Jus og pasientautonomi

Artikkel

Det siste året har helsevesenet på vesentlege område fått eit nytt lovverk å forhalde seg til. Mellom anna har lov om legar forsvunne, og lov om helsepersonell samt lov om pasientrettar har komme i staden. Lovendringane får kanskje ikkje dei store konsekvensane over natta. Men enkelte sider ved det nye lovverket representerer ein ny tenkjemåte som både avspeglar og medverkar til grunnleggjande endringar i medisinsk praksis.

Å orientere seg i den nye røyndomen er vanskeleg. Difor er det kjærkome når det kjem seriøs kommentarlitteratur i tillegg til lovverket. Henriette Sinding Aasens bok er ei omfangsrik og godt gjennomarbeidd bok om juridiske rettar for pasientar ved medisinsk behandling. Boka er ei omarbeidd juridisk doktoravhandling, oppdatert etter at lova om pasientrettar og lova om helsepersonell vart vedtatt i juli 1999.

Emnet for boka er svært omfattande og rører ved kjernen ved klinisk verksemd: Kven skal bestemme kva? Korleis skal eit sterkt asymmetrisk forhold som lege-pasient-relasjonen balanserast slik at pasienten får den behandling han treng og har krav på? Korleis skal det nokså sjølvsagte rettslege utgangspunktet om respekt for andres fridom og fysiske integritet også gjelde når ein er pasient, og kanskje nettopp fordi ein er sjuk har vanskar med å realisere den fridomen som er så høgt verdsett i våre samfunn?

Det er ei konsistent og detaljert bok. Den fylgjer eit strengt oppbygd logisk resonnement. Sjølv om den er ei juridisk doktorgrad og står i ein juridisk fagtradisjon, er emneområdet medisinsk og problemstillingane lette å identifisere seg med. Hovudtyngda av arbeidet er helserettsleg, men forfattaren er nøye med å understreke at også den allmenne straffelov utgjer eit vesentleg fundament for å forstå krav om samtykke som er uttrykt i lov om pasientrettar. Basert på moderne autonomitenking vedkjenner forfattaren seg eit nokså reindyrka pasientperspektiv som gjer at ho i enkelte spørsmål går langt i å tildele pasienten formelle rettar det ikkje har vore tradisjon for i vårt land. Men ho får også godt fram det som etter mitt syn er nokså sjølvsagt, at pasientrettar medfører pasientplikter. På vegne av pasientane insisterer ho på at dei ikkje må nøye seg med å vere passive mottakarar, men må krevje sin plass og ta sitt ansvar som deltakande subjekt innanfor helsevesenet. Det er eit pluss ved boka at pasientperspektivet blir så godt ivareteke. Og det er befriande å lese ein jurist fortolke autonomiprinsippet i den moderne velferdsstat.

Boka er ingen sengelektyre. 23 kapittel oppdelt i seks hovudavsnitt på totalt innpå 700 tettpakka sider inviterer ikkje til rask gjennomlesing. Men den er lett å slå opp i, med ei fyldig innhaldsliste samt både litteratur- og stikkordliste. Den bør finne sin plass som ei lett tilgjengeleg bruksbok på kontoret til dei fleste av oss når til dømes 15-åringen dukkar opp for å søkje abort.

For det er ei nyttig bok. Av ein forfattar som både har eit klart resonnement, er god til å skrive og som plasserer seg i ein framtidsretta fagtradisjon.

John Nessa

Seksjon allmennmedisin

Institutt for samfunnsmedisinske fag

Universitetet i Bergen

Anbefalte artikler