Store kirurgar – små snitt

H. Michael Mayer, direktør ved den ortopediske ryggklinikken i München, har redigert denne boka og sjølv skrive fleire av kapitla. Medforfattarane er ortopedar og nevrokirurgar frå Tyskland, USA, Frankrike og Mexico. Dei vender seg til ryggkirurgar i alle land. Fyrst og fremst vil forfattarane fortelja om nyvinningar innan mikroskopiske og endoskopiske teknikkar gjennom dei siste to tiåra. Føremålet er å gjeve lesarane solid informasjon om dei ulike prosedyrane, mest om kirurgiske teknikkar, men óg om komplikasjonar og resultat. Alle kapitla vert avslutta med diskusjon og ei kritisk vurdering. Difor vert det i mindre grad ei oppskriftsbok. Illustrasjonane er instruktive om ein ser bort frå ein del operasjonsfoto av mindre god kvalitet.

I den fyrste bolken vert fleire tilgangar til columna omtalte. Redaktør Mayer og nevrokirurgen L. Papavero leverer i kvart sitt kapittel ei god og overlappande grunngjeving for meir systematisk bruk av mikroskop i spinalkirurgi.

Kapitla om cervikal columna omfattar vanleg fremre tilgang, fleire bakre tilgangar og dessutan transoral odontoidektomi. Sjølv for ein som har utført relativt mange cervikale prolapsoperasjonar, er det ei mengd fine detaljar og nyttige tips å finne. Anterolaterale tilgangar er ikkje nemnde. Eg saknar óg omtale av spinal navigasjon.

Det finst som kjent mange mogelege tilgangar til torakale prolapsar, eit teikn på at ingen av dei er ideelle. Mayer omtalar berre ein metode: mikrotilgang via torakotomi, og finn dei preliminære resultata lovande av di den postoperative morbiditeten ser ut til å vere mindre enn elles.

Etablerte lumbale teknikkar får grundig omtale. Men det er óg eit kapittel om minimalistisk tilnærming for dekompresjon i tilfelle med spinal stenose og recesstenose. Retroperitoneal og transperitoneal tilgang for fusjonsoperasjon får eigen omtale.

Bolken om endoskopiske tilgangar vil nok få mange norske lesarar til å sperra opp augo. Skoliosekirurgi vert så vidt omtalt som eit utviklingsområde, medan røynslene med endoskopiske tilgangar til torakolumbale knusningsfrakturar verkar meir solide. Elles er det eigne kapittel om ulike og dristige innfallsvinklar til lumbale prolapsar og instabilitet.

Boka viser at også lækjarar kan vere interesserte i kontinuerleg forbetring. Mayer og medforfattarar fortel om eit systematisk utviklingsarbeid der teknikkane i dag ikkje vert presenterte som ferdige fasitsvar, men som steg på vegen mot endå betre metodar. Såleis vert dette ei viktig bok for norske ryggkirurgar sidan den faglege utviklinga på området lenge har vore i spinklaste laget her hjå oss.

Haldor Slettebø

Nevrokirurgisk avdeling

Rikshospitalet

Kommentarer

(0)
Denne artikkelen ble publisert for mer enn 12 måneder siden, og vi har derfor stengt for nye kommentarer.

Anbefalte artikler