Heilstøpte heimesider – notat frå eit levd liv

Artikkel

Eg har lese mykje i haust, mykje sjølv til garva bokmeldar å vere. Olav H. Hauge har eg kjent på eit vis sidan tidleg på 1970-talet, då eg var assistentlækjar på Røros og fekk boka Syn oss åkeren din av ei folkevisejente der. Då Hauge døydde i mai 1994, same året som far min og Rolf Jacobsen, vart det for meg tre store som gjekk bort.

  • Gamalapalen ligg nere

  • frukta er att

skreiv eg då, som eit minne. Og no er dagbøkene hans gjevne ut, som ei sann skattekiste for alt lesande folk, med kloke ord på kvar ei side.

Hauge sette sjølv denne sjangeren høgt og meinte då han las dagbøkene til Hulda Garborg at dagbøker og biografiar var det mest hugsame han kunne lese. Elles lika han no godt mykje av det han las, han var velviljug framfor kritisk, berre nokre få gonger sleng det rammande karakteristikkar av diktarbrør. Jau, las gjorde han alt fra han var gut, fyrst ymse fra folkeboksamlinga i Ulvik. Så fekk han nokre bøker på engelsk etter Edmund morbror som hadde budd i Amerika. Det var helst her han kom over dei djerve tankane til Ralph Waldo Emerson, og slik var han i gang med å setje seg inn i åndslivet. Tankane til Emerson og hans følgjesvein svensken Vilhelm Ekelund heldt seg framme i hugen hans så lenge han levde.

Einsemd og endring

Korleis ein ungdom frå Hardanger slik vart fanga inn og byrja å lese tunge klassikarar, endå til på engelsk, tysk og fransk, er uråd å seie. Kvifor blir vi som vi blir, kvar og ein av oss? Slekta skriv han elles lite om. Det verkar som han kjende seg utafor i bygda som ungdom, trøysta låg i bøkene. ”Mitt liv har vore ein skule i einsemd, han byrja tidleg. Kanskje nett difor har eg enno halde ut.” Slik skreiv han i 1966 då han var 57 år gamal. Lite visste han då om korleis livet framføre han kunne skifte.

Dei ytre omstende er elles kjende, Hauge gjekk i gartnarlære, midt på 1930-talet var han innlagd ved Valen sjukehus i meir enn tre år. I 1945 kom den fyrste diktsamlinga, nye bøker heldt fram å kome kvart femte år fram til 1971, så vart det meir arbeid med omsetjingar på 1970-talet. Etter 1980 kom det lite nytt, men han gav seg ikkje med å smide på dei tidlege dikta i fleire nye utgåver av Dikt i samling .

Dagbokskriving

Gjennom desse dagbøkene på rundt 3 800 sider vert vi betre kjende med mannen og diktaren, sjøl om han óg held unna sine inste og dyraste tankar. Kven veit, han må no ha tenkt at dei kunne verte lesne av andre og, om han ikkje nett tenkte dei skulle utgjevast. Det er mest uskjøneleg kor stødig og trufast han skreiv, gjennom mykje av 70 år.

Hovudtyngda fell på 1960- og 70-talet, vi får eit vakent og kvikt innsyn i det litterære livet i Noreg desse tiåra. Politisk låg Hauge godt over på venstresida, han var med i folkerørsla mot EEC i 1972 og stødde same sak i 1992.

Tilhøvet til kvinnfolk vart óg eit viktig tema. Sjølv om han er var med dette emnet, skin det både lengt og trå gjennom mykje av livet hans, han må liksom grunngjeva for seg sjølv at det går an å leve og skape noko som ungkar og, men lengten ligg der. Dermed vert det mest som eit eventyr korleis han slapp å halde fram som ungkar då han var 68 år og fekk leve resten av livet i lag med Bodil Cappelen. Breva dei imellom 1970 – 75 er i seg sjølve forvitneleg lesing. Det kan vere godt å sjå at det gjeng å leve etter vanleg pensjonsalder óg!

Olav H. Hauge (1908 – 94)

Språkmann

Språket er sjølvsagt av Hauge sine kjæraste emner. Han sette nynorsken høgt, Ivar Aasen og Arne Garborg var mellom hans menn. Slik det går fram av dei tidlege dikta hans, brukte Hauge eit gamalmodig nynorsk, med lite brukte vendingar og uttrykk. Han held seg mest til rettskrivinga frå 1917 og let ille om freistnadene på å svekke nynorsken, for Hauge var nynorsk norsk, mens bokmål var eit slags tillempa dansk språk.

Hauge har gode grunngjevingar for synet sitt, eg trur og det er eit rett syn med tanke på framtida.

Sjukdomsperiodar

For medisinarar knyt det seg likevel ei særskild interesse til Hauge sine sjukdomsperiodar, til korleis han sjølv såg på desse og til spørsmålet om det kan vere nokon samanheng mellom sjukdom og dei skapande prosessane hjå han.

Berre 18 år gamal vert han slege ut av ein nyresjukdom, med mange månaders sengelægje og lang tid før han er arbeidsfør att. I denne tida kjem ei mørkare tone til, sjølvkjensla var låg og tunglyndet var over han. ”Nei, kvi ikkje kverva?” skreiv han i 1927. Etter eksamen ved hagebruksskolen i 1934 vart han iallfall brått psykotisk, og drygt tre år på asyl følgde. Atterfall og innleggingar varte om lag eitt år 1945 – 46 og stuttare periodar i 1950, 1955 og i 1960 – 61.

Å freiste setja diagnose i ettertid er vel ikkje særleg naudsynt, han skriv i 1968 om seg sjølv at han er ”ein mann som i ung alder vart slegen av schizofreni, var utan forstand og tenkjeevne i samfulle fire år og som gong etter gong har hatt tilbakefall til åndsmyrkje”. Oftare og tidsnærare skriv han likevel om sjukeperiodane som ei slags upprykking til ein høgare tilstand som er dyrebar for han.

Til eksempel frå 1952: ”Dei tidene eg har vore sinnsjuk reknar eg ikkje med. Det er liksom krefter utum ein sjølv som då spelar inn, ein er i handi på dei. Kjem ein gjenom, so er det so, det gjeng blindt då, på eit anna plan. Og fysiske smerter er vel ikkje til, vanleg sjukdom ikkje heller. Eg vil ikkje bruka sjukdom um slike tilstandar, eg vil ikkje sjå på dei som folk flest gjer, men ta vanvit som den store nåde det er, og takka for det ein fekk sjå og høyra” (bd. 1, s. 341).

Berre eit par einstaka gonger kjem Hauge inn på tilhøva på asylet, oftare er han kritisk til den nye behandlinga med medikament som tek bort ”herlege syner og draumar” og gjer folk sløve.

Skriveintervall

Dei stundene Hauge er ”gal” skriv han ikkje i dagbøkene, og stort sett er det lite spor etter dei før og etter. Eg skal ikkje kunne seie kva som er årsak og verknad, det er i alle høve eit visst samanfall i tid mellom sjukdom og dikting, om ein ser på sjukehusopphald og diktutgjeving som begge lenge følgjer eit mønster med femårsbolkar imellom.

Nokre leietrådar kan ein og få i notat frå hausten 1965 då Hauge fekk attende syner og høyrde stemmer samstundes som han freista koma seg gjennom utan lækjarhjelp. Desse dagane skreiv han óg mange nye dikt. Året før kallar han sjukdomen sin for ”divine madness – eruptive brot av syner og ekstase”.

Sjølv nytta han nok lite av synene slik dei var i dikta hans, men han kjenner seg att i åndeverda til Wergeland og Aukrust og i Strindbergs Inferno . I 1961 skreiv han: ”Vekkja mi ånd vågar eg ikkje, ho bar meg frå jordi og inn i andre heimar.”

Såleis er det, di meir ein gjeng inn i ei sak, di meir spanande vert det. Å seie kva sjukdom er vert meir og meir umogeleg dess lenger ein freistar å vere lækjar. Dette er heller ikkje anna enn ein type innfallsvinkel til desse dagbøkene. Ein kunne med større rett trekkje fram Hauge som livskunstnar, hans smålåtne og nøkterne glede over dagleglivet som står att og lyser etter lesinga. Siste setninga, skrive sju dagar før han døydde er slik: ”Veret var strålande sol.”

Eit løft

Til ei slik bokmelding høyrer å seie takk til forlaget for det løftet utgjevinga har vore. Å la det digre materialet i hovudsak bli publisert uredigert var rett, så får kvar som les gjere sitt ut av det, anten han er lek eller lærd. Men så har nok og Hauge vore ein god mann for forlaget etter at han i 1987 gjekk over i deira stall då Noregs Boklag måtte leggje ned verksemda si.

Nokre prentefeil lyt ein full tåla, så mange er det ikkje. Eit personregister på nesten 200 sider verkar vere grundig utarbeidd. Eg trur no likevel at skaldevenen Egil (Skallagrimsson) er til stades oftare i bøkene enn den eine gongen som er notert i registeret. Sverre Tusvik frå Samlaget, som har hatt ansvaret for utgjevinga, har skrive eit lite forord, og professor i litteraturvitskap Atle Kittang, som kjende Hauge, har laga ei grei innleiing.

Dette stykket handlar om dagbøkene til Olav Håkonsson Hauge, likevel skal vi lata diktaren få det siste ordet, med eit dikt fra samlingen Dropar i austavind (1966).

  • SKJER

  • Det er mange skjer i sjøen.

  • Likevel vart det

  • eit skjer

  • som vart frelsa di.

Vilhelm Lund

Fylkestrygdekontoret i Oppland

Lillehammer

Anbefalte artikler