Frå Hansteen til Hanseid

Artikkel

Overskrifta er undertittelen på Slagstad si bok om utdannings- og kunnskapspolitikken i Noreg frå vi fekk vårt første universitet i 1811 til Mjøs-utvalet kom med si innstilling siste året. Slagstads historiske rekonstruksjon av utdanningspolitikken er gjennomført ”som et generøst, betingelsesløst oppdrag fra Mjøs-utvalget”, og er primært ei drøfting av brytningane mellom næringsliv, politikk og vitskap.

Første del av boka består av 13 kapittel om utdanning og universitet. Den andre delen er meir biografisk prega, og presenterer menn som til dømes Trygve Bull, Arne Næss, Hans Skjervheim og Sverre Fehn, alle omtala som ”dannelsesagenter”.

Christopher Hansteen var ein av dei første professorane ved Det kgl. Frederiks Universitet. Med ansvar mellom anna for den årlege norske almanakk frå 1815 til 1862 fekk han stor betydning for vår oppleving av tid og rom. Samtidig med Hansteen var medisinaren Fredrik Holst. Som professor i farmakologi og hygiene i over 40 år og som ein av hjernane bak bygginga av Rikshospitalet i 1826 hadde han ei liknande rolle for medisinen på 1800-talet som Karl Evang hadde i forrige århundre. Mot dette står Einar Hanseid. Han høyrer til det første kull av profesjonelle journalistar her til lands, uteksaminert frå Norsk Journalisthøgskole på 1960-talet. Sidan har han hatt ei dominerande rolle både i Dagbladet, VG og Aftenposten. Rune Slagstad presenterer han som representant for det nye kunnskapsregimet, det populistiske, medievridde, kommunikative kunnskapsregimet som vi anar konturane av i dag, og som Rune Slagstads eiga bok på mange vis er eit eksempel på.

For når ein les denne boka, er det naturleg å stille spørsmålet: Kva slags bok er dette? Er det ei historisk fagbok? Eller er det eit utdanningspolitisk debattinnlegg? Jo takk, det er begge delar. I form har den til dømes mange av fagbøkenes særtrekk, som notar og namneregister. Samstundes er den både subjektiv og polemisk, og manglar det objektivitets- og grundigheitsideal mange ville forvente.

Dette er rett og slett ei leseverdig bok med mange kreative og originale analysar av interesse for alle som er opptatt av historie og politikk. Det er ei annleis bok, skriven av ein svært kunnskapsrik og skrivefør forfattar som har noko vesentleg på hjarta, ein forfattar som engasjerer lesaren og bør få ein stor lesarkrins.

John Nessa

Institutt for samfunnsmedisinske fag

Universitetet i Bergen

Anbefalte artikler