Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Legen og fysiologen Ernest Henry Starling

Dette er ein kort biografi over den kjende engelske legen og fysiologen Ernest Henry Starling. Boka er skriven av Jens H. Henriksen som er professor i klinisk fysiologi ved Hvidovre Hospital, Københavns Universitet. Forfattaren vender seg først og fremst til legar med interesse for fysiologi og medisinsk historie. Men forfattaren ønskjer også at alle med bakgrunn i fysiologi og biologi skal bli interessert i boka.

Boka er skriven med innleving. Vi får eit interessant innblikk i personen Starling, i tillegg til vitskapsmannen Starling. Vi får ein omtale av familien hans, ikkje minst får vi inntrykk av kor viktig støtta frå kona hans, Florence Amelia, var for han. Vi får eit interessant bilete av kollegaer og av dei vitskaplege omgivnadene i London i ein 30-årsperiode frå slutten av 1890-åra til slutten av 1920-åra. Starling arbeider det meste av tida si som fysiolog i London, først ved Guy’s Hospital, men frå 1899 til han døydde i 1927 var han professor i fysiologi ved University College London.

Alle medisinarar og fysiologar er velkjende med Starlings filtrasjonsteori frå like før århundreskiftet og Starlings hjartelov frå åra 1912 – 15. Begge oppdagingane viser fundamentalt viktige fysiologiske prinsipp som gjer Starling til ein av dei fremste fysiologane på 1900-talet. Mindre kjent er det at Starling og medarbeidarane hans dreiv framståande gastrointestinal forsking, og at Starling og Bayliss i 1902 oppdaga sekretin. Han og Bayliss gav ”this new regulatory principle, ”transported by the blood, the name ”hormone”” i 1905. I tillegg var Starling og medarbeidarane hans i 1912 – 14 nær ved å oppdage insulin, men dei stolte ikkje heilt på resultata sine (som viste seg å vere rette!). Det skulle gå nærare ti år før Banting og Best oppdage insulin i 1922.

Starling samarbeidde med i alle høve seks kollegaer som i tur og orden fekk sin nobelpris. Men Starling fekk aldri nobelprisen. Etter biografiforfattaren si meining er filtrasjonsteorien, oppdaginga av sekretin (og hormonprinsippet) og hjartelova kvar for seg grunnlag for ein nobelpris. Det er i ettertid lett å slutte seg til forfattaren sitt syn. Ei av årsakene til at Starling ikkje fekk nobelprisen, meiner forfattaren, kan vere at Starling var ein kontroversiell person, og at fleire av dei viktigaste oppdagingane hans stod i motstrid til den vanlege oppfatninga.

Forfattaren teiknar eit levande bilete av Ernest Henry Starling som ein uvanleg sterk person, nysgjerrig, aktiv, entusiastisk og med ein stor porsjon personleg sjarme. Han framstår som ein av dei fremste fysiologane vi har hatt.

Eg anbefaler biografien på det beste.

Ole Danbolt Mjøs

Tromsdalen

Kommentarer

(0)
Annonse
Annonse