20.09.2000:
Heilt utruleg! I strålande solskin kunne vi sjå toppane i Himalaya som steig opp frå skyteppet under som mektige isfjell. Turen frå Chengdu til Lhasa, det politiske og religiøse sentrum i Tibet, tok to og ein halv time i ein stor, ny Airbus 400. Alt tipp topp moderne, til og med med flycrash-film om bord! Likevel var det naturen under som fanga oss mest. Før hadde vi berre høyrt om ”verda sitt tak”, no såg vi det! Og vi, det var ein delegasjon med norske helsearbeidarar på veg til opninga av Lhasa Rehabilitation Centre. Leiar for gruppa var Franz Hintringer, overlege ved...