Sjukepleiens 2000-års manifest

Artikkel

Norsk Sykepleierforbund har gjennom forlaget Sykepleien gitt ut denne essaysamlinga. Ni forfattarar, fleire velkjende frå norsk helsedebatt, har frå kvar sin ståstad gitt analysar av utviklingstrekk og utfordringar for helsestellet nasjonalt og sjukepleia særs.

Norsk Sykepleierforbund ynskjer med dette å koma med innspel i debatten om mål og prioriteringar i helsestellet. Målgruppa er difor vid. Utanom helsearbeidarar vender tekstene seg mot ålmenta og politikarar særs. Boka er påkosta med vakkert, tjukt papir, luftig tekstplassering og ikkje minst vakre svart-kvitt-fotografi signert Morten Krogvold. Til saman framstår verket tiltalande.

Helse-Noreg vert gitt alvorleg diagnose og prognose. Ut frå demografiske data, sjukdomspanorama og sosiologi, vert det teikna eit bilete av formidable behov for sjukehusplassar til handsaming av stadig meir kompliserte tilstandar og til langtidspleie av kronisk sjuke som har overlevd akuttprosedyrar. Påstandar om helsestellet som eit ineffektivt, sjuskete vesen, i etisk forfall og utan mål for sin aktivitet vert framsette. Men det vert også nemnt at sjukepleie er eit verdfullt fag, ein aktivitet som kan påverka og hjelpa oss vidare gjennom sjukdom og plager. Ei gjennomgåing av sjukepleieforskinga si historie og nyare trendar vekslar med personlege erfaringar med prosjekt i sjukeheim og eldreomsorg. Dette er eit praktisk og handlingsretta intermesso som friskar opp og står til den meir historiske og ideologiske gjennomgåinga mot slutten.

Bileta plasserer sjukepleiaren ved pasienten, som støtte, som prosedyreutførar, som teknikar, som trøystar. Dei fyller boka med augneblinkar av glede, smerte, resignasjon, lengt. Lesaren oppfattar at alle desse møta kan fyllast med verdi og meining, med kvalitet og optimisme. Det trengst helsearbeidarar som kan både sjå og forstå.

På dei vel 100 sidene er det uråd å gi ein uttømande rapport og analyse av tilstanden i Helse-Noreg. Bokmeldaren saknar omtale av heimesjukepleie og sjukeheimsrøyndom utanom dei store byane.

Boka tek pulsen på tilstand og måldebatten i helsestellet og gjev såleis innføring i dei dilemma og val som ligg framom oss.

Aslak Bråtveit

Judaberg kommunale legekontor

Finnøy

Anbefalte artikler