Global helse og menneskerettar

Iren H. Löhr Om forfatteren
Artikkel

Årets seminarkomité bestod av Thomas F. Næss Andresen, Asle B. Kjellsen, Hans Jørgens Stensvold og Marit Henriksen. Foto privat

Eit spennende seminartema og fire dyktige foredragshaldarar frå Noreg var årsaka til den store interessa. Seminaret var det fjerde i rekkja og vart halde i regi av ANSA-Tyskland, Norsk medisinstudentforening og studentpresten for Europa, i München 2.–4. juni.

Dei fire foredragshaldarane var Morten Rostrup, Leger Uten Grenser i Noreg, Erik Fosse med lang erfaring som kirurg i krigsområde, Vidar Helgesen fra Det Internasjonale Røde Kors og informasjonssjef for FN sitt utviklingsprogram Rolf Aspestrand. Dei greide å fengje forsamlinga om ulike sider ved global helse og menneskerettar. Morten Rostrup og Erik Fosse sine bilder og beretning frå feltarbeid mellom anna i Rwanda, Sør-Sudan, Libanon og Afghanistan vakte stor interesse.

Med tanke på at vi greidde å rive dei laus frå ein travel kvardag heime, for å bruke ei helg på oss her i München utan å tjene ei krone på det, lurte vi på kva som motiverte dei til å komme til eit slikt arrangement. Dei svarte alle fire at dei takka ja utan å nøle, og gav samstundes uttrykk for at det var lærerikt å få vere med på eit slikt seminar.

Helgesen tykte det var interessant å få høve til å snakke til ikkje-juristar om menneskerettar. Aspestrand fekk presisert at FN har mange jobbar til unge legar, og såg på det som si oppgåve å informere oss om det. Fosse svarte kort og greitt: – Eg elskar å få snakke om det eg interesserer meg for.

Det er ikkje tvil om at det var motivasjon nok til å vere med på å skape eit vellykka seminar. Det å sjå bilder av Erik Fosse utkledd som afghanar for å støtte den afghanske geriljaen med sin innsats som krigskirurg, gjorde inntrykk. Fosse meinte at han og Morten Rostrup utfylte kvarandre på ein bra måte. Han sjølv som kirurg og kritisk røyst til den politiske styringa av dei store hjelpeorganisasjonane, medan Rostrup er indremedisinar og representant for ei av verdas største hjelpeorganisasjonar. Rostrup såg det som sitt ansvar å møte opp og nytte seg av høvet til å rekruttere til Leger Uten Grenser.

Kor mange Morten Rostrup og dei andre greidde å rekruttere vil vel framtida vise. Etter seminaret var det ei handsopprekning på kor mange som kunne tenkje seg å gjere ein innsats innan utviklings- og krisehjelp ein gong i framtida. I alle fall 129 av dei 130 deltakarane strekte ei hand i veret. Med andre ord: All ros til dei fire særs kompetente, interessante og ikkje minst hyggelege gjestene som æra oss med eit besøk her i München. Tusen takk!

Anbefalte artikler