette er historia om Oddmund Sigurd Lund Torgersen (1896 – 1972) som var distriktslege i Stranda på Sunnmøre frå 1924 til 1964. Tjue år etter at bygdefolket reiste ein minnestein over den avhaldne distriktslegen, har skodespelaren og forfattaren Bergljot Engeset portrettert denne mannen som i 40 år tente folket langs Storfjorden. Ein kortversjon finst i dette nummeret av Tidsskriftet (s. 3578 – 81).

Kor hardt legelivet kunne vere på dei kantar, fortel den første distriktslegen i Stranda, Einar Thesen (1847 – 1928), lakonisk om i Norges leger : ”Livet har ikke været anderledes end for distriktslæger i sjø- og fjelddistrikter i almindelighed, af og til udsigt til at drukne, af og til anledning til at slaa sig i hjell.”

Hagiografi er det greske namnet på ein helgenbiografi, og under lesinga kan tankane fleire gonger gå i den retninga. ”Rik på gods og pengar vart han ikkje i denne livsgjerninga,” heiter det. Men knapt nokon kan ha vorte rikare på takksame pasientar enn ”legen som alltid kom når han vart bodsend, som ikkje gjekk frå kontoret før alle som venta hadde fått hjelp”. Det er godt å kunne kalle dr. Torgersen kollega.

Boka skildrar dagleglivet for mange distriktslegar i ei tid som berre ligg nokre tiår tilbake, men som mangla vaktordningar, mobiltelefon og ambulansehelikopter. Dette er soga om kampen mot tuberkulosen, om mellomkrigstida og om farefulle båtreiser i ein av dei mest rastruga fjordane i landet. Det er óg soga om den verkelege fastlegen, og om tida då legen var ein naturleg kulturperson og ein autoritet i lokalsamfunnet. Men det er ikkje soga om ”dei gode, gamle dagar”. Det meste er blitt langt betre no, både for legar og pasientar. Forutan den lokale kulturen og samhaldet som prega norske bygder under og etter den andre verdskrigen, er det to viktige ting som er gått tapt med dr. Torgersen og generasjonen hans:

  • –  Kontinuiteten som gjorde det kliniske arbeidet enklare. Bergljot Engeset har rett når ho skriv: ”Ein lege med mangeårig fartstid i eit distrikt vart kjend med slekta og fekk godt innblikk i arv og sjukdomsdisposisjonar”.

  • –  Medisinalmeldingane som er kjelder til kunnskap både om lokal epidemiologi og allmenne samfunnshøve, og som ikkje vert skrivne lenger.

Dei saknast sårt – til liks med dr. Torgersen sjølv.

Magne Nylenna

Tidsskriftet

Anbefalte artikler