Fysisk aktivitet viktig i folkehelsearbeidet

Boka vender seg til personar med ansvar for folkehelsearbeid i kommunane: helsepersonell, medspelarar i andre etatar, administrasjon og politikarar. I innleiinga refererer forfattaren til erfaringar frå Fysak-Nordland, eit prosjekt vedteke av fylkestinget i 1995 for å stimulere til fysisk aktivitet i kommunane.

Hovudbodskapen i boka blir presentert i kapittel 1, blir utdjupa (og teke oppatt) frå ulike innfallsvinklar i dei seks følgjande kapitla, og så på ny oppsummert i avslutningskapitlet.

Forfattaren definerer folkehelsearbeid til å omfatte helsefremjande arbeid, sjukdomsførebyggjing og habilitering/rehabilitering. Det forfattaren vil meddele, kan i kortform summerast i to hovudpunkt:

1 Fysisk aktivitet bør (saman med kultur) vere hjørnestein i folkehelsearbeidet i kommunane. Det bør leggast til rettes for daglegaktivitetar som er lett tilgjengelege, overkommelege og tilpassa dei ulike målgruppene som barn, unge, yrkesaktive, eldre, kronisk sjuke og funksjonshemma.

2 Det kommunale folkehelsearbeidet bør forankrast i eit kommunalt folkehelseutval med representantar frå ulike etatar og frå frivillige organisasjonar. Helsetenesta bør ha den koordinerande rolla og sekretariatsfunksjonen. Engasjement frå legane si side er særleg viktig, om arbeidet skal lykkast.

Styrken ved boka er den smittande entusiasmen og den breie erfaringa som forfattaren framviser. Den svake sida er den ordrike, utflytande stilen med mange gjentakingar. Ein kritisk lesar med medisinsk-fagleg ballast kan nok også reagere på unyanserte generaliseringar og overforenklingar. Boka må ikkje lesast som ei helsefagleg lærebok, men som eit inspirasjonsskrift for aktivt folkehelsearbeid på grasrotplanet.

Med dei reservasjonane kan eg anbefale boka som utgangspunkt for tverrfaglege og fleirsektorielle drøftingar i kommunane, både om mosjonstilbod og meir generelt om folkehelseaktivitet i lokalmiljøet.

Kristian Hagestad

Fylkeslegen i Vest-Agder

Kristiansand

Kommentarer

(0)
Denne artikkelen ble publisert for mer enn 12 måneder siden, og vi har derfor stengt for nye kommentarer.

Anbefalte artikler