Oppdraget vårt
Vi deltok på ein feiande flott opningsseremoni ved det nye senteret. Der var alt frå dueslepp til TV-overføring, militært musikkorps, og talar av diverse viktige personar. Franz heldt ein tale på norsk som Per tolka til kinesisk, og Chun Pel og Ms. Liu Jiarong var ikkje lite stolte over at den kom på Tibet TV News.
Bygningane var fine, men det mangla mykje på at senteret var i drift. Vi forstod at det var meininga å starte med døvearbeid i fyrste omgang. Det nesten alle var mest opptekne av, var å få mest mogeleg utstyr til senteret. Ei gjennomgåande haldning som frustrerte oss var ei urokkeleg tru på dyrt og statusgjevande utstyr. Den enkle rehabiliteringa som ikkje kostar pengar, er ikkje så interessant. Vi har vel ei reim av den huda her heime også, men dette blir ein tragedie i eit samfunn der dei aller fleste ikkje har pengar til å nyte godt av teknisk utstyr i det heile. Vi prøvde etter fattig evne å formidle vidare ideane bak CBR, community-based rehabilitation, innsats med små midlar og lite utstyr på lågast mogeleg nivå for å nå ut til fleire. Akkurat dette er nok både det vanskelegaste og viktigaste vi kan prøve å bidra med!
Svært oppmuntrande var besøket på Lhasa Handicap Handicraft School, eit senter for foreldrelause, funksjonshemma og gatebarn. Her får barna gå på skule, og lære handverk som kan gi dei eit livsgrunnlag. Det beste var at dei så langt vi forstod, ikkje blei plukka ut etter økonomisk evne, men etter behov. Dette senteret, som blir drive av ein buddhistisk munk, får støtte frå Norsk Folkehjelp.
Vi besøkte også Leger Uten Grenser i Lhasa. Dei driv eit rehabiliteringsarbeid spesielt for pasientar med ”big bone disease”, ein spesiell sjukdom som det er mykje av i Tibet. Leger Uten Grenser har vore til stades i Lhasa i ti år, som ein av få organisasjonar frå utlandet.
Helsevesenet i Tibet er konsentrert om sjukehusdrift, for det meste i Lhasa by. Allmennmedisin finst ikkje i det heile. Vi fekk omvisning på Peoples Hospital Number 1, ortopedisk avdeling. Der utførte dei vanlege ortopediske inngrep, hadde røntgenutstyr og det meste av nødvendig utstyr var tilgjengeleg, for den som kan betale! Det tragiske er at det store fleirtalet, og spesielt tibetanarane, aldri kan drøyme om å få tilgang til desse helsetenestene. På denne avdelinga var det ca. 30 senger, 14 legar, alle utdanna i Kina, og to sjukepleiarar. Utanfor sjukehusa var det ikkje ein einaste lege. Mange er blinde på grunn av katarakt, mange har tuberkulose og andre infeksjonssjukdomar. Nye lepratilfelle oppstår kvart år i enkelte distrikt. Alkoholmisbruk og fattigdom går hand i hand. Helseministeriet arbeider for å gjere noko med desse problema, men ressursane strekk ikkje til, kanskje fordi dei ressursane som finst blir brukte til å tene dei få, dei som kan betale. Det gjev ikkje status å arbeide med fattige og bønder utanfor byen. Legane skal også leve – og blir på ein måte også offer for eit system som ikkje maktar å vere til for folket.
Så reiste vi frå Lhasa, rike på inntrykk. Det som sat mest fast i meg etterpå, var biletet av ei fattig kone med eit lite barn på ryggen, begge så skitne at fargane på kleda ikkje kunne skiljast. Ho retta ut handa etter pengar, nokre slantar eg godt kunne hatt råd til å gje, men eg gjekk forbi.