Vulgært om pubes

Audun Øyri Om forfatteren
Artikkel

Meir eller mindre ”stygge” ord kallar filologane for vulgære. Ofte kjem dei ikkje med i ordbøkene. Eit ord som ”piss” står ikkje i Norsk Ordbok av Schjøtt (1). Kloke Ivar Aasen (2) hadde det med, og det står i Falk si etymologiske ordbok (3) der det italienske ”pisciare” er nemnt som opphavsord. Kluge si tyske etymologiske ordbok (4) seier at Luther brukte ordet fleire gonger i skriftene sine, og at det er ”ein Lautmalendes Wort der Ammensprache”. I nyare ordbøker er det sjølvsagt alltid med som oppslagsord.

For pubes er f.eks. ”dotten” eit vulgært, folkeleg namn. Det kan høyrast andre, skikkeleg stygge uttrykk. Ein kar ifrå Ognaheiå kom med eit namn som vart ei språkleg glede i alle fall for meg. Han har raudt hår, og vart ute for at dei erta han for dette på Handelslaget. ”Eg ska seia du he fine hårfarge,” sa butikkjenta. ”Å det æ ikkje rare fargen på hövehåret,” svara denne karen. ”Nei, då sko du sett pisseskjegget.”

I denne lynande replikken kom det eit folkeleg anatomisk uttrykk som sikkert er både korrekt, ekte og gammalt.

Anbefalte artikler